søndag, 06 september 2015 10:04

Erik Tandberg

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

BØMLO KULTURHUS 6. oktober kl 11

20. juli 1969 sat “heile Norge” framfor TV-skjermane og høyrde Erik Tandberg og Jan P. Jansen kommentera den første landinga på månen med Apollo 11. På sin innsiktsfulle og entusiastiske måte klarte dei to å formidla teknologien bak og hensikten med prosjektet.

Tandberg har sjøl kalla dette den største hendinga på 1900-tallet. Han har sidan vore å sjå i mange andre romfartsprogram på NRK, og har vore flittig brukt som foredragshaldar med romfart som tema.

Heilt frå unge år hadde han stor interesse for fly, og alt i 1952 reiste han til USA, der han fekk utdanning som mekanikar for fly og jetmotorar. Vidare kosta Luftforsvaret på han studier ved fleire universitet i California

Fram til 1971 gjorde han teneste i Luftforsvaret, med opp til majors grad. Han var mellom anna prosjektleiar for jagarflyet F-5. Med stipend frå NASA og frå Norge, studerte han på 60-talet rakettmotorar og forbrenningsteknologi ved Princeton University, New Jersey.

Etter Luftforsvaret har Tandberg arbeidd i ymse firma med teknologiske oppgåver, mellom anna som konsulent for Norsk Romsenter. I 2007 ble han utnemnd til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Samspelet mellom Erik Tandberg og Jan P. Janseni 1969 skilde seg frå det me var vane med å høyra på fjernsyn: Dei brukte ordet ”du” istadenfor ”De”. Dette førte til at kringkastingssjefen oppfordra NRK-medarbeidarane til å bruka eit meir uformelt språk.

Me seniorar ser fram til å høyra nytt om romfart i forelesinga i Bømlo kulturhus tirsdag 6. oktober kl 1100.

Lest 2360 ganger Sist redigert onsdag, 14 oktober 2015 10:53
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data