lørdag, 07 november 2015 12:27

Møte med ein annleis kultur

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

kl 1100, 24. november kan me høyra tidlegare felstprest i Libanon, Jens Olav Mæland forelesa i Bømlo kulturhus om emnet "Møte med ein annan kultur".

Sunnhordland Senioruniversitet har i haust hatt både filosofiske, romfartstekniske og kunstnariske forelesingar. No står Midtausten for tur.  I denne på mange måtar mørke novembermånaden, får senioruniversitetet vitjing av tidlegare bataljonsprest, bømlingen Jens Olav Mæland.  På forelesinga i Senioruniversitetet vil Jens Olav Mæland ha fokus på Libanon, og han vil gje glimt frå ein annleis kultur- og livs-situasjon som rår der. Heile Midtausten er i omforming, og det er viktig å få innsikt i dei sosiale, kulturelle og religiøse spenningane og motsetnadane der. Har folket der ei framtid, eller må dei leva med vald og krig?

Slik situasjonen er i Libanon i dag er det vanskeleg å komma utanom Libanon si rolle som «flyktningleir» for Syriakrigen.

Mæland gjorde teneste som bataljonsprest ved den norske FN-styrken i Sør-Libanon i 1993-94, og han var lærar i militær yrkesetikk ved Hærens Krigsskole frå 1994-97 og underviste i dei åra nye FN-kontingenter i "Religion og kultur i Midtausten".  Han har hatt fleire studieopphald i Beirut med fokus på identitetskrisa under borgarkrigen i Libanon(1975-90). Mæland var sokneprest i Etne frå 1997-2009. Han har også vore lærar i teologi ved Fjellhaug Misjonsskole i over 20 år, med etikk og kristent trusforsvar som spesialfelt.  

Mæland har vist engasjement for dei kristne palestinarane sin situasjon i Det heilage landet, og er medlem av den tverrkyrkjelege organisasjonen "Sabeel" ('Veien') som arbeider for rettferd og forsoning i den israelsk-palestinske konflikten.

Lest 1759 ganger Sist redigert mandag, 23 november 2015 10:27
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 17th. Designet av Ornell data