mandag, 06 februar 2017 17:52

Stein Hoff om Galapagos

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Stein Hoff fortel om Galapagos i Bømlo Kulturhus, tirsdag 28. februar kl 1100

Rett etter forelesinga blir det årsmøte. Sjå annonse i lokalavisa.

I 1982 kom Diana og Stein heim etter å ha seilt jorda rundt i fem år med si heimelaga skute på 39 fot. Dei hadde to ungar med seg då dei reiste og tre då dei kom heim. Han og andre i familien har blitt kjende for sine havturar, og Stein har rodd over Atlanterhavet før. I ein alder av 70 år ville han for to år sidan ta turen åleine. Men ekstremvér førte til forlis, og han måtte bergast.

I Sunnhordland Senioruniversitet vil han fortelja om den norske utvandringa til Galapagos i Stillehavet. Dei første nordmenn på øyane var truleg eit mannskap på 20 som forliste der i 1907. Midt på 20-talet oppsto aksjeselskap med bakgrunn i kvalfangarmiljø frå Vestfold for å organisera utvandringa. "Ærlige nordmenn" blei inviterte til å slå seg ned på desse "muligheternes øer". I Norge, som i resten av den vestlege verda var det dårlege tider. Tusenvis melde si interesse, og fleire skuter la ut. Namnet Galapagos var eksotisk og skremmande på samme tid. Dette var 1926, ikkje 2017, og folk hadde knapt høyrt om øyane utanfor Sør-Amerika. Dei kunne vanskeleg tenkja seg korleis der verkeleg var. Dei hadde kanskje høyrt lause rykter, sette saman av ukjende, tilfeldige sjøfolk. No kunne dei lesa annonser som lova eit liv i sus og dus. Det var lett å bita på - både logisk og fornuftig for mange.

Men så godt som alle som prøvde seg, mislukkast. Av dei som kom fram, var det nesten ingen som blei verande. Draumen om Galapagos var urealistisk. "Øyene er noen tørre askehauger som bare passer for øgler og hai og en håndfull negre", var ei utsegn.

 

Lest 218 ganger Sist redigert søndag, 12 februar 2017 15:29
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data