onsdag, 29 desember 2010 21:06

Vedtekter

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

§1 Føremål

Voss senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap av ikkje-yrkesaktive, som gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ynskjer å setja seg inn i utvalde fag og emne – utan sikte på å oppnå formell kompetanse.

§2 Medlemskap

Medlemskap er ope for alle, men føreset at semesteravgift, fastsett av årsmøtet er betalt.

 

§3 Styret
Styret består av leiar og 4 styremedlemer som alle vert valde av årsmøtet. Leiar vert vald ved særskilt val for eitt år om gongen. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, men slik at 2 er på val kvart år. Korkje leiar eller styremedlemer skal sitja i meir enn 6 år samanhengjande. Det vert ført styrereferat.. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Voss senioruniversitet er bunde ved underskrift av leiar og/eller den som styret gir slik mynde.

 

§4 Årsmøtet
Årsmøtet er Voss senioruniversitet sitt øvste organ. Det skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av februar. Innkallinga til årsmøtet skal gjerast kjent ved særskilt innkalling minst 2 veker før årsmøtet. Dagsorden og sakspapir skal vera tilgjengeleg for medlemene seinast 1 veke før årsmøtet. Årsmøtet skal behandla årsmelding og revidert rekneskap for føregåande år, vedta semesteravgift og budsjett for inneverande år, og føreta val av styre, revisor og valkomité på 2 medlemer. Styret legg fram forslag på valkomité. Årsmøtet skal også behandla andre saker som styret legg fram. Kjem det fleire forslag i same sak, skal det røystast skriftleg. Ved likt stemmetal avgjer ein saka ved loddtrekning. Medlemer som vil ha saker behandla av årsmøtet, må fremja desse for styret innan 2 veker før årsmøtet. Årsmøtet kan gjera vedtak når minst 10% av medlemene er til stades. Valkomitéen si innstilling må liggja føre 1 veke før årsmøtet. Medlemene kan koma med forslag til valkomitéen, og innan 4 veker før årsmøtet.. . Ekstraordinært årsmøte kan haldast dersom styret krev det, eller når minst 10% av medlemene skriftleg krev det. Ekstraordinært årsmøte vert gjort kjent på same måte som ordinært årsmøte.

 

§5 Vedtektsendringar
Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemene.

 

§6 Oppløysing
På ordinært eller ekstraordinært årsmøte kan det med 2/3 fleirtal vedtakast at Voss senioruniversitet skal oppløysast. På same møtet vert det teke avgjerd om korleis eventuelle midlar skal disponerast.

Vedtatt i stiftingsmøte 24.01.06, med einskilde endringar i årsmøte 30.01. 2008.

 
Lest 2854 ganger Sist redigert torsdag, 27 november 2014 15:38
Mer i denne kategorien « Styret 2016 Informasjon »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data