torsdag, 01 februar 2018 19:35

Årsmelding for 2017.

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Voss senioruniversitet

 

ÅRSMELDING 2017

 

1.         Organisasjon

 

I tråd med vedtektene har styret hatt som mål å få godt kvalifiserte fagfolk til å presentere tema frå sine kunnskapsområde eller å setja søkelys på aktuelle spørsmål.

 På internett, www.senioruniversitetet.no - under Voss - vil ein finne oversikt over styret, møteprogram, årsmeldingar og vedtekter for Voss senioruniversitet.

 

2.         Styre

 Ved årsmøtet 25. januar 2017 førelåg slik tilråding frå valnemnda:

 Styreleiar:                    Gunnvor Børsheim Lindland               attval, 1 år

 Styremedlem               Øyvind Helleland                                 attval. 2 år

             "                       Asle Nesheim                                      attval, 2 år

             "                       Johanna Taule                                    ikkje på val

             "                       Ola Folkestad                                      ikkje på val

 

Vararepresentantar (alfabetisk): Inger Selin Hansen attval, Richard J Jacobsen attval, Liv Reidunn Mølster attval, Laila Rynning Veum ny: Alle valde for 1 år.

 Revisor; Jørgen Rokne, attval, 1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval, 1 år.

 Begge vart einstemmig valde.

 

Frå styret førelåg slik tilråding til valnemnd: Bjarne Melve, attval. Brynjulv Kvamme, ny. Begge for 1 år.

 Begge vart einstemmig valde.

 

I møte 13.02.2017 konstituerte styret seg slik:

 Gunnvor Børsheim Lindland               leiar (vald på årsmøtet 25.01.2017)

 Øyvind Helleland                                 nestleiar

 Asle Nesheim                                     kasserar

 Ola Folkestad                                      sekretær

 Johanna Taule                                    styremedlem

 Vara: (alfabetisk) Inger Selin Hansen, Richard J. Jacobsen, Liv Reidunn Mølster, Laila Rynning Veum

 

Styret har halde 10 møte, mot 9 i 2016. Styreprotokollen viser 71 punkt. Hovudsaker: Foredragshaldarar, økonomi, drøfting av tema, arbeidsfordeling mellom styremedlemene.

 Varafolk har vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med framlegg av tema, kontakt og presentasjon av foredragshaldarar på lik line med resten av styret. Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

 Laila Rynning Veum møtte som representant for styret på årsmøtet i Folkeakademiet i februar.

 

3.         Møteaktivitet

 I 2017 hadde vi 11 møte, det same som i 2016. Alle møta har vore i Vossasalen på Park Hotel. Vossevangen. Styret er svært nøgd med bruk av Vossasalen og har fått berre positiv respons på dette. Vanleg møtedag har vore siste onsdag i månaden, men med tilpassing i januar, mai, november og desember. Styret hadde planlagt, og avtalt datoar for 5 møte i haustsemesteret. Men ein foredragshaldar melde avbod utan at det var mogleg å skaffe erstattar. Ein anna foredragshaldar melde avbod på den avtalte datoen. Men ved å få inn ein ny foredragshaldar (som lenge hadde stått på styret si ynskjeliste) og ved hjelp av rokkering med annan foredragshaldar og datoar vart likevel 5 foredrag gjennomførte. Haustsemesteret vart såleis noko utfordrande for styret. Men styret er likevel svært nøgd med den samla møteaktiviteten og gjennomføringa av denne.

Hotellet har vore svært hjelpsame med å tilrettelegge for møta, dette både med omsyn til teknisk avvikling og servering. Styret rettar takk til hotellet for god hjelp.

 

 

       

Deltok

1

11.01.2017

Avdelingsoverlege Tor Nedrebø, Voss sjukehus

"Om kirurgi i Malawi"

148

2

25.01.2017

Professor emeritus Gunnar Skirbekk, UiB

Den norske velferdsstaten - føresetnader og utfordringer

142

3

22.02.2017

Ministerråd ved ambassaden i Moskva, Olav Nils Thue

"Russland og Noreg"

166

4

29.03.2017

Statsmeteorolog John Smits

"Ekstremver"

170

5

26.04.2017

Kunsthistorikar ved Kode Tove Kårstad Haugsbø

”Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv.”

109

6

10.05.2017

Professor emeritus UiB  Egil Lillestøl

”Korleis og når oppstod livet på jorda?”

105

7

27.09.2017

Botanikar Sigmund Spjelkavik

"Natur og kultur på Svalbard"

86

8

25.10.2017

Postdoktor Hilmar Langhelle Mjelde

"USA med Trump"

156

9

08.11.2017

Husdokter og stibyggjar Geirr Vetti

"Fjellgarden Skåri. Sherpaer i Noreg og Nepal"

208

10

22.11.2017

Førstelektor Åsta Birkeland

""Små keisarar" eller verdensborgarar? Danningsideal i kinesiske barnehagar"

73

11

06.12.2017

Kulturvitar Angunn Sønnesyn Olsen

Mange gode skattar hev eg drege fram frå desse bygdene." Olav Sande si folketonesamling frå Vossebygdene i notidsperspektiv"

62

     

Til saman

1425

 Det har i gjennomsnitt vore 130 pr møte. (Tilsvarande for 2016: 114, for 2015: 117, og for 2014: 95)

 Styret vil takke alle foredragshaldarane for godt førebudde og fint gjennomførte foredrag.

 

4.            Økonomi

 Medlemsavgifta for dette året har vore kr 350 i vårhalvåret (55 betalande) og kr 350 i hausthalvåret (30 betalande). Betaling for einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

 Støtte

 Styret takkar alle som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 7.700 , Voss kommune (kulturmidlar): kr 13.000 (reelt 5.000 for 2016 og 8.000 for 2017) og Voss Sparebank: kr 5.000.

 Dessutan takk til ”Hordaland” for trykking av programhefte og medlemskort vår og haust.

 Vidare takkar styret desse bedriftene for annonsestøtte:

 Voss Sparebank (to gonger), Vekselbanken (to gonger), Jordalen Entreprenør AS, Accontor, Spilde Entreprenør AS, Jæger Bil AS, Vangen elektriske AS, O.L. KYTHE A/S, Mølster Installasjon AS.

Sjølv om oppsparte midlar har gått noko ned, har økonomien, alt i alt, vore tilfredsstillande i 2017.

 

5.         Oppsummering

 

  • Styret er godt nøgd med bra frammøte og positive tilbakemeldingar på foredraga.

  • Gjeldande opplegg for møta synest å fungere bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

  • Styret ynskjer å halde fram med å ha møta i Vossasalen.

  • Det er pårekneleg at vi i 2018 må auke betalinga til foredragshaldarane noko.

  • Styret tilrår at prisane på både årskorta og einskildbillettane vert uendra i 2018.

  • Om møta skal kunne haldast i Vossasalen, slik styret ynskjer, og møteaktiviteten og prisane skal kunne haldast på noverande nivå, så krev dette aktiv jobbing med annonsesponsorar og anna støtte. På noko lenger sikt må det vurderast om prisane bør eller må aukast.

 

Voss, den 22. januar 2018

 

 Gunnvor Børsheim Lindland (s)                     Ola Folkestad (s)                    Asle Nesheim (s)

                                     Øyvind Helleland (s)                           Johanna Taule (s)

 

 

 

 

 

Lest 537 ganger Sist redigert torsdag, 01 februar 2018 23:22
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data