torsdag, 18 februar 2016 20:38

KLIMAENDRINGANE i Sunnhordland Senioruniversitet, tirsdag 23. februar

Skrevet av Kjellaug Arnulf
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

«Endringane i klima er ein bodskap vi ikkje kan brenne inne med, og folk har all grunn til å få vite om det.»

Dette er det professor og «klimadiplomat» Eystein Jansen som seier, og han veit kva han snakkar om. Han er geolog, men det han er mest kjend for er at han i 2000 var med og oppretta Bjerknes-senteret i Bergen – og her var han direktør til han slutta i denne stillinga ved årsskiftet 2013-2014.  I hans sjefstid vart Bjerknessenteret eit av dei første sentra for framifrå forsking i Noreg.

Jansen var den einaste norske forskaren som var med i sluttforhandlingane om FNs 4. klima-rapport i 2007. Det var det året FNs klimapanel fekk Nobels fredspris.  Han heldt fram med arbeidet i klimapanelet, og i 2013 var han ein av dei sentrale forskarane som utforma den 5. rapporten.  Han ønskte sjølv å gå av som leiar i Bjerknessenteret for å få tid til å driva med eiga forsking – i tillegg til rådgjeving.

Før Jansen gjekk av som direktør, søkte senteret om midlar frå det europeiske forskingsrådet, og av 450 prosjektsøknader var der berre 13 som kom gjenom nålauget – ein av dei var Bjerk- nessenteret!  Vanlegvis er ikkje 13 rekna som lukketal, men for Jansen har det verka motsett:

13 år som grunnleggjar og direktør av eit  norsk forskingssenter som driv med global klima-forsking – og eitt av dei 13 som får mellom 50 og 60 millionar til forsking av Grønlandsisen.

Skulle ein ta med alt Eystein Jansen har fått til så langt, ville det fylla ei heil avisside, men me må ta med at ein av grunnane til at han valde geologstudiet var at han i unge år hadde så stor glede av å vera i naturen og at han i tillegg undra seg over kvifor landskapet ser ut som det gjer.

Jansen seier det er grunn til å vera uroleg for framtida, og at det er viktig å formidla kunn-skapen forskarane sit på.  Etter at siste klimarapporten var lagt fram i Paris før jul, har han halde mange foredrag.  Det han skal halda for oss har han gitt tittelen «Klimaendringene: hva vet vi og hva vil de føre til?» Han seier det var fordi han var nysgjerrig at han valde forskings- vegen.

Klimaendringane angår alt levande no og i framtida.  Eystein Jansen vil dela litt av kunn-skapen sin med oss – og kunnskap er ei bør som er lett å bera.

Me ønskjer alle velkomne til møte tirsdag 23. februar!

 

Kjellaug Arnulf

Lest 719 ganger
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data