tirsdag, 20 september 2016 16:56

Samepolitikk i Senioruniversitetet

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Førstkommande tysdag vil Sunnhordland Senioruniversitet bidra til ei betre forståing av samane og deira situasjon i høve til storsamfunnet.

Til å førelesa om temaet har dei fått historikaren Professor Astri Andresen frå Universitetet i Bergen. Ho vil halda foredraget «En ny samepolitikk etter 1945».

Astri Andresen er utdanna historikar frå Universitetet i Tromsø og er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. I forskinga er Andresen særlig opptatt av samisk historie, befolkningshistorie, og medisin- og vitskapshistorie. Ho har leia fleire forskings- og nettverksprosjekt, publisert artiklar og bøker, redigert konferanserapporter, og saman med kollegaer skrevet en mykje brukt lærebok i historisk metode. Hennes nyaste artikkel kjem i Historisk Tidsskrift nr. 3-2016: Vitenskapene og den nye samepolitikken (1945–1963).

I foredraget «En ny samepolitikk etter 1945» vil Andresen setja lys på korleis samane sjølv, styresmaktene og involverte vitskapsmenn tenkte om samane og samepolitikken i de første tiåra etter andre verdskrig, kvifor de tenkte slik, kva endringar som ble initiert på språk- og kulturfeltet, og kva som let venta på seg inntil konflikten om utbygginga av Alta- og Kautokeinovassdraget rundt 1980 fikk ballen til å rulla også når det gjaldt retten til land og vann, til eige Sameting, og til grunnlovsfesting av samenes rettigheter.

Vel møtt til ei kunnskapsutvidande førelesing.

Lest 326 ganger Sist redigert tirsdag, 20 september 2016 16:58
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data