mandag, 06 februar 2017 10:19

Årsmelding 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Voss senioruniversitet

ÅRSMELDING 2016

1.         Organisasjon

I tråd med vedtektene har styret hatt som mål å få godt kvalifiserte fagfolk til å presentere tema frå sine kunnskapsområde eller å setja søkelys på aktuelle spørsmål.

På internett, www.senioruniversitetet.no - under Voss - vil ein finne oversikt over styret, møteprogram, årsmeldingar og vedtekter for Voss senioruniversitet.

2.         Styre

Ved årsmøtet 27. januar 2016 førelåg slik tilråding frå valnemnda:

Styreleiar:                    Gunnvor Børsheim Lindland               attval, 1 år

Styremedlem               Øyvind Helleland                                 ikkje på val

"                      Asle Nesheim                                     ikkje på val

"                      Ola Folkestad                                     ny, 2 år

"                      Johanna Taule                                    attval, 2 år

Vararepresentantar: Inger Selin Hansen, attval, Liv Reidunn Mølster, attval, Richard Jacobsen, attval, Laila Rynning Veum, ny. Alle for 1 år. Revisor; Jørgen Rokne, attval, 1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval, 1 år.

Alle vart valde med akklamasjon.

Frå styret førelåg slik tilråding til valnemnd: Bjarne Melve, attval. Brynjulv Kvamme, ny. Begge for 1 år. Begge vart valde med akklamasjon.

I møte 15.02.2016 konstituerte styret seg slik:

Gunnvor Børsheim Lindland               leiar (vald på årsmøtet 27.01.2016)

Øyvind Helleland                                 nestleiar

Asle Nesheim                                     kasserar

Ola Folkestad                                      sekretær

Johanna Taule                                    styremedlem

Vara: (alfabetisk) Inger Selin Hansen, Richard J. Jacobsen, Liv Reidunn Mølster, Laila Rynning Veum.

Styret har halde 9 møte, mot 10 i 2015. Styreprotokollen viser 73 punkt. Hovudsaker: Foredragshaldarar, økonomi, drøfting av tema, arbeidsfordeling mellom styremedlemene.

Varafolk har vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med framlegg av tema, kontakt og presentasjon av foredragshaldarar på lik line med resten av styret. Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

Gunnvor Børsheim Lindland, Øyvind Helleland, Asle Nesheim og Johanna Taule deltok på fellesmøte for senioruniversiteta i Hordaland 15.09.2016. Gunnvor Børsheim Lindland deltok på årsmøtet i Voss Folkeakademi 16.02.2016

3.         Møteaktivitet

I 2016 hadde vi 11 møte. Alle møta har vore i lokala til Park Hotel Vossevangen. 5 av møta i sal 8 og 6 i Vossasalen (Delvis etter ynskje frå hotellet grunna byggearbeid og delvis etter ynskje frå styret). Vanleg møtedag har vore siste onsdag i månaden, men med tilpassing i mai og november/desember. To av møta har, grunna tilpassing til foredragshaldarane, vore haldne på andre dagar. Klokkeslettet har for alle møte vore frå kl. 12.00 – 14.00, med foredrag, kaffipause og spørsmål/diskusjon.

Hotellet har vore svært hjelpsame med å tilrettelegge for møta, dette både med omsyn til teknisk avvikling og servering. Styret rettar takk til hotellet for god hjelp.

Deltok:
1 06.01 Professor Eivind Meland, UiB En epidemi av overdiagnostikk – finnes den og finnes det botemidler 119
2 27.01 Professor Gunnstein Akselberg, UiB Holberg på Voss 160
3 24.02 Professor Victor Norman, NHH Flyktningane og oss 135
4 30. Førsteamanuensis Liv Marit Aksnes, Høgsk i Bergen «Her, her i denne verdi" - Om Olav H Hauge 109
5 27.04 Professor Ola H. Grytten NHH Kina og oss 128
6 11.05 Randi Hellene Tillung, lektor ved Stend Vidaregåande skole Kva styrer dyrs åtferd? 40
7 31.08 Renate Rivedal. kunstformidlar ved KODE Bergen Vestlandskunstnarar frå J.C. Dahl til Mari Slaattelid 106
8 27.09 Arnstein Bjørke, forleggjar m.m. Vossing, forleggjar, bokhandlar, kraftkar og ymse anna 103
9 26.10 Tid smittevernlege i Bergen Øystein Søbstad Antibiotikaresistente bakteriar 116
10 15.11 Professor Jørn Ørehagen Sunde Juristane sin inntogsmarsj 90
11 07.12 Professor Frank Aarebrot, UiB: Framvoksteren av protestantisme og demokrati i Europa 146
               

Det har i gjennomsnitt vore 114 deltakarar pr møte. (Tilsvarande tal for 2015: 117, og for 2014: 95)

Styret vil takke alle foredragshaldarane for godt førebudde og fint gjennomførte foredrag.

I samband med 10 års jubileet for Voss senioruniversitet vart dette markert på møtet 27. januar med heider til det første styret. Alle fekk blomar. Spesielt var det retta takk til initiativtakaren Torstein Gunnarson. Gunnvor Børsheim Lindland leia markeringa.

4.         Økonomi

Medlemsavgifta for dette året har vore kr 350 i vårsemesteret (51 betalande) og kr 350 i haustsemesteret (40 betalande). Betaling for einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

Støtte

Styret takkar alle dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 7.700 , Voss kommune (kulturmidlar): kr 5.000 og Voss Sparebank: kr 5.000.

Dessutan takk til ”Hordaland” for trykking av programhefte og medlemskort vår og haust.

Vidare takkar styret desse bedriftene for annonsestøtte:

Voss Sparebank (to gonger), Vekselbanken (to gonger), Voss Parkering AS, RSM, VISMA, Vossevangen Libris, Voss Handelshus og AMFI.

Økonomien har vore tilfredsstillande i 2016.

5.         Oppsummering

  • Styret er godt nøygde med bra frammøte og positive tilbakemeldingar på foredraga.

  • Gjeldande opplegg for møta synest å fungere bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

  • Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og anna støtte for at møteaktiviteten og prisane skal kunne haldast på noverande nivå.

Voss, den 16. januar 2017

Gunnvor Børsheim Lindland (s)                     Ola Folkestad (s)                    Asle Nesheim (s)

                        Øyvind Helleland (s)                           Johanna Taule (s)

 

Lest 444 ganger Sist redigert onsdag, 15 februar 2017 00:27
Mer i denne kategorien « Informasjon Styret 2017 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data