onsdag, 06 juni 2018 11:54

Os Senioruniversitet hausten 2018

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Os Senioruniversitet arrangerer møte med foredrag som gir fordjuping i aktuelle, historiske og lokale emne. Det krevst ingen forkunnskapar. 

Alle – unge og eldre – er velkomne!

Møta blir haldne i Oseana, Oseanasalen, 10 måndagar i året,

kl. 11.00–13.00.

Hovudmodellen er foredrag med innlagt kaffipause, og med høve til spørsmål og diskusjon etterpå.
Styremedlemmene er glade for å ta imot nye idear og forslag til program.

Semesterkort for haustsemesteret 2018 kostar 300 kroner

og kan kjøpast ved inngangen til møta eller ved innbetaling til bankkonto nr. 1503 61 84970 eller Vipps 93867.  Oppgi namn! Du får kortet når du kjem på møte. 

Enkeltbillettar, 100 kroner,

kan kjøpast ved inngangen for dei som ikkje har semesterkort, eller hos Oseana/Ticketmaster.

Til julelunsj 3. desember er det påmelding.

Senioruniversitetet får praktisk hjelp frå Os kommune
Finansieringa baserer seg for det meste på sal av semesterkort og enkeltbillettar.
Vi samarbeider med Folkeakademiet Os og Oseana som gir økonomisk støtte. Vi får også god støtte frå sponsorar.
Vi takkar alle og oppmodar om å støtte våre annonsørar.

Lest 589 ganger Sist redigert onsdag, 06 juni 2018 12:05
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 20th. Designet av Ornell data