mandag, 12 februar 2018 10:19

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 5. februar 2018

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Helga (Kikki) Flesche Kleiven: På jakt etter Eirik Raude sin badetemperatur

Det rådde ingen tvil hos dei 139 deltakarane på Senioruniversitet  i Os sitt møte 5.2. om at foredragshaldaren Kikki Flesche Kleiven både kunne faget sitt og elska det! Maringeologen som er tilsett ved Bjerknes Senter for Klimaforsking ved UIB, la på ein fengjande måte fram kunnskap om klima både i fortid og notid. Som eit utgangspunkt hevda ho at det er naudsynt å forstå klimaet i fortida for å forstå klimaet i vår eiga tid. Kva er naturleg og kva vert påverka av menneska?

Ho synte til bilete av jorda sett frå månen. Då vert det tydeleg kor mykje av jorda – 70% - som er dekt av hav. Havet bind land og menneske saman, på godt og på vondt. Havstraumane – for oss i Noreg Golfstraumen – er som «fjernvarmeanlegg» som gjev gode tilhøve for natur og folk. Samstundes syter havstraumane for at søppel vert ført tvers over heile verda. Boset vi finn langs strendene våre, kan gjerne ha sitt opphav i India eller Sør Amerika, takka vera havstraumane. Straumane er som eit transportband rundt heile verda. Eit prov på dette er hendinga i 1992 der 29000 badeender frå Kina fall frå eit skip og ut i Stillehavet. Desse endene har etter kvart dukka opp på ulike stader i verda – 15 år etter hendinga vart nokre ender bl.a. funne ved dei britiske øyene! Dette syner m.a. at det som skjer i Stillehavet, påverkar oss 10 år seinare. Noko som kan vera både spennande og tragisk!

Temperatursvingingar i havet, grunna t.d. smelting av is, påverkar både temperaturen og saltinnhaldet i havet. Dette gjer noko med havstraumane som igjen får noko å seia for både kva som kan leva i havet og korleis tilhøva vert i land som er knytt opp mot straumane.

Havstraumar og variasjonane i desse fekk vitskapsfolk til å undrast: Kva var i havet i ulike bolkar av nær og fjern fortid? Kva har styrt klimaet gjennom tidene? Gjennom prøvetaking ved hjelp av boring både i havbotn og i isen i Antarktisk kan ein få svar på mykje. Lokalt vil borkjerner tekne opp frå botn av myrer eller tjern kunne fortelja om klimatilhøva her i landet. I borkjernene finn ein ulike lag som fortel om klima til ulike tider. Ved t.d. analyse av pollen i dei ulike laga, kan ein få mykje informasjon. Ein kan og finna oske som fortel om når det har vore vulkanutbrot og støv som fortel om stormar i Sahara! Mikroskopiske skjell frå havbotn som vert knuste og analyserte i mikroskop, gjev verdfull kunnskap. Studiar av dryppsteinsgrotter kan fortelja om kor mykje det har regna til ulike tider. Konklusjonen er at mange ulike, naturlege tilhøve har påverka klimaet gjennom tidene og gitt temperatursvingingar over tid.

Dei næraste og mest påviselege temperatursvingingane finn ein i mellomalderen sin varmeperiode frå om lag år 850 til 1350 då mest alle isbreane i Norge var borte. Denne oppvarminga fann stad berre rundt Atlanterhavet, ikkje i resten av verda. Den påfølgjande «vesle istida» fram til rundt 1850 , gjorde at isbreane igjen vaks til største utbreiinga i seinare århundrar. Foredragshaldaren fortalde korleis fleire historiske hendingar heng saman med desse omskiftingane. Som eitt døme synte ho til Eirik Raude si busetting i fjordane vest på Grønland i den varme perioden då klimaet var på sitt beste der. Badevatnet hans baud ikkje nett på sydentemperatur, men tilhøva på land var gode. Nordmenn budde her og hadde lam, geiter og kyr som beita på frodige enger. Busetjarane starta som bønder, men dei siste som budde der, vart jegerar og fiskarar. Klimaet hadde gjennom 450 år endra seg. Allereie ved starten av den vesle istida blei det slik at det ikkje var tilhøve for gardsdrift. Og folk flytta bort.

Kleiven synte til korleis fleire klimatiske hendingar både  har påverka folkeliv og historiske hendingar som folkeflyttingar og krigar. I den vesle istida kunne t.d. svenske soldatar lett nå fram til sine motstandarar i Danmark ved å gå over eit islagt Storebælt! Og måleri frå denne tida syner vinterlandskap med stor folkeleg aktivitet. Særleg er den nederlandske målaren Bruegel sine vintermåleri frå 1500talet eit prov på klimaet som ein då hadde.

Det har vore naturlege klimasvingingar opp gjennom tidene. Men kva skjer no i vår tid? Aldri før har menneska gjennom sin teknologi og sitt levevis kunne påverka så sterkt det som skjer i naturen. Kva er naturleg og kva er menneskeskapt? Foredragshaldaren synte korleis ein vitskapleg gjekk fram for å finna nokre svar. Dei hentar inn data av ulik art frå ulike sektorar av verda, matar desse inn i ein superdatamaskin som analyserer og kjem ut med  matematiske skildringar av ulike modellar for framtida.

Spørsmåla rundt klima og framtida er mange. Vil smelting av isen endra saltinnhaldet i vatnet? Kva kan då leva i vatnet? Vil smelting og varme påverka Golfstraumen? Kva vil skje om det vert varmare, våtare eller tørrare?  Kva kan då dyrkast ulike stader i verda? Og kva kan vi menneska påverka? Dei endelege svara fekk vi ikkje denne gongen. Men vi fekk eit prov på nokre av spørsmåla rundt framtida som vitskapsfolk prøver å finna ut av.

Etter pausen var det Årsmøte. 63 av medlemmane var med på dette. Årsmelding og rekneskap vart godkjende. Nytt styre vart vald, og Olav Søfteland vart takka for stor innsats som leiar av Os Senioruniversitet. Dei andre som gjekk ut av styret og valkomitéen fekk og sine vel fortente blomebukettar.

Nytt styre vart: Terje Sørensen, leiar, Tone Brodal Mongstad (ikkje på val), Åsbjørg Johanessen (attval), Borghild Borgen (attval), Asta Anthun  (ikkje på val), Kjell Harald Lunde (ikkje på val), Bergljot Lyssand Bjørø (ny).

Lest 29 ganger Sist redigert mandag, 12 februar 2018 10:41
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data