fredag, 16 mars 2018 16:49

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 5. mars 2018

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Førsteamanuensis Thor Øivind Jensen: Det elektroniske demokratiet.

Kva gjer det elektroniske samfunnet vi lever i med oss? Er det til styrking eller svekking av demokratiet? Dette var spørsmål som førsteamanuensis Thor Øivind Jensen prøvde å gje dei 113 frammøte i Os Senioruniversitet 5.mars nokre svar på.

Hundre år attende var «skrivemaskinstovene» ein viktig veg inn i arbeidslivet for ei stor mengd kvinner. Samstundes var det menn som leia og kontrollerte arbeidet. Og kvinnene let seg leia og styra. Men endringar kom, desse arbeidsplassane forsvann og dette ga kvinnene både problem og meir frigjering. Jensen nytta dømet som illustrasjon på store endringar som førte til endra demokrati på arbeidsplassane.

Store endringar kan samstundes virka både forlokkande og spanande. Korleis ser vi eigentleg på tekniske framsteg? Ofte blir framsteg møtt med angst.  I si tid ville Stortinget ikkje ha farge-TV i Norge! Men dei gjekk med på ein forsøksperiode, som vart uendeleg!

Siste femti åra har andre, store endringar gått føre i samfunnet, ikkje minst knytt til den elektroniske utviklinga.  På 1950 talet og nokre tiår framover var det stor teknologioptimisme. Alt skulle kunne løysast via ny teknologi. Ein så føre seg ei maskin som kunne svara på alt og løysa alle problem. Tanken var og at alle måtte læra seg å programmera. Hus skulle vera datastyrte, og alle skulle kunne sitta heime og jobba. Noko av dette er skjedd, men samstundes viser det seg at menneske ønskjer fellesskap i arbeidslivet, og dei flest ønskjer ei viss styring av kva som skjer i eige hus. Og automatiske nyhende, som og var påtenkt, blir heilt feil – ein ønskjer ikkje datadrivne vedtaksprosessar.

Men her er skjedd endringar som ingen såg på førehand! SMS vart til nærast ved eit «uhell». Bankar, forsikringsselskap og reisebyrå har forsvunne «inn i datamaskina», Internet starta som eit slags «leiketøy» forskarane ved Cern i Sveits nytta for å kommunisera internt, Bill Gates meinte på 1970 talet at 4 datamaskiner kunne vera nok til å dekka marknaden i verda – i Norge har vi no 3-10 maskiner i kvar husstand, mobiltelefonen har endra seg frå ei kasse på 50 kg til smarttelefonen der ein via personlege appar kan utføra alle slags handlingar frå tinging av billettar  via radiolytting til helsekontroll. Kven skulle ha trudd dette! Og sjølvkøyrande bilar, som vart sett på som noko umogeleg, er no her!

Utvikling kan samstundes gje både stor optimisme og djup pessimisme – elektronikken kan ein oppleve som flott, men og som eit terrorvelde! Foredragshaldaren hevda at dei nye teknikkane samstundes kan vera ganske uformelle og uryddige, men og vera gode  demokratiske bidrag. Spørsmål han stilte var m.a. Blir det ikkje lenger naudsynt med val? Korleis vert politikken endra? Vil vi få meir eller mindre undertrykking og kontroll? Eller vil vi få eit utvida demokrati og betre dialog mellom ulike grupper?

Jensen slo ganske raskt fast at sjølv om teknikken er her så meinte han at val på tradisjonelt vis ikkje vert overflødige. Elektroniske meiningsmålingar og val har gong på gong synt seg å vera heilt ulike. Val er både kjensler, tillit, fellesskap og samsnakk. Utprøving av val med ny teknikk via Internet har vore mislukka og er ikkje vidareførte etter 2013.

Vi har dei siste åra sett endringar på dei politiske prosessane. Både stat, fylke, kommune, politikarar og verksemder har heimesider der det er høve til spørsmål og meiningsutveksling. Men det kan vera uklårt kven som svarar. Diskusjonar på Internet går føre i stor grad, men desse er ofte uforpliktande. Ein seier noko anna på Internet enn på eit formelt møte. Diskusjonane på nettet får ofte få konsekvensar; ein kan ikkje gjera vedtak!

Politikarar og toppleiarar er blitt tilgjengelege på nye måtar; det er nærliggjande å nemna Trump på Twitter, medan paven er tilgjengeleg på e-post og Stoltenberg nytta Facebook.

Internett med sosiale media fører til nye måtar å snakka saman på – på godt og vondt. Private Facebookgrupper vert skipa, nokre med farlege tema, andre til det gode. Samstundes set vi tydelege elektroniske spor etter oss. Leiter vi t.d. etter ein vare eller teneste på nettet, vil vi i i dagar og veker etterpå stadig få opp reklame og tilbod om nettopp denne varen eller tenesta! Kven som styrer informasjonen om oss, er heller uklår!

Evnene og sjansane våre til å vera deltakande borgarar har auka sterkt med ny teknologi. Vi les og skriv meir om politikk enn nokon gong tidlegare. Informasjonen vi får er raskare, breiare og djupare, og vi har høve til å skrive, ta kontakt, distribuera og publisera over alt! Via sosiale media kan ein vanleg borgar påverka og forandra. Meetoo-kampanjen hadde vore umogeleg utan Internet! Jensen fortalde og om eiga oppleving der han på 2 døger fekk i stand endring på praksisen med svarte plastsekker over gravsteinar på Møllendal gravplass ved å leggja ut bilete på Facebook!

Det er viktig for demokratiet, slo Jensen fast, at både informasjon og opposisjon kjem nærare til folk. Det tvingar fram større openheit i samfunnet. Problemet kan vera kven som er kjelda til nyhenda. Tidlegare visste ein kva parti som eigde avisa og kva politisk syn som låg bak det som vart skrive. No er dette langt vanskelegare å vita.  Nyhende frå heile verda får vi inn straks dei har hendt, og faktainformasjon som vi før henta i eit leksikon, kan vi no med eit tastetrykk få fram, heilt oppdaterte. Alt skjer lynraskt, og lite kan skjulast. Openheit er viktig for demokratiet. Når Panama Papers medverka til open lekkasje om skatteunndraging, er det bra. Men kan openheit truga t.d. overvakingstiltak? Det er lettare å svindla på Internet enn å skriva falske avisinnlegg, m.a. er bruk av falske identitetar eit problem. Det er folk som medvite skapar falske nyhende ut frå eigne politiske interesser. Og andre held like medvite informasjon borte. Vi må difor vera kritiske og medvitne om å beskytta oss sjølve, hevda foredragshaldaren.

Men, haldt han fram, det er trass i alt mykje som er til det gode med teknologien. Dei gamle grekarane hadde som ideal at alle skulle kunne vera med i diskusjonar, vedtak og iverksettingar. I dag gjer nettet det mogeleg for ålmenn deltaking i mykje av det som skjer. Det gjev og betre demokrati for eldre! Informasjon kan tilpassast den einskilde, t.d. gjennom bokstavstorleik. Ytringar krev mindre reint fysisk enn før, og det meste kan gjerast frå heimen via telefon eller datamaskin. Kanskje er det slik at datateknologien i dag  realiserer det gamle greske demokratidealet om at alle skal kunne vera med!

Lest 746 ganger Sist redigert tirsdag, 10 april 2018 13:09
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 20th. Designet av Ornell data