Sigmund Røksund

Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

fredag, 18 mai 2018 10:32

SISTE FORELESING FØR SOMMAREN

Møt opp i Bømlo kulturhus tirsdag 29. mai og høyr professor emeritus Knut M. Fylkesnes med temaet: ”Frå eit forskarliv i teneste for folkehelsa – i Noreg og Afrika”

onsdag, 11 april 2018 09:03

REISEPLANAR?

Møt opp i Bømlo kulturhus 24. april kl 1100, og høyr om arkeolog og religionshistorikar Øystein Kock Johansen har tips. Forelesinga hans har tittelen ”Steder du må se før du dør”.

tirsdag, 27 mars 2018 09:33

Styret

Etter årsmøtet 20. mars 2018 ser styret slik ut:

Svein Kåre Meling – leiar.  Anders Legland,            Kjellaug Arnulf, Arvid Vatle, Sigmund Røksund, Astrid G. Nesse,  Gunvor Stautland, Paul Stenberg.

torsdag, 22 februar 2018 09:12

Kan Europa overleva presset frå Islam?

Merk deg tida for denne spennande forelesinga i Bømlo kulturhus.

20 mars kl 1100 kjem forfattar og ”kulturist” Hallgrim Berg.

Årsmøte like etter forelesinga.

fredag, 16 februar 2018 11:49

Geirr Vetti til Senioruniversitetet

Førstkomande tysdag kl 1100 får Sunnhordland Senioruniversitet besøk av Geirr Vetti.  Han er bergensaren som vart fjellbonde i Luster. Som ung hadde han ein draum om å eiga og bu på ein hyllegard. Etter å ha sett på over 40 gardar på Vestlandet, hamna han på fjellgarden Skåri i Luster. Gjennom ein periode på  8 – 10 år restaurerte han den forfalne husmannsplassen til å bli eit prakteksemplar av ein fjellgard. Til å hjelpa seg  fekk han tak i sherpaer frå Nepal, som viste seg å vera både dugande og sterke nok til slikt arbeid.

Samarbeidet med sherpaene har halde fram, og dei seinare åra har dei bygd mange vegar og steintrapper i den norske fjellheimen. For arbeidet sitt har Vetti  fått fleire prisar, mellom anna  «Riksantikvarens kulturminnepris» og Statens vegvesen sin «Vakre vegars pris.»

I første delen av foredraget vil han fortelja om Skåri fjellgard og sherpaene sitt arbeid i Norge. Etter pausen tek han oss med på besøk til sherpaene sin heimstad i Nepal.

Vel møtt til ei interessant samling i Bømlo kulturhus!

mandag, 05 februar 2018 17:16

NY DATO

Neste forelesing nærmar seg.

20 februar kl 1100 kjem Geirr Vetti til Bømlo kulturhus med emnet:

”Om fjellgardar og stibygging i Noreg og besøk hos Sherpaer i Nepal”

HUSK AT DATOEN ER ENDRA frå den som sto i programmet vårt.

Vel møtt i Bømlo Kulturhus tysdag 30. januar kl 1100.

I dei siste åra har me blitt så altfor godt kjende med valdelege terroraksjonar og ekstreme politiske og religiøse bevegelsar. Dei demokratiske partia blir utfordra av ytterleggåande  fraksjonar både frå høgre og venstre, og nye parti blir etablerte. Dei byggjer si lære på gamle ideologiar som for lengst høyrer til på historias skraphaug. Dei har lettvinte og enkle løysingar på vanskelege spørsmål. Slik blir det populisme og folk let seg riva med.

Me har sett frå muslimske land korleis Taliban, Al-Qaeda, og IS har spreidd sin ideologi gjennom terror og vald til Vesten og USA. Ungdom av alle kategoriar blir påverka og indoktrinert av destruktiv og kriminell ideologi.  I denne tida er det avgjerande at demokratiet som har vakse fram i Europa etter 1945, kan stå imot den ideologien som desse terrororganisasjonar byggjer sine handlingar på.

Til å forelesa over dette temaet kjem førsteamanuensis Dag Einar Thorsen ved Høgskulen i Søraust-Norge. Han har doktorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, på ei avhandling om anti-totalitær tenking i det tjuande hundreåret. Han har også vore medredaktør på bøkene «Folkemordenes svarte bok» og «Demokrati: Historien og ideene».

fredag, 19 januar 2018 14:56

Vårprogram 2018

30.1  Førsteamanuensis Dag Einar Thorsen: «Populisme og ekstremisme i Europa – og i Norge.»

Ny dato 20.2  Stibyggjar Geir Vetti: «Om fjellgardar og stibygging i Noreg, og besøk hos Sherpaer i Nepal.»

20.3  Forfattar og «kulturist» Hallgrim Berg: «Kan Europa overleva presset frå islam?»

24.4  Arkeolog og religionshistorikar Øystein Kock Johansen: "Steder du må se før du dør."

29.5  Professor emeritus Knut M. Fylkesnes: " Frå eit forskarliv i teneste for folkehelsa – i Noreg og Afrika."

onsdag, 06 desember 2017 10:55

NESTE FORELESING

Sunnhordland Senioruniversitet takkar for dette året, ønskjer god jul og velkommen til Bømlo kulturhus 30.januar 2018. Då vil førsteamanuensis Dag Einar Thorsen forelesa med emnet «Populisme og ekstremisme i Europa – og i Norge»

torsdag, 23 november 2017 00:02

Oddgeir Bruaseth og Audun Kayser

MÅNDAG (NB Endra vekedag) 4. desember kl 1100

Årets siste forelesing i Bømlo kulturhus

Første økt: Journalist Oddgeir Bruaseth:  ”Jula, der ingen skulle tru at nokon kunne bu”

Andre økt:Pianist Audun Kayser: ”Edvard Grieg - vår mann i verdens musikkhistorie”.

Er du heldig, får du og ein forsmak på julegrauten.

Side 1 av 6
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 22nd. Designet av Ornell data