tirsdag, 24 februar 2015 09:47

Årsmelding 2014

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Styrets arbeid:  Sidan årsmøtet 2014 har styret hatt seks møte og handsama 32 saker. Sakene har naturleg nok vore prega av at styret  er på stadig leit etter gode, aktuelle førelesarar til samlingane våre

Foredrag:

I 2014, rekna frå nyttår, har ein hatt 11 samlingar med i alt 12 førelesarar.

28. Januar: Professor Jørn Øyrehagen Sunde: Grunnlova 1814. Korleis vart Norge eit rike (137 frammøtte)

25. Februar: Redaktør Kjartan Rødland: Historien om Bergensbanen. (114 frammøtte)

25. Mars: Riksarkivar Ivar Fonnes: Frå pergament til digitale medier ( 120 frammøtte)

8. April: Professor Terje Tvedt: Ei reise i vatnet si historie ( Kveldsforedrag 100 frammøtte )

29. April : Redaktør Per Edgar Kokkvold: Om ytringsfrihet. (130 frammøtte)

27. Mai: Professor Ola Grytten: Hans Nielsen Hauge. (152 frammøtte)

26. Aug: Islandskjennar Karvel Strømme: Island, kultur og historie (88 frammøtte)

30. Sept: Professor Gunnstein Akselberg: Stadnavn i Sunnhordland. Språk og identitet(117 frammøtte)

28. Oktober:  Seniorforskar Sverre Lodgaard: I kjølvatnet av den Arabiske våren.(142 frammøtte)

18. Nov. Professor Bodil Holst. Om Nanoteknologi. (170 frammøtte)

9. Desember: Dobbelførelesing: Journalist Olav Kobbeltveit: Jakob Sande– Liv og dikting. Shantysongar Haakon Vatle: Ei innføring i songtradisjonen Shanty. (283 frammøtte)

Oppmøte:  Gjennomsnitt frammøtte 2014 var 141. Dette er ein auke på 25 % frå året før (22% frå 2013 -2014). Oppmøtet har dermed ei bratt stigande kurve, og eitt av tiltaka i den samanheng er at forelesingane alltid vert haldne i storesalen. Det er også gledeleg å sjå at også elevar frå den vidaregåande skulen deltek på fleire av forelesingane.

Tilgang på fordragshaldarar:   Arbeidet i styret har i stor grad vore knytt til val av foredragshaldarar. Utvalet  er mangfaldig og godt. Utfordringa har oftast vore å finna ei fordeling av aktuelle tema. Styret kan derfor lova både aktuelle, interessante og utfordrande tema utover i 2015 og 2016.

Drift og økonomi:  Sunnhordland Senioruniversitet har ein god økonomi. Dette er takka vere godt oppmøte på foredraga og bidrag frå sponsorane. Takk til alle og til dei som bidreg økonomisk og til dei som bringar vidare positiv omtale av førelesingane. Inngangspengar er uendra kr 100,-

Samarbeid:  Styret vil spesielt retta ei hjarteleg takk til to svært velviljuge og trygge samarbeidspartar: Bømlo kulturskule som bidreg til samlingane med ei musikalsk opning, og Bømlo Kulturhus som koordinerer dei ulike delane av programmet vårt.

Bremnes, 26. januar 2015

I arbeidsåret 2014-2015 har styret vore samansett slik:

Anders Legland. Leiar og kasserar.  -  Kjellaug Arnulf. Nestleiar.  -  Jan Willy Folgerø-Holm. Skrivar.  -  Arvid Vatle. Styremedlem.  -  Ana Talbot Meling. Styremedlem  -  Sigmund Røksund. Styremedlem.  -  Svein Kåre Meling. Varamedlem.  -  Paul Stenberg.   -  Varamedlem.

 

Lest 2800 ganger Sist redigert onsdag, 11 mars 2015 16:52
Sigmund Røksund

Styremedlem og web ansvarlig i Sunnhordland Senioruniversitet.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 21st. Designet av Ornell data