onsdag, 16 mars 2016 07:55

SLEKTSTRE I LITTERATUREN

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tysdag 29. mars står Senioruniversitetet i litteraturens teikn.

Marta Norheim skal då snakka om «Slektstre og andre vekster i den nye norske litteraturen». Sjølv seier førelesaren dette om emnet:

"Lenge har det vore sjølvbiografiske romanar som har dominert samtidslitteraturen; dei har i alle fall dominert i diskusjonane om nye bøker. Men kva skjer no, 5 år etter at Karl Ove Knausgård avslutta sitt seksbindsverk "Min kamp"?

Eit tydeleg trekk er at mange skriv seg bakover i slekta. Slektsromanane kan vere sjølvbiografiske eller oppdikta, men slekta er tydeleg til stades i den aller nyaste litteraturen. Men slektstreet er slett ikkje einerådande, det finst fleire vekster ein kan studere i den nyaste litteraturen."

Marta Norheim vil røpa dette no, men ikkje meir. Kom og høyr heile foredraget! Marta Norheim er ein norsk journalist og litteraturkritikar, mest kjent som kulturjournalist i NRKs P2. Norheim er utdanna cand. philol. og har arbeidd som litteraturkritikar i NRK P2 sidan 1990. 

Lest 980 ganger Sist redigert torsdag, 17 mars 2016 17:29
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 26th. Designet av Ornell data