onsdag, 02 desember 2015 22:31

TANKAR OG ORD MELLOM HIMMEL OG JORD

Skrevet av P. Stenberg og K. Arnulf
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Sunnhordland Senioruniversitet ønskjer alle velkomne i Bømlo kulturhus tysdag 8. desember kl 11.00. Det blir ikkje kaffipause, men sidan me er i julemånaden, vil Senioruniversitetet spandera graut og kaffi etter forelesingane. 

Først møter me tidlegare apotekar Fredrik Fladmark frå Stord – med emnet: «Et nytt syn på verden.  Forstår vi alt mellom himmel og jord ?  Et skråblikk på naturvitenskapen.»

Deretter vil Sigmund Røksund gi oss eit møte med vår eigen diktar, Birger Røksund. Han har kalla forteljinga «Far min Birger, liv og dikting.»

Bolk 1

Etter 26 år som apotekar på Stord og 11 år på Bømlo tenkjer kan henda mange av oss på han som «apotekaren». I dei 40 åra han har budd på Stord har han i tillegg markert seg på fleire måtar innan samfunns- og kulturlivet på øya.  Han er kjend som bildande kunstnar, som skodespelar, som tekstforfattar med mange tekstar i kvar av dei 20 revyane han har teke del i og som ein ivrig aviskommentator både i lokal- og rikspressa. Han har givnaden å kunne uttrykkja seg klårt og tydeleg både skriftleg og munnleg samstundes som han ber fram sine meiningar på ein lun og humoristisk måte.

Til Senioruniversitetet kjem Fladmark i første rekkje som tenkjar/filosof,  og han vil ta oss med inn i si tankeverd. 

Bolk 2

Birger Røksund levde ved Røyksundkanalen og dreiv blant anna med fiske og småbruk.  Mange av oss kjenner han kanskje først og fremst som lyrikar.  Første diktsamlinga si kalla han naturleg nok «Tjøre og sjø», begge delar høyrde heime i livet hans.  Dikta hans handlar om slitet med å henta mat frå åker og hav, om skikk og bruk i helga og vyrka, om kjærleik og sorg – alt skrive med innleving og med respekt for liten og stor i samfunnet. Ein annan bygdediktar, Halvor Geitung, skreiv nokre fine vers som hylling til Birger’en sin 80-årsdag, der eine verset lyder slik:

Du vaks opp  nære til Vetahaugen – og vest frå havet du høyrde Draugen,

Men segn og soger seg trengde inn, du tok mot alt i ditt barnesinn.»

 

Paul Stenberg

 

Kjellaug Arnulf

Lest 1529 ganger Sist redigert onsdag, 02 desember 2015 22:37
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data