tirsdag, 24 januar 2012 22:26

Årsmelding 2011

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

 

Voss senioruniversitet

ÅRSMELDING 2011

1.         Organisasjonen

Voss senioruniversitet blei formelt stifta 25. januar 2006 (etter eit prøvemøte i desember 2005).  Voss senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap av ikkje-yrkesaktive som gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ynskjer å setja seg inn i utvalde fag og emne – utan å ta sikte på å oppnå formell kompetanse (§ 1 i vedtektene).

Alle kan bli medlemer. Medlemskap føreset at semesteravgift er betalt.  Medlemene kjem så gratis inn på møta.  Ikkje-medlemer er og hjarteleg velkomne, og betalar då for kvart møte.

2.         Styre 2011

Ved årsmøtet 26. januar 2011 la Einar Jåstad fram tilrådingane frå valnemnda:

Leiar:              Jakob Hjeltnes            attval, 1 år

 

Styremedl.:    Bjarne Melve               ny for 2 år

                     Sissel Solstad             ikkje på val                

         Svanhild Prestegard    ikkje på val    

                     Brynjulv Kvamme       ikkje på val

 

Vararepr.:        Jarl Atterås, attval, Torstein Gunnarson, ny, Astrid Underdal, attval, Johanna Mossige, attval. Alle for 1 år.

                                              

Revisor:          Jørgen Rokne, attval, vara: Åsta Marie Gjertsen, attval. Begge for 1 år.

Valkomite (framlegg frå styret): Turid Nygaard og Einar Jåstad, attval. Begge for 1 år.

Alle blei einstemmig valde.

I møte 14.02.2011 konstituerte styret seg slik:

Sissel Solstad, nestleiar, Svanhild Prestegard, kasserar, Brynjulv Kvamme, sekretær og Bjarne Melve, styremedlem.

I 10 møte i 2011 (9 møte i 2010) har styret handsama 62 punkt på dagsorden (70 i 2010). Som før om åra har alle varafolk vore innkalla til styremøta. Møtestaden har vore Vangen Cafe, og etter at kafeen blei nedlagt i november, Park Hotel Vossevangen.

 

Hovudsaker: Foredragshaldarar og tema, økonomi, opplegg av møte mv.

 

Jakob Hjeltnes og Brynjulv Kvamme deltok på samrådingsmøte for alle senioruniversiteta i Hordaland i regi av Arna senioruniversitet i Janusfabrikken på Espeland i Arna 21. mars 2011.

 

Heimesider for 17 senioruniversitet i Hordaland er no å finne på www.senioruniversitetet.no.  Her vil ein følgjeleg finne styret, møteprogram, årsmelding og vedtekter også for Voss senioruniversitet.

 

3.         Møteaktivitet

Det har vore 12 medlemsmøte i 2011 (11 i 2010). Elleve av møta har vore på Park Hotel Vossevangen og eitt i det nye "Kulturhuset".

 

Vanleg møtedag er siste onsdag i månaden frå kl. 12.00 – 14.00 med foredrag, kaffipause, spørsmål/diskusjon.

 

Aktiviteten har også i 2011 vore konsentrert om foredragsmøte, til vanleg eitt møte per månad utanom sommaren med ekstramøte i januar.

 

Styret takkar utleigarane som har lagt tilhøva godt til rette for medlemsmøta!

 

Foredragshaldarar m.v.

Vårsemester 

 10.01.11         Journalist Åshild Eskeland Ulstrup:  "Alder er ingen diagnose”

 26.01.11         Professor Einar Hope, NHH:           “Kraftforsyning og miljøomsyn”

 23.02.11         Psykolog Trond Haukedal:              “Motivasjon i kvardagen”

 30.03.11         Matekspert Gunnar Nagell Dahl:      “Vestnorsk mattradisjon no og i framtida”

 27.04.11         Professor Victor Norman, NHH:     “Kina-USA-Vestlandet” 

 25.05.11         Stipendiat Linda Elen Olsen, UiB:    “Vår nye digitale kvardag: Internett,

            Facebook, Twitter mv.”

Haustsemester                      

 31.08.11         Professor Ole Didrik Lærum:           "Kreftforskinga: Kvar står me og kvar går

                                                                                me?"

 28.09.11         Journalist Geir Helljesen, (NRK):      "Mennesker jeg møtte gjennom mer enn

           40 år i NRK."

 26.10.11         1.aman. Anne K. Bang, UiB:            "Hvor går Midtøsten?" 

 

02.11.11         1.aman. Anne K. Bang, UiB:              "Revolusjoner i Midtøsten - for hvem?"

 

23.11.11         Journalist Brita Blomquist:                "Gleden ved å reise".

 

05.12.11         Astrofysikar Pål Brekke:                   "En kosmisk reise fra det ytterste univers til

vår livgivende stjerne."

 

Dei 12 møta i 2011 har samla i alt 1504 tilhøyrarar (1222 i 2010) i snitt 125 pr. møte (111  i 2010). 

 

Dei fleste tilhøyrarne er frå Voss, men det har også vore deltakarar frå nabokommunar.

 

Styret vil takka alle foredragshaldarane for positive haldningar til førespurnader, godt førebudde og fint gjennomførte foredrag!

 

 

4.         Økonomi

Medlemsavgift: kr 300 i vårsemesteret (68 betalande) og kr 300 i haustsemesteret (67 betalande).   Einskildmøte: kr 90 både vår og haust.

 

Støtte

Vi takkar dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 500 pr. møte/foredragshaldar, Voss kommune: kr 5.000, Voss Sparebank: kr 5.000, ”Hordaland”: kr 2.500.

Vidare takkar vi hjarteleg desse bedriftene for annonsestøtte: Amfi, Vekselbanken, Voss Sparebank, XL-Bygg Tverberg & Sønner A/S, Coop Mega, BYGGER'N Seimen,

 ØKONOR og VISMA.

Rekneskap

Senioruniversitetet har hatt ein grei økonomi i 2011(sjå rekneskapet). Med fleire foredragshaldarar som trong overnatting, og auka foredragshonorar for alle, har utlegga auka noko dette året. Rekneskapen er gjort opp med eit underskot på vel 10.000 kr. Styret valde tidleg i året å ta dette underskotet frå kassa framfor å auke kontingent og inngangspengar.  I vårsemesteret har medlemene betalt kr 300 for 6 møter, det same i haustsemesteret.

Ikkje-medlemer har betalt kr 90 for både vår- og haustmøta. Rekneskapet viser likevel ein kapital på vel 30.000 kr.

Senioruniversitetet har hatt ein gjennomsnittskostnad for reine møteutlegg på kr 90 pr. tilhøyrar.

 

5.         Oppsummering

Styret er glad for det auka frammøtet og dei positive tilbakemeldingar på foredraga.

Det inspirerer til vidare arbeid.

Styret har drøfta tal møte og eventuelt andre aktivitetar, men så langt ynskjer styret å halda fram som no, med 11-12 møte i året. Noverande opplegg for møta synest også å fungera bra.  Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og støtte dersom avgiftene skal kunna haldast om lag på noverande nivå.

Voss, den 16 januar 2012

 

Jakob Hjeltnes

 

 

Sissel Solstad(s), Svanhild Prestegard(s), Brynjulv Kvamme (s), Bjarne Melve (s)

 

 

Lest 2728 ganger Sist redigert mandag, 06 februar 2017 18:49
Mer i denne kategorien Årsmelding 2012 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 11th. Designet av Ornell data