fredag, 23 mars 2018 17:33

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 19. mars 2018

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Er det trygt å bli eldre i heimen din?

Er Velferdsteknologi løysinga?

Spørsmåla vart stilte av Hans Ekornholmen, utsending frå Pensjonistforbundet, til dei frammøtte i Oseana 19.3. Møtet var skipa av Os kommune og Os Senioruniversitet i fellesskap.  

Eldrebylgja må ikkje omtalast negativt! hevda han. Alle ønskjer vi å leva så lenge som mogeleg! Då vert det viktig at både den einskilde, nærmiljøet og kommunen legg til rette for at tilværet som eldre må bli godt, og trygt. Eit uttalt mål må vera at den einskilde eldre kan få bu i eigen heim så lenge det er mogeleg.

Berre den einskilde kan svara for sin eigen heim, men foredragshaldaren gav døme på korleis ein kan sikra tryggleiken både gjennom det ein sjølv kan gjera og kva kommunen har ansvar for å hjelpa til med.

Nokre av råda er enkle og mest sjølvsagte, men godt å bli minna om: syt for å trena opp balansen , hald deg i aktivitet, bruk gjerne gåstavar - dei kan gje god støtte og aukar og mosjonen, ha alltid litt lys ståande på om natta for å hindra å snubla i mørket, bruk piggar på sko når det er glatt, syt for å ha sklimatte i dusj og badekar!

Andre råd var av det meir teknologiske slaget. Ekornholmen peika då særleg på 4 teknologiske hjelpemiddel som alle kommunar er pålagt å skulle leggja til rette for innan 2020, enten ved å leiga eller å låna ut til dei som treng dei.

Det eine er elektronisk dørlås der ein ikkje treng nøkkel, men der t.d. heimehjelp kan koma seg inn via kode eller kodebrikke. Elektronisk pilledispenser vart det så vist til – ei innreiing som både doserer tablettar i riktig mengd og til rett tid, og som i tillegg gjev brukaren ei påminning dersom medisinen ikkje vert teken når han skal! Ein GPS-sendar kan gje hjelp til dei som har vanskeleg for å orientera seg ute og kan og visa familie eller helsevesen kor den einskilde er til  kvar tid er, dersom dette er naudsynt. Det fjerde hjelpemiddelet som kommunane er pålagt å kunne tilby, er tryggleiksalarm, ein alarm som brukaren kan nytta seg av i situasjonar der han treng hjelp eller assistanse.

Fjernkontroll til TV og annan apparatur, kan vera ein god hjelp i kvardagen. Det kan og ein robotstøvsugar vera når det blir vanskelegare å halda reint! Det finst appar for telefonar som gjer at ein kan raskt tilkalla ambulanse både frå lufta og på hjul, varselklokke som seier frå dersom ein går ut av huset når ein ikkje skal om natta, og matte til å leggja i senga og som varslar dersom ein person blir lenge borte frå senga si om natta. Ulike typar varslingssystem kan knytast opp mot ein alarmsentral som då sender ut folk dersom noko ikkje er som det skal vera. Og foredragshaldaren fortalde vidare om sensorar som kunne varsla fall, system for å sikra at all elektrisk apparatur var av om natta, automatisk oppvarming av rom ut frå tid og aktivitet, sensor for å varsla flaum i heimen og automatisk tørking av håret!

Mykje kan leggjast til rette ved hjelp av nyare teknologi. Vi fekk sjå ein video om korleis ei oppfinnsam «Margot» nytta teknologien men og sytte for å «narra» både teknologien og hjelparane ho hadde!  Desse glimta førte til god småhumring i salen!

Å sjå på heimen med kritiske auge – å ta ei risikovurdering i heimen for å sikra seg mot skader - var noko som forsamlinga blei oppmoda til. Er der brannvarslarar, brannteppe, utstyr for sløkking av brann, førstehjelpssaker, forstørringsglas med lys, komfyrvakt i huset? Sklisikre tepper? Treng du å skriva opp det du skal gjera? Hugsar du å eta?

Mange sikringstiltak er enkle – nesten banale, men dei er likevel viktige å hugsa på! Men aller viktigast er det i god tid å tenkja gjennom slik at den einskilde kan vera med på å planleggja, vurdera og å ta avgjerd i høve til sikringstiltak i eigen bustad. Dette gjeld og når det oppstår trong for større og breiare hjelpetiltak. Brukaren skal sjølv medverka i vala som vert gjort.  Eldreråd og leiar av hjelpetenester har eit særskild ansvar for å syta for at dei som treng det, får hjelpa dei har rett på  OG at både sjølvbestemming, den einskilde sitt menneskeverd og privatliv vert ivareteke på ein god måte!

ER så velferdsteknologi løysinga for å kunne bu trygt i eigen heim? Svaret er ikkje eintydig. Uansett teknologiske løysingar; den nære, menneskelege omsorga og «dei varme hendene» må ein alltid  syta for er tilgjengeleg. Alle har trong for nærleik og menneskeleg kontakt!   Så får dei praktiske og teknologiske løysingane koma i tillegg!

Lest 444 ganger Sist redigert fredag, 23 mars 2018 17:39
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Wednesday the 15th. Designet av Ornell data