søndag, 02 september 2018 09:07

GOD BLESS AMERICA

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Tirsdag 18. september kl 1100 kjem tidlegare redaktør i Vårt Land, Helge Simonnes til Bømlo Kulturhus. Emnet for forelesinga hans er ”God bless America. Falske nyheter som banet vei for Donald Trump til Det hvite hus”.

Det går ein nasjonalistisk straum over den vestlege verda. Sjølv om oppslutninga om religion er gått tilbake, spelar populistiske politikarar ofte på religiøse kjensler i folket. Det skjedde i stor grad ved dei siste vala både i USA og fleire land i Europa. Det er ikkje første gong dette skjer. Adolf Hitler oppdaga kor effektivt slagordet «Gott mit uns» var.

Dette foredraget gir innsikt i kor farleg det er når religiøse argument blir nytta i politisk argumentasjon og propaganda. Dette gjeld ikkje berre Amerika og ute i Europa. Me har også sett liknande tendensar i Norge. Forelesaren vil forklara kva ideologisk grums som blir vekt til live når det vert påstått at nokre rasar og nasjonar er spesielt utvalde til «Guds velsignelse».

Falske nyheiter eller «fake news» er eit omgrep som er nytt i språket etter at Donald Trump blei vald til president i USA sjølv om løgn og propaganda har vore sikre våpen i alle konfliktar gjennom heile vår historie. Hitler sin propagandaminister, Joseph Goebbels, skal ha sagt at når ei løgn blir repetert ofte nok, blir ho til slutt sanning.

Helge Simonnes (61) er fast spaltist i Dagsavisen, der han kommenterer saker i skjeringspunktet religion og politikk. Han er forfattar av boka «En Gud for de mange». Simonnes er mykje nytta som foredragshaldar i ulike samanhengar. Han har vore styreleiar i Norsk Presseforbund og Norske Mediebedrifters landsforening. Simonnes har vore med i fleire offentlege utval.

Lest 19 ganger Sist redigert mandag, 10 september 2018 15:28
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 23rd. Designet av Ornell data