torsdag, 06 april 2017 20:48

Vedtekter

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

VEDTEKTER.

for Senioruniversitetet Øygarden og Sotra

l. Føremål
SENIORUNIVERSITETET Øygarden og Sotra (SØS) er ein sjølvstendig, ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap, som gjennom føredrag, kurs- og gruppeverksemd eller individuelt arbeid, tek opp utvalde fag og emne ̶ utan sikte på å gje formell kompetanse.

2. Medlemskap
Medlemskap i SØS er ope for alle og forutset betaling av medlemspengar.

3. Styret
Styret er sett saman av leiar og 4 styremedlemer.Det skal veljas 3 varamedlemer.
Leiar og varamedlemer vert valde for eitt år om gongen. Styremedlemene elles vert valde to år, men slik at to er på val kvart år.
Det skal takast omsyn til at styret får ei rimeleg samansetjingav båe kjønn.
Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar og sekretær. Kasserar og sekretær kan
også engasjerast utanom styret når det er føremålstenleg.
Styret kan ta avgjerder når minst tre styremedlemer er til stades. Leiar har dobbeltrøyst ved likt røystetal.
SØS vert forplikta av leiar si underskrift og/eller den styret gjev fullmakt.
Det skal førast møtebok for kvart styremøte.

4. Årsmøte
Årsmøtet er det øvste organet.
Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Innkalling til årsmøte skal sendast skriftleg til medlemene og elles gjerast kjend i ei ope førelesing og i lokalavisa minst to veker i førevegen.
Dagsorden og sakspapir skal samstundes gjerast tilgjengelege for medlemene.

Årsmøtet skal handsama årsmelding og revidert rekneskap, vedta medlemspengar og budsjett,
velja leiar, styremedlemer, varamedlemer, revisor og vararevisor. Det skal også veljast eit valstyre på tre medlemer.
Alle forslag på valg av tillitsvalgte fremmes av valstyret, inkl. nytt valstyre. I tillegg skal innkomne saker også handsamast
Revisorar og valstyre vert valde for 1 år. 

I samband med personval skal det vera skriftleg røysting dersom det vert kravd. Ved like mange røyster er den personen vald som høver best ut frå dei overordna krava til styresamansetjinga. Ved likskap elles skal valet avgjerast ved loddtrekning.
Medlemer som vil leggja fram saker for årsmøtet, eller har framlegg til vedtektsendringar, må senda desse til styret minst to veker før årsmøtedato.
Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman med tre vekers varsel av styret, eller når minst l0% av medlemene gjer skriftleg krav om det. Kunngjering og saksførebuing som til ordinært årsmøte.
Årsmøtet er vedtaksført når minst l0% av medlemene er til stades.

5. Vedtektsendringar
Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal på årsmøtet.

6. Oppløysing
SENIORUNIVERSITETET Øygarden og Sotra (SØS) kan oppløysast med 2/3 fleirtal på årsmøte.
Eventuelle midlar og eignelutar skal nyttast til fremjing av seniorkulturen i regi av Folkeakademiet.


Vedtekne av årsmøtet 29.03.00.

Endringsvedtak av årsmøtet 03.04.2002: p. 3, tredje avsnitt + namnet.

Endringsvedtak av årsmøtet 14.03.2012: p. 3, 4de avsnitt. - funksjonstid tillitsvalgte

Endringsvedtak av årsmøtet 10.03.2015: p. 3, 4de avsnitt slettes. – funksjonstid ikke lenger begrenset til 6 år. 
                                                            p. 4, presisering av valstyrets mandat.

Endringsvedtak av årsmøtet 10.03.2016: Valstyrets og revisors funksjonstid.

Endringsvedtak av årsmøtet 03.03.2017: p. 3 styrets samansetjing.
                                                            p. 4 "ein fra kvar kommune" utgår  


Lest 218 ganger Sist redigert torsdag, 06 april 2017 21:48
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data