torsdag, 25 februar 2016 20:51

Årsmelding 2015

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Voss senioruniversitet

ÅRSMELDING 2015

1.         Organisasjon

I tråd med vedtektene har styret hatt som mål å få godt kvalifiserte fagfolk til å presentere tema frå sine kunnskapsområde eller å setja søkelys på dagsaktuelle spørsmål.

På internett, www.senioruniversitetet.no- under Voss - vil ein finne oversikt over styret, møteprogram

årsmeldingar og vedtekter  for Voss senioruniversitet.

2.         Styre

Ved årsmøtet 28. januar 2015 la Jakob Hjeltnes fram tilrådingane frå valnemnda:

Styreleiar:                    Gunnvor Børsheim Lindland              1 år

Styremedlem               Øyvind Helleland                                ny,     2 år

"                      Asle Nesheim                                     attval, 2 år

"                      Brynjulf Kvamme                              ikkje på val

"                      Johanna Taule                                    ikkje på val

Vararepresentantar :Ola Folkestad, attval, Inger Selin Hansen, attval , Liv Mølster, attval, Richard Jacobsen, ny. Alle for 1 år.

 

Revisor:                      Jørgen Rokne, attval, 1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval, 1 år.

Alle valde med akklamasjon.

 

Valkomité (etter framlegg frå styret):

Svanhild Prestegard, attval, Bjarne Melve, ny. Begge for 1 år.

Valde med akklamasjon.

 

 I møte 17.02.2015 konstituerte styret seg slik:

Gunnvor Børsheim Lindland             leiar(vald på årsmøtet 28.01.2015))

Øyvind Helleland                               nestleiar

Asle Nesheim                                     kasserar

Brynjulv Kvamme                              sekretær

Johanna Taule                                    styremedlem

Vara: (alfabetisk) Ola Folkestad, Inger Selin Hansen, Richard J. Jacobsen, Liv Reidunn Mølster

 

Styret har halde 10 møte, som i 2014. Styreprotokollen viser  70 punkt. Hovudsaker: Foredragshaldarar og tema, økonomi, arbeidsfordeling under møta.

Varafolk har vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med framlegg av tema, kontakt og presentasjon av foredragshaldarar på lik line med resten av styret. Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

Gunnvor Børsheim Lindland deltok på årsmøte i Voss Folkeakademi den 17. februar.

3.         Møteaktivitet

I 2015 har det vore 12 medlemsmøte. Møtet den 13. mai måtte endrast på kort varsel då fordragshaldar ikkje møtte. Dei som ville gå, fekk att inngangspengane. Dei andre kunne høyre Marit Svahn Byberg fortelja om arbeidet sitt med førskulelærarutdanning i Malawi.

 Alle møta har vore i lokala til Park Hotel Vossevangen. Vanleg møtedag er siste onsdag i månaden frå kl. 12.00 – 14.00, med foredrag, kaffipause og spørsmål/diskusjon.

Styret takkar hotellet for å ha lagt tilhøva godt til rette for medlemsmøta med servering og hjelp på det tekniske området.

 

Våren 

1

07.01.15

Førsteamanuensis Kjetil Selvik, UiB : 

 ”Krisa i Syria."

2

28.01.15

Samfunnsdebattant Trygve Refsdal:

"Klimaskifte - kva skjer?"

3

25.02.15

Professor emeritus Rolf Moe-Nilssen:

"Aldring, balanse og fysisk aktivitet."

4

25.03.15

Professor, journalist og historikar Guri Hjeltnes:

”Kvardagsliv under krigen.”

5

29.04.15

Professor emerita Lisbeth Mikaelsson, UiB :

"Treng vi noko å tru på?"

6

13.05.15

Marit Svahn Byberg

Om arbeidet sitt med førskulelærarutdanning i Malawi.

Hausten

7

26.08.15

Professor emeritus Einar Sletten:

"Kvikksølv i skjergarden og tanngarden."

8

30.09.15

Islandskjennar Karvel Strømme:

"Island: Natur, kultur og historie."

9

14.10.15

Professor Frank Aarebrot, UiB:

”Norge etter oljealderen.”

10

28.10.15

Postdoktor Hege Toje, UiB:

”Russland under Putin – en vei til storhet eller undergang?”

11

25.11.15

NRK-medarbeidar Marta Norheim:

" Sjølvplaging, slektsgransking og globalt ansvar. Tendensar i den nyaste norske litteraturen."

12

09.12.15

Professor Leidulf Melve, UiB:

"Statsdanning i Europa i mellomalderen."

 

Styret vil takka alle foredragshaldarane for godt førebudde og fint gjennomførte foredrag!

Dei 12 møta i 2015 samla i alt 1405 tilhøyrarar, i snitt 117 per møte (10 møte i 2014 samla 947 tilhøyrarar, i snitt 95 per møte). 

4.         Økonomi

Medlemsavgifta for dette året har vore kr 350 i vårsemesteret (40 betalande) og kr 350 i haustsemesteret (31 betalande).  Betaling for einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

 

Støtte

Vi takkar alle dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 7800 , Voss kommune: kr 5.000 og Voss Sparebank: kr 5.000 . Dessutan takk til ”Hordaland” for trykking av programhefte og medlemskort vår og haust.

Vidare takkar vi desse bedriftene for annonsestøtte:

Accountor Voss,Vekselbanken, Voss Sparebank, Sparebanken Vest (to gonger), Gangdal Rekneskap ANS, Vangen Elektriske A/S, O.L.Kyte AS, O.K.Loven AS, Elfag Mølster Installasjon AS.

 

Senioruniversitetet har hatt ein grei økonomi i 2015. Rekneskapen syner eit lite overskot.

 

5.         Oppsummering

Styret er glad for godt frammøte og positive tilbakemeldingar på foredraga.

Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og anna støtte for at møteaktiviteten skal haldast på noverande nivå.

Gjeldande opplegg for møta synest å fungere bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

 

Voss, den 7. januar 2016

 

 

Gunnvor Børsheim Lindland (s)                     Brynjulv Kvamme (s)            Asle Nesheim (s)

 

                        Øyvind Helleland(s)                          Johanna Taule (s)

Lest 1709 ganger Sist redigert mandag, 06 februar 2017 18:38
Mer i denne kategorien « Styret 2015 Møteplan våren 2016. »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data