torsdag, 10 mai 2018 19:31

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 7. mai 2018

Skrevet av Kjell Harald Lunde
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Professor Kjetil Bjorvatn: «Økonomisk ulikhet – et atferdsøkonomisk perspektiv»

Kva gjer økonomiske skilnadar med oss 

– og vi med skilnadane?

 

Vi lever i ei verd full av skilnadar. Kor store skilnadar godtar vi, og kva skal til for at vi skal endra framferd? Dette var spørsmål som åtferdsøkonom Kjetil Bjorvatn ved Norges Handelshøgskule prøvde å gi svar på til dei 88 frammøtte i Os Senioruniversitet sist veke.

 

Åtferdsøkonomien er eit nytt forskingsfelt som fekk eit skikkelig løft då Daniel Kahneman mottok Nobelprisen i økonomi i 2002. Han har skrive boka «Tenke, fort og langsomt». Tenkja langsamt og rasjonelt er fokus i standard økonomisk forsking. Tenkja kjapt og styrt av kjensler er fokus i åtferdsøkonomien.   

Fattig og rik

Skilnader finst både innafor og mellom grupper. Kjetil Bjorvatn viste eit lysark over fordeling av rikdom og helse (levealder) i ulike land. USA, Sveits og Norge scorer høgt på begge skalaane. Russland ligg høgt på rikdom, men scorer middels på helse. Afghanistan og Somalia er av landa som kjem dårlegast ut;  folk er fattige og dei dør tidleg.

Forskarane har sett på kor stor del av rikdomen som vert styrt av dei 10 prosent rikaste i USA og i Europa. Den rikaste ti-delen i USA disponerer forholdsvis større verdiar enn den same gruppa i europeiske land. På denne statistikken er Norge mellom dei landa der rikdomen  er jamnast fordelt. Men ein interessant – for ikkje å seia urovekkjande – observasjon er denne:  Dei rikast både i USA og Europa rår over ein stadig større del av rikdomen i landa. Unnataket er Hellas og Tyrkia. 

 

Godtar vi skilnadar?

Kjetil Bjorvatn peika på at stundom vert skilnadar aksepterte, medan andre gongar skaper skilnadar konflikt – det kan vera i ekteskapet, i arbeidslivet eller nasjonar imellom. 

Han viste film frå eit eksperiment med to aper som utførte arbeid. Først fekk den eine apa agurk i lønn og var såre nøgd. Så fekk den andre apa druer i lønn, favorittfrukta til apekattar. Dernest fekk den første apa agurk-lønn på ny. Då kasta ho agurken frå seg i bråsinne. Skilnaden førte til konflikt.

 

Trump som val-vinnar

Det kan synast som eit paradoks at Donald Trump sigra i presidentvalet i USA ettersom det i valkampen var fokus på at skilnadane i det amerikanske samfunnet har vorte større og større. Trump er rik og representerer republikanarane som er motstandarar av ein sterk stat og omfordeling av rikdom. Logisk sett burde det demokratiske partiet, som vil gå lenger i omfordeling, ha kome betre ut.

Dei tre forskarane Ingvild Almås, Alexander Cappelen og Bertil Tungodden ved Norges Handelshøgskule sette seg føre å finna ut kor store skilnadar folk er villige til å akseptera i USA og i Norge. Testen gjekk ut på at to grupper med arbeidarar vart lønna ulikt, den eine gruppa ut frå loddtrekking, den andre gruppa ut frå innsats.

Utvalde nordmenn og amerikanarar vart spurt på telefon om dei ville omfordela lønene.  Svaret var både-og. Både nordmennene og amerikanarane var villige til å akseptera nokre skilnadar - og større ved loddtrekking enn etter innsats. Nordmennene var mest villig til å omfordela for begge gruppene . Kjetil Bjorvatn slo fast at den amerikanske draumen framleis er høgst levande i USA: Om eg er fattig i dag, kan eg verta rik i morgon om eg berre brettar opp ermet. Paradoksalt nok viser statistikken at sjansen for å gjera økonomisk suksess er større i Norge og Sverige enn i USA.  

 

Å endra åtferd

Kjetil Bjorvatn fortalde at åtferdsøkonomane ved Norges Handelshøgskule har mellom anna fokus på følgjande problemstillingar:  Kva motiverermenneske til handling, er det for eksempel eigennytte, rettferd, konkurranseinstinkt eller freistnader? Og - korleis kan innsikt om motivasjonbrukast til det beste for samfunnet, for eksempel å betra miljøet, minska skattefusk eller gjera uhjelp meir effektiv?

Forskarane brukar statistikk for å finna svar, og metoden er lånt frå medisinsk forsking. Ei eller fleire grupper vert utsett for tiltak, og effekten vert målt opp mot ei kontrollgruppe.      

 

Ein liten dult

Åtferdsøkonomane har forska mykje på om små tiltak – ein liten dult, på engelsk «nudge» - kan føra til endring i åtferd. I England er det gjennomført eit omfattande testprogram for å få personar til å seia ja til organdonasjon. Etter at personar har vore inne på nettet og fått fornya førarkortet, kom det automatisk opp ei ny nettside med informasjon og spørsmål om donasjon. Ulike personar fekk ulik svarside. Somme sider hadde foto av menneske, medan ei side viste eit symbol. Det viste seg at symbolet var meir effektivt enn foto til å få folk til å svara ja.

Norges Handelshøgskule og Skatteetaten har testa ut tiltak for å få 18 000 nordmenn som har lata vera å rapportera alle  inntekter i utlandet, til å korrigera skattemeldinga. Dei 18 000 vart delte inn i fire grupper. Gruppe 1 vart ikkje kontakta. Gruppe 2 fekk eit nøytralt brev frå Skatteetaten. Gruppe 3 fekk i tillegg ei setning om at alle har eit moralsk ansvar til å betala skatt. Gruppe 4 fekk ei setning om at dei ville verta kontrollerte.  Størst effekt hadde brevet som varsla kontroll. 

 

Forsøk i Afrika

Kjetil Bjorvatn fortalde om fleire forskingsprosjekt i Afrika som han deltok i. Målet er finna ut om enkle tiltak har effekt. Eitt av prosjekta i Tanzania er å gi gründer-opplæring til unge kvinner som vil starta eiga bedrift. I Uganda er det eit prosjekt der funksjonshemma kjem saman. Dei set sparepengar inn i fellesskapet, og så vert  sparepengane lånte ut att i gruppa. 

På spørsmål frå salen oppsummerte Kjetil Bjorvatn at ingen økonom har tru på å fjerna alle skilnadar. Skilnadar kan skapa motivasjon til innsats. Men rike elitar som har mykje politisk makt, og som ikkje er villige til å medverka til å redusera skilnadar i samfunnet, kan verta eit demokratisk problem. Det beste tiltaket for å redusera skilnadar i eit samfunn, er å gi alle god utdanning.

Lest 232 ganger Sist redigert onsdag, 06 juni 2018 11:45
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data