mandag, 27 januar 2014 00:45

Årsmelding 2013

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

ÅRSMELDING 2013

1. Organisasjonen

I tråd med vedtektene har styret hatt som mål å få godt kvalifiserte fagfolk til å presentere tema frå sine kunnskapsområde eller å setja søkelys på eit dagsaktuelt tema.

Alle kan bli medlemer i Voss senioruniversitet. Ved å betale ei semesteravgift , p.t. kr 350,- er ein medlem det halvåret. Medlemer kjem gratis inn på møta. Ikkje-medlemer er og hjarteleg velkomne, og betalar kr 100 for kvart møte. Te/kaffi og eit wienerbrød er inkludert og blir servert i pausen.

På internett, www.senioruniversitetet.no, under Voss vil ein finne oversikt over styret, møteprogram, årsmelding og vedtekter for Voss senioruniversitet.

2. Styre

Ved årsmøtet 30. januar 2013 la Turid Nygaard fram tilrådingane frå valnemnda:

 

Styreleiar: Gunnvor Børsheim Lindland 1 år

 

Styremedlem : Bjarne Melve 2 år, attval

Astrid Underdal ikkje på val

" Brynjulv Kvamme ikkje på val

" Asle Nesheim 2 år, ny

 

Vararepresentantar (alfabetisk): Ola Folkestad, ny, Øyvind Helleland, attval,

Solveig M. Ringheim, ny, Johanna Taule, ny. Alle for 1 år.

Solveig M. Ringheim har av helsegrunnar fått permisjon frå styremøta heile året.

 

Revisor: Jørgen Rokne, attval.1 år. Vara: Asta-Marie Gjertsen, attval. 1 år.

Alle valde med akklamasjon.

 

Valkomité (etter framlegg frå styret):

Svanhild Prestegard, ny, Jakob Hjeltnes, ny. Begge for 1 år.

Valde med akklamasjon.

 

I møte 08.02.2013 konstituerte styret seg slik:

Gunnvor Børsheim Lindland leiar (vald av årsmøtet)

Astrid Underdal nestleiar

Asle Nesheim kasserar

Brynjulv Kvamme sekretær

Bjarne Melve styremedlem

 

Styret har halde 10 møte, som i 2012. I alt er det handsama 71 punkt på dagsorden.om før om åra har alle varafolk vore innkalla til alle styremøta. Dei har tatt del i programarbeidet med framlegg av tema, kontakt og presentasjon av foredragshaldarar på lik line med resten av styret . Møtestaden har vore Park Hotel Vossevangen.

Hovudsaker: Foredragshaldarar og tema, økonomi, arbeidsfordeling under møta.

I år har styret gjort vedtak om å melda Voss senioruniversitet inn i Voss Kulturråd.

Gunnvor Børsheim Lindland deltok på samrådingsmøte for alle senioruniversiteta i Hordaland i regi av Askøy senioruniversitet i Strusshamn 14. mars 2013.

3. Møteaktivitet

I 2013 har det vore 11 medlemsmøte, som året før.

Alle møta har vore i lokala til Park Hotel Vossevangen.

Vanleg møtedag er siste onsdag i månaden frå kl. 12.00 – 14.00 med foredrag, kaffipause, spørsmål/diskusjon.

Styret takkar hotellet for å ha lagt tilhøva godt til rette for medlemsmøta med servering og hjelp på det tekniske området.

Våren

09.01.13 Professor emerita Bente Alver, UiB: "Slipp tradisjonene fri- de er våre. Fest og fellesskap i endring."

30.01.13 Fyrsteamanuensis Randi Rolvsjord, UiB: ”Med musikk for livet: "Musikkterapi i psykisk helse- og eldreomsorg."

27.02.13 Professor emeritus Claus Ola Solberg, UiB: "Mikrobene slår tilbake. Infeksjonssykdommene i historisk perspektiv.”

20.03.13 Professor Børge Sivertsen, UiB: ”Søvn og søvnvanskar.”

24.04.13 Professor William Brochs-Haukedal, NHH: "Fravær av ledelse?"

22.05.13 Tidl. lektor Elisabeth Aasen: ”1814-1913. Kvinners vei mot stemmeretten.”

Hausten

28.08.13 Cand. philol. Anne Britt Høibye: ”Hevn og ærekulturer - i Guds navn?”

25.09.13 Prosjektleiar Toril Hunnålvatn: "Vossamodellen" - lengst mogleg i eige liv."

30.10.13 Professor Harald Kryvi, UiB: ”Overbefolkning: Vårt største problem og vårt største tabu.”

27.11.13 Professor emeritus Gunnar Danbolt: ”Edvard Munch.”

11.12.13 Geolog Inge Aarseth, UiB: ”Geologien i Vossaveldet.”


 

Dei 11 møta i 2013 samla i alt 1034 tilhøyrarar (972 i 2012), i snitt 94 per møte (89 i 2012).

Dei fleste tilhøyrarar er frå Voss, men det har også vore deltakarar frå nabokommunar.

Styret vil takka alle foredragshaldarane for positive haldningar til førespurnader, godt førebudde og fint gjennomførte foredrag!

4. Økonomi

Medlemsavgift: kr 350 i vårsemesteret (46 betalande) og kr 350 i haustsemesteret (35 betalande). Einskildmøte: kr 100 både vår og haust.

Støtte

Vi takkar alle dei som har støtta drifta med direkte tilskot: Voss Folkeakademi: kr 700 pr. møte, Voss kommune: kr 5.000 og Voss Sparebank: kr 5.000 . Dessutan ”Hordaland” for trykking av programhefte og medlemskort.

 

Vidare takkar vi desse bedriftene for annonsestøtte: Vekselbanken, Voss Sparebank, , Gangdal Rekneskap ANS, Elfag Mølster Installasjon AS, AMFI Voss, Vossevangen Libris, Jordalen Entreprenør AS, HMV Voss Eigedom AS, Voss Handelshus AS, Sparebanken Vest og VISMA.

 

Senioruniversitetet har hatt ein grei økonomi i 2013 (sjå rekneskapet). Inntektene balanserer stort sett utlegga.

 

5. Oppsummering

Styret er glad for godt frammøte og positive tilbakemeldingar på foredraga.

Økonomien krev aktiv jobbing med annonsesponsorar og anna støtte for at møteaktiviteten skal haldast på noverande nivå.

Gjeldande opplegg for møta synest å fungere bra, og aktiviteten i året som gjekk inspirerer til vidare arbeid.

 

Voss, den 20. januar 2014

 

Gunnvor Børsheim Lindland (s) Brynjulv Kvamme (s)

 

Astrid Underdal (s) Asle Nesheim (s) Bjarne Melve (s)

 

Lest 2373 ganger Sist redigert mandag, 06 februar 2017 18:37
Mer i denne kategorien « Årsmelding 2012 ÅRSMELDING 2014 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data