mandag, 23 oktober 2017 22:43

Generaldirektør Egil Myklebust

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tysdag 31. oktober kjem tidlegare generaldirektør Egil Myklebust i Norsk Hydro til Senioruniversitetet. Han vil forelesa om «Norge fra gullalder til olje-, grønt- og digitalt skifte. En ferd med spenninger».

Bømlo kulturhus kl 1100

Næringslivet i Norge har gjennomgått store endringar i dei siste par generasjonane, frå det første olje- funnet på Ekofisk-feltet hausten 1969 til i dag. Tilpassing og omstillingar til nye rammevilkår skjer i aukande tempo. Nye produksjonsmetodar og ny teknologi blir teken i bruk   for å tilfredsstilla etterspurnaden etter våre produkt til konkurransedyktige prisar.  Me har i sanning opplevd ein gullalder. Kven kunne ved inngangen til oljealderen tru at me i dag     skulle ha 8000 milliardar kroner ståande på bok?  Vår olje- og gassressurs er ikkje evigvarande, og me må førebu oss på ytterlegare omstillingar. Dertil kjem miljø- og klimaaspektet som vil setja krav til leiting etter og utvinning av nye olje- og gassfelt.  

Lest 61 ganger Sist redigert mandag, 23 oktober 2017 22:48
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data