torsdag, 25 januar 2018 17:19

Populisme og ekstremisme i Europa – og i Norge

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Vel møtt i Bømlo Kulturhus tysdag 30. januar kl 1100.

I dei siste åra har me blitt så altfor godt kjende med valdelege terroraksjonar og ekstreme politiske og religiøse bevegelsar. Dei demokratiske partia blir utfordra av ytterleggåande  fraksjonar både frå høgre og venstre, og nye parti blir etablerte. Dei byggjer si lære på gamle ideologiar som for lengst høyrer til på historias skraphaug. Dei har lettvinte og enkle løysingar på vanskelege spørsmål. Slik blir det populisme og folk let seg riva med.

Me har sett frå muslimske land korleis Taliban, Al-Qaeda, og IS har spreidd sin ideologi gjennom terror og vald til Vesten og USA. Ungdom av alle kategoriar blir påverka og indoktrinert av destruktiv og kriminell ideologi.  I denne tida er det avgjerande at demokratiet som har vakse fram i Europa etter 1945, kan stå imot den ideologien som desse terrororganisasjonar byggjer sine handlingar på.

Til å forelesa over dette temaet kjem førsteamanuensis Dag Einar Thorsen ved Høgskulen i Søraust-Norge. Han har doktorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, på ei avhandling om anti-totalitær tenking i det tjuande hundreåret. Han har også vore medredaktør på bøkene «Folkemordenes svarte bok» og «Demokrati: Historien og ideene».

Lest 370 ganger
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

Mer i denne kategorien « Vårprogram 2018 NY DATO »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 18th. Designet av Ornell data