onsdag, 06 juni 2018 12:08

Program hausten 2018

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Senioruniversitetet arrangerer 5 foredrag hausten 2018. 
Til julelunsj i samband med møtet i desember er det påmelding.

Måndag 3. september kl. 11.00–13.00 

Mari Lyssand: Om Ole Bull og kvinnene. Om viktige kvinner i eit eventyrleg musikarliv.

Ole Bull (1810-1880) var den første internasjonale superstjerna frå Noreg. Han var ein sann fiolinvirtuos og ein superb improvisator, og spelte for enorme publikum i Europa og USA. Damene dånte og vaksne menn blei rørt til tårer. 
Ole Bull var ven med mange prominente menn innafor norsk og internasjonal kunst og politikk. Attåt var han heile livet omgjeven av interessante og dyktige kvinner. Nokre av dei sto han nær i lange periodar. Andre opplevde korte møte som gjorde inntrykk, som då den unge Camilla Wergeland, seinare Collet, skreiv etter ein konsert at «Var jeg ikke Camilla Wergeland, vilde jeg være … Madame Bull!»

Mari Lyssand har vore Ole Bull-entusiast heilt frå ho fekk sommarjobb som omvisar ved Museet Lysøen i 1989. Ved sidan av arbeid som journalist og omsetjar har ho kvart år sidan hatt oppdrag på Lysøen. Ho har formidla historia om Ole Bull til barnehageborn, skuleelevar og museumsgjester frå inn- og utland, og vore konferansier ved fleire hundre konsertar. 

 

Måndag 24. september, 11.00–13.00

Grethe Paulsen Vie: Om lagnaden til dei reisande – og livet til sjøsplintane på Vestlandet.                                                                

Kvar sommar til langt ut på 1960-talet kom det splintar til bygda sommarstid. Ofte sjøvegen. Dei banka på dører og  baud fram ting for sal. Somme oppfatta splintelivet  som eksotisk og forlokkande, andre såg på dei reisande med skepsis og mistru.

Det farande folket her til lands har historie tilbake til 1500-talet . Det norske samfunnet har gjort dei mykje urett. Kvinner og menn vart tvangssendte til arbeidsleirar. Dei fekk forbod mot å bruka hestar. Det vart  nytta lobotomering. Kvinner vart steriliserte. Barna vart tatt frå foreldra og plasserte i barneheimar.  Grethe Paulsen Vie vil fortelja om dei reisande  si historie, og særleg ta for seg livet til båtsplintane på Vestlandet. Ho vil også koma inn på livet ved Askviknes barneheim som tok i mot splintebarn frå 1900 til 1953. 

Grethe Paulsen Vie er konservator i Haugalandsmuseene. Ho er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Vie har i mange år dokumentert historia til romanifolket som reiste sjøvegen. Haugalandsmuseene har opparbeidd eit arkiv med bilete, intervju og forteljingar om livet som båtreisande i perioden 1900-1980.

 

Måndag 22. oktober kl. 11.00–13.00 

Geir Olve Skeie: Musikk og hjernen. Kan musikk lindra helseplager?

Geir Olve Skeie er overlege ved Nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus og professor II ved Griegakademiet i Bergen. Sidan 2005 har dei to institusjonane samarbeidd om musikkterapi til ulike nevrologiske pasientar, spesielt Parkinson- og slagpasientar.

Skeie har studert både musikk og medisin. Han har over fleire år forska på kva verknad musikk har på hjernen. Kva prosessar går føre seg i hjernen når vi lyttar på musikk? Kan musikk lindra helseplager?

 

Måndag 12. november kl. 11.00–13.00 

Jimmy Næs: Ingvar Moe, tekstar – tonar – tankar.

«Me ska leva så kort, og vara daue så skrekkjele lengje»,skreiv Ingvar Moe. Det  gjeld å nytta tida – og ta vare på stundene. Ingvar Moe debuterte som diktar 39 år gamal og fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris. Då sprang det ei kjelde i han. Dei neste 17 åra var han umåteleg produktiv. Han gav ut diktsamlingar, barnebøker, morobøker, noveller, romanar og lærebøker. Han skreiv viser for plateartistar, og han omsette tekster frå engelsk. Han farta rundt på opplesingsturnear, åleine og saman med mellom andre Stanley Jacobsen. Ingvar Moe var den mest populære og hata morgonkåsøren i NRK på 1980-talet. I alt han skreiv – i skjemt og alvor – ligg ein undertone av sympati med dei svake i samfunnet. Ingvar Moe døydde i 1993, berre 56 år gamal.

Jimmy Næs er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar. Han bur i Etne, i den bygda der Ingvar Moe voks opp. 

 

Måndag 3. desember kl. 11.00–12:00 

Ole Didrik Lærum: Målaren Nils Bergslien og folkelivet.         

Kunstnaren Nils Bergslien (1853-1928) hadde eit mangslunge talent. Han var målar, illustratør, bilethoggar og teiknar. Mest skatta er hans nasjonalromantiske folkelivsskildringar, ikkje minst dei komiske nissebileta. Dei er utgitt som postkort. 

Nils Bergslien er fødd på Voss. Han vart forelska i ei jente frå Eidfjord, gifta seg og flytta dit. Nokre år seinare gav han ut kortstokken «Peik» der kongar, dronningar og knektar er karikaturar av kjende folk i bygda. Det fall ikkje i god jord.

Nils Bergslien fekk mange ulike utsmykkingsoppgåver. Av meisterverk vert bronserelieffet «Ridande vossabrudlaup» oftast nemnd. Nils Bergslien likte å ta seg ein fest. Hadde han ikkje pengar, gjorde han gjerne opp for seg med eit måleri. 

Professor Ole Didrik Lærum frå Voss har sagt ja til å fortelja om Nils Bergslien. Han  er ein namngjeten kreftforskar som har fått mange prisar for framifrå  formidling. Han har også skrive bøker om lokalhistoriske emne og lokale kunstnarar. Han var ei drivkraft for å berga "Bergslihuset" i Prestegardsmoen på Voss og å skipa Stiftinga for Bergsliminne.

Deretter, ca. kl. 12.30 Juleluns i restauranten i Oseana med litt underhaldning attåt.
Påmeldingsfrist: Tirsdag 20. november.

 

Lest 284 ganger Sist redigert onsdag, 06 juni 2018 12:46
Mer i denne kategorien « Os Senioruniversitet hausten 2018
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 16th. Designet av Ornell data