tirsdag, 22 januar 2013 01:08

Årsmelding 2012

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

Voss senioruniversitet

ÅRSMELDING 2012

1.         Organisasjon

Voss senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap av ikkje-yrkesaktive som gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ynskjer å setja seg inn i utvalde fag og emne – utan å ta sikte på å oppnå formell kompetanse (§ 1 i vedtektene).

Alle kan bli medlemer. Medlemskap føreset at semesteravgift er betalt.  Medlemene kjem så gratis inn på møta.  Ikkje-medlemer er og hjarteleg velkomne, og betalar då for kvart møte.

2.         Styre

Ved årsmøtet 1. februar 2012 la Einar Jåstad fram tilrådingane frå valnemnda:

 

Styreleiar:                     Jakob Hjeltnes                      1 år

Styremedlemer:            Bjarne  Melve                       ikkje på val

           ”                           Astrid Underdal                    2 år, ny

           ”                           Svanhild Prestegard            1 år, attval

           "                           Brynjulv Kvamme                  2 år, attval

 

Vararepresentantar:     Øyvind Helleland, Per Helleve, Tore Iversen og Gunnvor Børsheim

                                        Lindland. Alle nye. Valde for 1 år.

 

Revisor:                       Jørgen Rokne, attval.1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval. 1 år.

 

Valkomite (etter framlegg frå styret):  

Turid Nygaard, attval og Torstein Gunnarson, ny. Begge for 1 år.

Alle valde med akklamasjon.

 

 I møtet 08.02.2012 konstituerte styret seg slik:

Jakob Hjeltnes              leiar (vald av årsmøtet)

Astrid Underdal            nestleiar,

Svanhild Prestegard    kasserar,

Brynjulv Kvamme         sekretær

Bjarne Melve                styremedlem.

Vara (alfabetisk): Øyvind Helleland, Per Helleve, Tore Iversen og Gunnvor Børsheim Lindland.

 

I 10 møte (12 møte i 2011) har styret handsama 62 punkt på dagsorden.

Som før om åra har alle varafolk vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med innhenting og presentasjon av foredragshaldarar på lik line resten av styret . Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

Hovudsaker: Foredragshaldarar og tema, økonomi, opplegg av møte mv.

Jakob Hjeltnes deltok på samrådingsmøte for alle senioruniversiteta i Hordaland i regi av Årstad senioruniversitet i Bergen 21. mars 2012.

Heimesider for dei 17 senioruniversita i Hordaland er no å finne på www.senioruniversitetet.no.  Her vil ein følgjeleg finne styre, møteprogram, årsmelding og vedtekter også for Voss senioruniversitet.

 

3.         Møteaktivitet

Det har vore 11 medlemsmøte i 2012 (12 i 2011) i lokala til Park Hotel Vossevangen.

Vanleg møtedag er siste onsdag i månaden frå kl. 12.00 – 14.00 med foredrag, kaffipause, spørsmål/diskusjon.

Styret takkar hotellet for å ha lagt tilhøva godt til rette for medlemsmøta.

 

Foredragshaldarar

Vårsemester 

11.01.12: Journalist Astrid Gunnestad:           
"Megger og mennesker."

01.02.12: Lektor Stein-Gunnar Sommerset:    
"Konstantinopel - mellom aust og vest."

09.03.12: Professor Gunnar S. Eskeland, NHH: 
Hva har økonomi med miljø å gjøre?"

28.03.12: Geolog Øystein Jansen, UiB:           
Geologiens drama. Jordskjelv og vulkaner – fasinerende, men farlig.”

25.04.12: Professor i allmennmedisin Guri Rørtveit, UiB:        
"Om Samhandlingsreformen."

23.05.12: Samfunnsforskar og professor hev vore Ottar Brox:
"Er det for mange som tar høgre utdanning i Norge i dag?"

Haustsemester

29.08.12: Professor emeritus Atle Kittang, UiB:          
”Kva er poenget med diktekunst i vår tid?”

26.09.12: Professor emeritus Jostein Aarrestad, UiB:
"Eurokrisen - ser vi lysning?"

22.10.12: Professor Bodil Holst, UiB: 
"Hva er nanoteknologi, og hva kan den brukes til?"

21.11.12: Sigmund Midttun/Vidar Herre:        
”Soga om “Hordaland”- Europa si beste lokalavis 2012.“

12.12.12: Historikar og stipendiat Renate Lunde:        
"Ulike kvinneliv i Kairo i eit historisk og notidig perspektiv."

Dei 11  møta i 2012 (12 i 2011) har samla 972 tilhøyrarar (1504 i 2011), i snitt 89  per møte  (125 i 2011). 

Dei fleste tilhøyrarar er frå Voss, men det har også vore deltakarar frå nabokommunar.

Styret vil takka alle foredragshaldarane for positive haldningar til førespurnader, godt førebudde og fint gjennomførte foredrag!

4.         Økonomi

Medlemsavgift: kr 350 i vårsemesteret (53 betalande) og kr 350 i haustsemesteret (39 betalande).   Einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

Støtte

Vi takkar dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 500 pr. møte/foredragshaldar, Voss kommune:kr 5.000, Voss Sparebank:kr 5.000  og ”Hordaland”:kr 2.500.

 

Vidare takkar vi hjarteleg desse bedriftene for annonsestøtte: Amfi, Vekselbanken, Voss Sparebank, Vangen Elektriske A/S, Gangdal Rekneskap ANS,  Revisorgruppen Hordaland DA Elfag Mølster Installasjon a/s,  Loven, "Hordaland" og  Fabrikkutsalget JANUS.

 

Senioruniversitetet har hatt ein grei økonomi i 2012 (sjå rekneskapet).  Inntektene balanserar stort sett utlegga.  Gjennomsnittskostnad for reine møteutlegg har vore på 103 kr pr. tilhøyrar.

 

5.         Oppsummering

Styret er glad for frammøtet og positive tilbakemeldingar på foredraga.

Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og støtte dersom avgiftene skal kunna haldast om lag uendra.

Noverande opplegg for møta synest å fungera bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

 

 

Voss, den 21. januar 2013

 

Jakob Hjeltnes

 

 

Astrid Underdal (s), Svanhild Prestegard (s), Brynjulv Kvamme (s), Bjarne Melve (s)

 

 

Lest 4488 ganger Sist redigert mandag, 06 februar 2017 18:49
Mer i denne kategorien « Årsmelding 2011 Årsmelding 2013 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data