lørdag, 28 januar 2017 11:44

Bjørn Hansen om Donald Trump

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tidlegare NRK-journalist Bjørn Hansen er vår faste gjest i Senioruniversitetet når det er presidentval i USA. Han var her for fire og for åtte år sidan. Tirsdag 31. januar kl 1100 kan du igjen møta han i Bømlo Kulturhus. Me ser fram til å høyra denne kunnskapsrike reporteren sine vurderingar av valet. Den nye presidenten har sjokkert dei fleste på vår side av Atlanterhavet med sine meiningar og sine planar for kva han vil gjera. Kanskje er me og sjokkerte over at det amerikanske folket kunne velja han. Kva var det som skjedde? Og korleis vil framtida bli når Donald Trump set ut i livet sine ”politiske” visjonar. Er han så rabiat som han høyrest ut til, eller er han ein dyktig forretningsmann som kan gjera USA ”great again”, i den forstand at den vanlege amerikanar får eit betre liv, med jobb og god løn? Og kven skal så betale rekningen for den framgangen? Mexico? Norge? Me har spennande år framfor oss.

Lest 281 ganger
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data