tirsdag, 10 april 2018 13:03

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 9. april 2018

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Jan Spurkeland:
Ivar Medaas – kulturberar og gledesspreiar

Det vart både foredrag og marsipankake på dei 250 frammøtte på Senioruniversitetet i Os den 9.april. Temaet for dagen var om trubaduren Ivar Medaas. Og då møtet fann stad på 80-årsdagen for fødselen hans, var det grunn til litt ekstra feiring! 

Foredragshaldaren denne dagen, Jan Spurkeland, som følgde Medaas tett gjennom 50 år og har skrive bok om kunstnaren, fortalde at han hadde gledd seg til endeleg – 18 år etter at boka kom ut – å få lov til å halda foredrag om denne heilt spesielle venen. Og foredrag blei det, med innslag av både gitarspel, solosong og allsong og ulike sitat og historier som var henta frå ein slagferdig Medaas.

Foredragshaldaren fortalde om første møtet med artisten då Ivar som 14-åring song viser på basar i Alværsund, Dei vart raskt vener, og vi fekk høyra om inntrykk frå Medaasheimen der faren var heller introvert og tagal, medan mora Jenny, oppvaksen på Røttinga, var aktiv, sprudlande, oppmuntrande  og kulturell. Ho var sonen sin manager frå han var ganske liten; høyrde på han, oppmuntra han, støtta han og dreiv han framover. Og med problem med synet og lite fysisk sprek, var nok hjelpa frå mora god å ha. 

I vaksne år var det kona, Kari, som vart både medartist og støttespelar. Ho var ei jente frå Oslo som han møtte på dans på Voss. Sjølv fortalde han at det var to andre jenter som trudde han såg på dei og skulle by dei opp, men han hadde vald seg ut Kari. Det var vanskeleg å sjå på augo hans kven han tok sikte på! For Kari vart det ei livsoppgåve å ta seg av Ivar. Ho var med han på alle reiser, køyrde han dit han skulle, sto på scenen og song saman med han som Vestlandsduoen eller var ved scena og sytte for at han heldt seg innanfor grensene! Tre born fekk dei saman, og i nokre år var og borna med som deltakarar i song og underhaldning saman med foreldra. 

Ivar Medaas synte tidleg at han var ein underhaldar, ein enterteinar. I heimen brukte han loftstrapppa som scene for framføringar for vener og kjente. I ungdomen vart bandet Trio Intim danna, der Ivar Medaas saman med Jan og Kjartan Spurkeland dro rundt i distriktet og spela til dans. I den tida skaffa han seg den første bassgitaren på Vestlandet. 

Eit par og tjue år gamal drog Ivar Medaas til Oslo for å gå på skule. Men vegen gjekk fort inn i underhaldningsbransjen, først saman med Ellen Fredriksen som han deltok i turnéar og konkurransar saman med før Jens Book Jensen tok fatt i han og fekk han inn i artistmiljøet. I førstninga var det utfordrande for ein med striledialekt å vera i hovudstaden, men frå han braut gjennom som artist i 1963 med m.a. knallsuksess på Chat Noir, så vart han ein del av kultureliten i Oslo. 

Medaas var så absolutt annleis enn dei fleste andre nasjonale artistane. Dialekten var annleis, utsjånaden skilde seg ut, han var ein særs dyktig hardingfelespelar som hevda seg i landskappleiken, og klara kunstykkjet å få braksuksess på Chat Noir ved å forklara og spela ein springar der! Det som gjennomsyra han, var ønsket om å spreia glede. Han gjøgla med alt som kunne gjøglast med, hadde ein gjennom utvikla sjølvironi og var ein meister i timing for å møta kvart publikum nett der dei var. Ingenting var innøvd og kunstig, han var tvers gjennom ekte, hevda venen og foredragshaldaren Spurkeland. Sjølvironien skein og gjennom då han hadde fått slag og var sitjande i rullestol. Då hevda han at han etter å ha vore den første stand-up comedian i Noreg, no og vart den første sit-down comedian i landet! Og enda om han dei siste åra sleit med mykje, så hadde han alltid eit smil på lur. Sjølv då han var døyande,  var det om å gjera for han å få dei som kom og vitja han til å le! 

Det er 13 år sidan Ivar Medaas døydde. Han var ein uvanleg artist som spente over eit uvanleg stort register. Hos Ivar Medaas fann ein både ein gjøglar, ein visesongar, ein komponist med stor produksjon, ein felespelar, ein revyartist, ein kulturberar, ein samfunnskritikar, ein strileromantikar, ein verdiformidlar og ein ihuga nynorskmann. Det som nok likevel lever lengst etter han er songane han formidla og som fann god klangbotn, især hos vestlendingar. 

Og då forsamlinga fekk stemma i Dar kjem dampen,var det tydeleg at Medaas sine songar heller ikkje er gløymde her i bygda!

Lest 226 ganger Sist redigert tirsdag, 10 april 2018 13:15
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 22nd. Designet av Ornell data