onsdag, 15 februar 2017 09:57

Protokoll frå årsmøtet 25. januar 2017.

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Voss senioruniversitet

Protokoll frå årsmøte 25. januar 2017

Stad: Park Hotel Vossevangen i etterkant av ordinært møte.

18 medlemer var til stades.

Årsmøtet vart gjort kjent på møtet 11. januar 2017 og vart lyst i "Hordaland" den 14. og 21. januar 2017

Sakliste for årsmøtet, årsmelding for 2016, rekneskap for 2016 og budsjett for 2017 var delt ut.

1. Konstituering:

Innkalling og saksliste vart godkjent.

Gunnvor Børsheim Lindland vart vald til møteleiar og Ola Folkestad til referent.

Tone Finne og Kristian Østrem vart valde til å skrive under protokollen.

2. Årsmelding 2016

Styreleiar Gunnvor Børsheim Lindland gjennomgjekk årsmeldinga avsnitt for avsnitt. Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3. Rekneskap 2016

Kasserar Asle Nesheim la fram styret sitt framlegg til rekneskapen. Han gav nokre utfyllande opplysningar, ma at underskotet som kom fram skuldast ei forseinking av tilskotet frå kommunen ved årsskiftet. Det vert synleg i rekneskapen for 2017.  

Rekneskapen vart godkjend.

4. Eventuelle framlegg

Ingen framlegg var komne inn.

5. Budsjett 2017

Kasserar Asle Nesheim la fram styret sitt forslag til budsjett for 2017.

Framlegg frå styret:

Styret har fullmakt til å fastsetja kontingent og møteavgifter.

Etter at nokre spørsmål kring evt. auke av kontingent og møteavgifter, var avklarte, vart styret sitt framlegg til budsjettet for 2017 godkjent.

6. Val

Bjarne Melve la fram tilrådingane frå valnemnda:

Styreleiar:                   Gunnvor Børsheim Lindland attval for 1 år

Styremedlemer:          Asle Nesheim                        attvald for 2 år

«                     Øyvind Helleland                   attvald for 2 årl

            «                      Johanna Taule                                   ikkje på val

            «                      Ola Folkestad                        ikkje på val

Vararepresentantar (alfabetisk): Inger Selin Hansen, Richard J. Jacobsen, Liv Reidunn Mølster, Laila Rynning Veum, Alle attvald for 1 år.

Einstemmig vald.

Revisor: Jørgen Rokne, Vara: Asta-Marie Gjertsen, begge attvald for 1 år.

Einstemmig vald.

Valkomite (etter framlegg frå styret): Bjarne Melve og Brynjulv Kvamme, begge attvald for 1 år.

Einstemmig vald.

7. Drøfting av arbeidet framover

Det framkom eit ynskje om at resterande møte for våren 2017 vert lagde til Vossasalen. Den fungerar betre når frammøtet er så stort som no. Styret evaluerer deretter dei økonomiske fylgjene av dette og om møta til hausten også primært bør haldast i Vossasalen.

Styreleiar takka på vegne av styret for frammøtet.

Møtet sett kl 14.15, slutt kl 15.00

Voss, den 25. januar 2016

Referent: Ola Folkestad

Protokollen er godkjend:

Voss, den 29- januar 2017                                       Voss, den 30. januar 2017

……………………….………                                    ………………………………..

Tone Finne                                                                 Kristian Østrem

 

Lest 370 ganger Sist redigert onsdag, 15 februar 2017 10:55
Mer i denne kategorien « Styret 2017 PROGRAM - VÅREN 2017 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data