torsdag, 01 februar 2018 19:48

Protokoll frå årsmøtet 31.01.2018

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Voss senioruniversitet

Protokoll frå årsmøte 31. januar 2018

Stad: Park Hotel Vossevangen i etterkant av ordinært møte.

24 medlemer var til stades.

Årsmøtet vart gjort kjent på møtet 10. januar 2017 og vart lyst i "Hordaland" den 11. og 27. januar 2018.

Sakliste for årsmøtet, årsmelding for 2017, rekneskap for 2017 og budsjett for 2018 var delt ut.

1. Konstituering:

Innkalling og saksliste vart godkjent.

Gunnvor Børsheim Lindland vart vald til møteleiar og Ola Folkestad til referent.

Jacob Hjeltnes og Pus Gravning vart valde til å skrive under protokollen

2. Årsmelding 2017

Styreleiar Gunnvor Børsheim Lindland gjennomgjekk årsmeldinga avsnitt for avsnitt. Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3. Rekneskap 2017

Kasserar Asle Nesheim la fram styret sitt framlegg til rekneskapen. Han gav nokre utfyllande opplysningar, m.a. at tilskota frå kommunen både for 2016 og 2017 vart utbetalte i 2017 og ført på rekneskapen for dette året.

Rekneskapen vart godkjend.

4. Budsjett 2018

Kasserar Asle Nesheim la fram styret sitt forslag til budsjett.

Framlegg frå styret:

Styret har fullmakt til å fastsetja kontingent og møteavgifter.

Etter at nokre spørsmål vart avklarte, vart styret sitt framlegg til budsjettet for 2018 godkjent.

5. Eventuelle framlegg

Ingen framlegg var komne inn.

6. Val

Bjynjulv Kvamme la fram tilrådingane frå valnemnda:

Styreleiar:                   Gunnvor Børsheim Lindland attval for 1 år

Styremedlemer:          Asle Nesheim                        Ikkje på val

«                     Øyvind Helleland                   ikkje på vall

Richard Jacobsen                 Vald for 2 år

Laila Rynning Veum              Vald for 2 år

Vararepresentantar (alfabetisk) Britt Trefall Hernes, Anne Helene Skorve, Christian Stephansen, Øivind Teigen, Alle vald for 1 år.

Einstemmig valde.

Revisor: Jørgen Rokne, Vara: Asta-Marie Gjertsen, begge attvald for 1 år.

Einstemmig valde.

Valkomite (etter framlegg frå styret): Inger Selin Hansen og Ola Folkestad, begge valde for 1 år.

Einstemmig valde.

7. Drøfting av arbeidet framover

Det framkom tilslutnad til styret sitt ynskje om at resterande møte for 2018 vert lagde til Vossasalen.

Det framkom ei oppmoding til styret om å vurdere om det kunne vere aktuelt å ta initiativet til ei betre oversikt over dei ulike aktivitetane for seniorar i kommunen.

Det framkom også eit syn på at kommunen burde dekke betalinga for møtelokal (eventuelt deler av denne). Eventult at kommunen på annan måte burde dekke ein større del av kostnadane med drifta av senioruniversitetet (og andre tilsvarande lag/aktivitetar).

Styreleiar takka på vegne av styret for frammøtet.

Styreleiaren takka dei som gjekk ut av styret og overrekte blomar til dei.

Møtet sett kl 14.00 slutt kl 15.00

Voss, den 31. januar 2018

Referent: Ola Folkestad

Protokollen er godkjend:

Voss, den 01. februar 2018                                       Voss, den 01. februar 2018

……………………….………                                    ………………………………..

Jacob Hjeltnes                                                           Pus Gravning

 

Lest 97 ganger Sist redigert torsdag, 01 februar 2018 20:46
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data