fredag, 02 desember 2016 15:55

Juleavslutning

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tysdag 13. desember er det avslutning på haustsemesteret med ein forelesing og ei teaterframføring:

Først vil me høyra lokalhistorikar og bibliotekar Knut Rage fortelja om Johannes Heggland – liv og dikting.   Johannes Heggland har eit omfattande litterært arbeid bak seg med nær 70 verk: Samtidsromanar,  bygderomanar, skodespel,  historiske romanserier og barne- og ungdomsbøker.  På våre kantar er han kanskje mest kjend som sogespelforfattar, blant anna Kristkongane på Moster. For sitt arbeid for norsk kulturliv vart han utnemnd til Ridder av første klasse av St. Olavs Orden.

Få kjenner Johannes Heggland betre enn Knut Rage. Han er med og førebur 100-års jubileet for Johannes Heggland som skal feirast i 2019.

I andre delen av kjem den folkekjære og kjende skodespelaren Helge Jordal og framfører utdrag av suksessforestillingane  Førstereis og Uteseilaren.

Helge Jordal har mellom anna spelt Jeppe på Bjerget og hatt hovudrolla i filmen Orions Belte, der ein tidlegare Mostrabåt vart senka på Svalbard. For oss i Sunnhordland er han kjend for si meisterlege tolking av vertshushaldaren i Les Miserables i Moster Amfi.  Han har teke vare på og brukt ord og uttrykk i den særeigne bergenske kulturen i si skodespelargjerning. For sitt arbeid  som skodespelar er han utnemnt til Ridder av St. Olav Orden.

 

Vel møtt i Bømlo kulturhus kl 1100.

Lest 195 ganger Sist redigert mandag, 05 desember 2016 17:25
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data