onsdag, 14 oktober 2015 10:50

Musikken som sprang ut av den franske revolusjon

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(3 Stemmer)

Dette vert temaet for samlinga i Sunnhordland Senioruniversitet tysdag 27. oktober. Til å forelesa for oss har me fått Erling Dahl jr.  Han er tidlegare direktør for Edvard Grieg Museum på Troldhaugen og Festspillene i Bergen. Han har omfattande musikkutdanning, er sjølv utøvande musikar og har halde foredrag og forelesingar i mange land.

Denne gongen vil han ta føre seg musikken som vart utvikla i kjølvatnet av den franske revolusjonen i 1789. Med ideala «Fridom, likskap, brorskap» førte denne revolusjonen til store politiske, økonomiske og kulturelle omveltingar i Frankrike med ringverknader for heile Europa. Frå rundt 1770 og fram til århundreskiftet sto kunstnarar, vitskapsmenn og filosofar fram på rekkje og rad.

I musikken vart Haydn og Mozart dei store overgangsfigurane, som med utgangspunkt i barokken og rokokkoen utvikla nye former, t.d. sonatesatsforma og symfonien. No vaks og musikar/komponistyrket fram som eit sjølvstendig og anerkjent yrke. Mozart vart den første frie komponisten.

Etter dei kom komponistar som Beethoven og Schubert og tok den klassiske stilen til Mozart og Haydn inn i Romantikkens tidsalder.

Me håpar mange vil nytta dette høvet til å få eit uforgløymeleg møte med og glimt inn i  den klassiske musikken sitt univers.

Lest 2207 ganger Sist redigert onsdag, 14 oktober 2015 10:59
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data