mandag, 06 april 2015 10:01

Russlands tilhøve til Ukraina og Vesten

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

«Det er ikkje møteplassar og meklarar som manglar.  Det er vilje til å løyse konflikten som manglar» seier tidlegare ambassadør Øyvind Nordsletten i eit intervju i «Dag og Tid», der spørsmålet gjaldt konflikten mellom Ukraina og Russland.

Me ønskjer alle velkomne til høyra Øyvind Nordsletten tysdag 28. april kl 11 i Bømlo kulturhus.

Øyvind Nordsletten kjem for å førelesa om «Russlands tilhøve til Ukraina og Vesten» - eit svært aktuelt tema.  Me kunne knapt fått nokon som kjenner betre til dette enn han.  I meir enn 30 år har han vore tilsett i utanrikstenesta. Han var vår første ambassadør til Ukraina og Kviterussland.  I kjølvatnet av Treholtsaka vart han erklært  persona non grata i Sovjetunionen, men i 2000 vart han utnemnd til ambassadør til Den russiske føderasjonen.  Av dei mange oppdraga i utanrikstenesta har han i tillegg m.a. vore ambassadør til Irland – og i dag er han generalkonsul i Murmansk.

I 2011 var det eit viktig møte i Oslo mellom utanriksministrane Sergey Lavrov og Jonas Gahr Støre, der ratifikasjonsdokumenta om avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet vart utveksla.  Dette møtet slutta med at Øyvind Nordsletten vart tildelt Russlands Venskaps-orden for den store innsatsen hans for styrking av det norsk-russiske forholdet.

Nordsletten har ikkje berre drive utanriks – han er jærbu og han og kona, Åslaug Undheim,  har flytta eit 100 år gammalt  hus til Bryne og restaurert det.  For dette fekk dei Time kommune sin kulturvernpris for «Arkjå» som dei kalla huset.

Kjellaug Arnulf 

 

Lest 2321 ganger Sist redigert tirsdag, 12 mai 2015 22:16
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 26th. Designet av Ornell data