lørdag, 23 januar 2016 11:39

FOLKESKIKK OG NABOSKAP

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Geir Pollen er førelesar i Sunnhordland Senioruniversitet i Bømlo kulturhus tysdag 26. januar 2016. Den innfødde målselvdølen kom til verda i 1953. Etter studier med nordisk som hovudfag ved Universitetet i Tromsø, drog Pollen til Austlandet, og seinare til Sankt Petersburg og Moskva. På sistnemnde stad har han stilling ved Universitetet. Som den språkmektige personen han er, har han gitt ut lyrikk og prosa på nynorsk og bokmål. Han har omsett litteratur frå tysk, russisk, svensk og fransk. Sume av Pollens arbeid er omsett til fleire språk. Hos Geir Pollen blandar underfundig humor seg med eksistensielt alvor. Han unngår overdrive og avstandsskapande akademisk språk. Pollen har brukt tilhøvet mellom Russland og Noreg til å illustrera tematikken "Folkeskikk og naboskap" på ein underfundig, humoristisk og eksistensielt alvorleg måte. Dei av oss som høyrde forfattaren på Skjervheimseminaret på Voss i 2015 er ikkje i tvil om at også sunnhordlendingar vil få ei stor og tankevekkjande oppleving i Bømlo kulturhus. -  Arvid Vatle.

Lest 643 ganger
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data