fredag, 09 januar 2015 23:41

ÅRSMELDING 2014

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Voss senioruniversitet

ÅRSMELDING 2014

  1. Organisasjonen

I tråd med vedtektene har styret hatt som mål å få godt kvalifiserte fagfolk til å presentere tema frå sine kunnskapsområde eller å setja søkelys på dagsaktuelle spørsmål.

På internett, www.senioruniversitetet.no- under Voss - vil ein finne oversikt over styret, møteprogram

årsmeldingar og vedtekter  for Voss senioruniversitet.

  1. Styre

Ved årsmøtet 29. januar 2014 la Jakob Hjeltnes fram tilrådingane frå valnemnda:

Styreleiar:                                  Gunnvor Børsheim Lindland                       1 år

Styremedlem                             Bjarne Melve                                               ikkje på val

             "                                    Asle Nesheim                                              ikkje på val

            "                                     Brynjulv Kvamme                                       attval, 2 år

            "                                     Johanna Taule                                              ny,     2 år

Vararepresentantar (alfabetisk): Ola Folkestad, attval, Øyvind Helleland,   attval,

                                                    Inger Selin Hansen, ny, Liv Mølster, ny.   Alle for 1 år.

 

Revisor:                                      Jørgen Rokne, attval, 1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval, 1 år.

                                                   Alle valde med akklamasjon.

 

Valkomité (etter framlegg frå styret):

                                                    Svanhild Prestegard, ny, Jakob Hjeltnes, ny. Begge for 1 år.

                                                    Valde med akklamasjon.

 

 I møte 17.02.2014 konstituerte styret seg slik:

Gunnvor Børsheim Lindland                  leiar (vald av årsmøtet)

Bjarne Melve                                          nestleiar

Asle Nesheim                                         kasserar

Brynjulv Kvamme                                  sekretær

Johanna Taule                                         styremedlem

 

Styret har halde 10 møte, som i 2013. Styreprotokollen viser  65 punkt. Hovudsaker: Foredragshaldarar og tema, økonomi, arbeidsfordeling under møta.

Varafolk har vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med framlegg av tema, kontakt og presentasjon av foredragshaldarar på lik line med resten av styret. Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

Johanna Taule og Asle Nesheim deltok på samrådingsmøte for alle senioruniversiteta i Hordaland i regi av Senioruniversitetet U3A Bergen i Hansaparken 20.3.2014.

  1. Møteaktivitet

I 2014 har det vore 10 medlemsmøte. Møtet den 26. oktober måtte avlysast på kort varsel  p.g.a. flaumen i Vangsvatnet, som øydela møtelokalet.

Alle møta har vore i lokala til Park Hotel Vossevangen. Vanleg møtedag er siste onsdag i månaden frå kl. 12.00 – 14.00 med foredrag, kaffipause, spørsmål/diskusjon.

Styret takkar hotellet for å ha lagt tilhøva godt til rette for medlemsmøta med servering og hjelp på det tekniske området.
 

Våren 

08.01.2014

Overlege Ellen Økland Blinkenberg:

”Min DNAgbok. Personlig og forståelig genetikk.”   

29.01.2014

Professor Knut Øvsthus, Høgskulen i Bergen:

”Omsorgsteknologi.”

26.02.2014

Professor Rolf Birger Pedersen, UiB:

"Utforsking av dyphavet - Hva kan det fortelle oss?”

26.03.2014

Professor Jens Øyrehagen Sunde, UiB:

”Kven lovgjev, utøver forvaltningsmakt og

 dømmer i siste instans 200 år etter 1814?

30.04.2014

Fuglekjennar m.m. Jimmy Øvredal:

”Endringar i vårorkesteret.”

14.05.2014

Tidl. lektor Elisabet Vallevik Engelstad:

”Fjorden var vegen.” 

 

Hausten

27.08.2014

Tidlegare  biskop Ole Danbolt Hagesæther:

” Litt av kvart frå eit bispeliv”

24.09.2014

Forfattar Marit Eikemo:

"Samtidsruinar."

29.10.2014

 Førsteamanuensis Kjetil Selvik:

 "Om krisa i Syria.” Avlyst p.g.a. flaum.

26.11.2014

Professor Jan Martin Nordbotten:

"Bruk av matematikk i dagens samfunn."

31.08.2014

Tidlegare ankermann i Dagsrevyen Einar Lunde:

"Fra Betlehem til Soweto –

eit møte med Nelson Mandela og Desmond Tutu.”

Styret vil takka alle foredragshaldarane for godt førebudde og fint gjennomførte foredrag!

Dei 10 møta i 2014 samla i alt 947 tilhøyrarar (11 møte i 2013 samla 1034 tilhøyrarar), i snitt 95 per møte (94 i 2013). 

  1. Økonomi

Medlemsavgifta for dette året har vore kr 350 i vårsemesteret (40 betalande) og kr 350 i haustsemesteret (31 betalande).   Betaling for einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

 

Støtte

Vi takkar alle dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 700 pr. møte, Voss kommune: kr 3.000 og Voss Sparebank: kr 3.000 . Dessutan takk til ”Hordaland” for trykking av programhefte og medlemskort vår og haust, og kr 600 for annonse i programmet.

Vidare takkar vi desse bedriftene for annonsestøtte:

Vekselbanken, Voss Sparebank, Vossevangen Libris, RSM Voss, Jæger Voss, ENCON, XL-BYGG Tverberg & Sønner A/S, Proaktiv eigedomsmegling, Sparebanken Vest,  AMFI Voss.

 

Senioruniversitetet har hatt ein grei økonomi i 2014 (sjå rekneskapet).  Inntektene balanserer stort sett utlegga.

 

  1. Oppsummering

Styret er glad for godt frammøte og positive tilbakemeldingar på foredraga.

Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og anna støtte for at møteaktiviteten skal haldast på noverande nivå.

Gjeldande opplegg for møta synest å fungere bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

 

Voss, den 7. januar 2015

 

 

Gunnvor Børsheim Lindland (s)                        Brynjulv Kvamme (s)            Asle Nesheim (s)

 

Bjarne Melve (s)              Johanna Taule (s)

Lest 2886 ganger
Mer i denne kategorien « Årsmelding 2013 Styret 2012 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data