onsdag, 06 desember 2017 12:07

Program vårsemesteret 2018

Skrevet av Olav Søfteland
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Os Senioruniversitet arrangerer 6 foredrag våren 2018.
I tillegg vert det i juni ein tur i Fusa. Til denne er det påmelding. 

Måndag 8. januar kl. 11.00–13.00

Einar Midtun: Per Sivle. Ein norsktime!

Om Per Sivle. Og om det han let etter seg: Forteljingane Fanta-Nils og Berre ein hund, dikta Den fyrste song og Vesle lerka ho hev det det so, skjemtfulle vossa-stubbar og den første norske arbeidarromanen, Streik. Og ikkje minst, den udødelige verselina: «Det er det stora, og det er det glupa, at merke det stend om mannen han stupa».

Per Sivle vart fødd i Flåm i 1857. Mora døydde då Per var to år gamal. Han voks opp hos fosterforeldre på Stalheim. Sjukdom gjorde at han ikkje klarte å fullføra examen artium. Han livnærde seg som sjølvlært diktar og avismann. Han var i alle år mykje plaga av hovudverk; det einaste rådet han visste for å døyva smertene, var alkohol. Etter kvart tok helseplagene og pengenauda livsgnisten frå han. Til slutt orka han ikkje å leva. Per Sivle vart 47 år gamal.

Einar Midtun er frå Vinje på Vossestrand. Han trakka sine barneår nær der Per Sivle voks opp. Midtun har hatt  mange oppdrag med å fortelja om Per Sivle, hans vosse-stubbar og dikt. I 2007 var han med i Oddgeir Bruaset sitt TV-program om Per Sivle.

 

Måndag 5. februar, del 1 kl. 11.00–12.00

Førsteamanuensis Helga (Kikki) Flesche Kleiven:

På jakt etter Eirik Raudes badetemperatur – eit foredrag om klima

Kikki Kleiven er utdanna som maringeolog ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho er no tilsett ved Institutt for geovitskap (UiB) og tilknytta Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho har skrive doktorgrad om istider og er ekspert på fortidsklima.

Kikki Kleiven er omtala som eit fyrverkeri av ein foredragshaldar. Ho har vunne fleire formidlingsprisar, bl.a. Meltzerfondets pris for framifrå forskingsformidling. Vi kan sjå fram til eit fagleg foredrag om eit av vår tids viktigaste tema – klimaendringane – framført med humør og forståeleg for vanlege folk.

Del 2, kl. 12.20–13.00: Årsmøte i Os Senioruniversitet


Måndag 19. februar 2018 kl. 11–13. Ekstra møte 

Ein representant frå Pensjonistforbundet vil halda foredrag om Velferdsteknologi – korleis fremja meistring og aktivitet?

Møtet blir halde etter oppfordring frå Os eldreråd.

Pensjonistforbundet ønskjer at dei eldre skal få betre forståing av kva velferdsteknologi er, og korleis teknologien kan nyttast, bl.a. ved å hindra einsemd og redusera sjukdomsutvikling. Andre saker som blir behandla er teknologi og bustad, risikorydding og etiske omsyn.

Målgruppa for foredraget er heimebuande eldre, tilsette i eldreomsorga, politikarar og pårørande.

Gratis inngang.

 

Måndag 5. mars kl. 11.00–13.00

Førsteamanuensis Thor Øivind Jensen: Elektronisk demokrati. Kva gjer IKT med oss og demokratiet

Thor Øyvind Jensen er tilsett ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har forska mellom anna på matpolitikk, forbrukarspørsmål,  brukarperspektiv på offentlige tenester og energiforsyning. Han vil fokusera på det som no er aktuelt for oss: Korleis den nye teknologien påverkar demokratiet. 

Kva gjer Internett og Facebook  med oss? Korleis endrar dei moglegheiter og medium i det demokratiske systemet?

Måndag 9. april kl. 11.00–13.00

Jan Spurkeland: Om revyartisten, trubaduren, felespelaren og komponisten Ivar Medaas

Ivar Medaas ville ha fylt 80 år i 2018. Jan Spurkeland fortel om Ivar Medaas og haustar frå hans rike repertoar.

Ivar Medaas (1938-2005) var ein folkekjær kunstar. Mange hugsar han best som visesongar – åleine eller saman med kona Kari i Vestlandsduoen. Han gjorde braksuksess som revyartist og moromann; han hadde ei makelaus evne til å få kontakt med publikum. Han var ein resar på hardingfele; han gjorde endå til furore med felespel på Chat Noir i Oslo. Ivar Medaas var også ein gåverik komponist. Dar kjem dampen er ei av dei vakraste perlene i den norske viseskattkista. Mora Jenny Røttingen er fødd og oppvaksen i Os, og var ei viktig inspirasjonskjelde for Ivar. Ho og ektemannen Nils flytta til Alver då dei vart gifte.

Jan Spurkeland er heimehøyrande i Lindås og er ein kjend visesongar og forfattar av morosame bøker. Dessutan har han skrive bøker og halde kurs om leiarskap. På femtitalet spelte Jan Spurkeland til dans saman med Ivar Medaas i gruppa Trio Intim. I 2000 gav Spurkeland ut boka Ivar Medaas – gjøglar og felespelar.

Måndag 7. mai kl. 11.00–13.00

Professor Kjetil Bjorvatn:

«Økonomisk ulikhet – et atferdsøkonomisk perspektiv»

Ordet økonomi betyr eigentleg hushald, og er noko vi alle dagleg er opptekne med. Økonomisk ulikskap vil det vera i alle samfunn. Korleis kan vi leva med det?

Kjetil Bjorvatn er født i 1965. Han er phil. dr. og professor ved Samfunnsøkonomisk institutt, Noregs Handelshøgskule (NHH), der åtferdsøkonomi er sentralt i forsking og undervisning. I åtferdsøkonomien er ein opptatt av korleis psykologiske faktorar som haldningar, motivasjon, kjensler, etikk og moral påverkar, og blir påverka av, økonomiske vedtak. Nobelprisen i økonomi for 2017 er gitt til ein pionér i åtferdsøkonomi. Dette fagleg vanskelege tema som betyr så mykje for dagleglivet vårt, vil Kjetil Bjorvatn gi oss innblikk i slik at vi kan forstå litt av det som foregår i økonomien.

Måndag 4. juni

Sommartur til Fusa

I år skal vi bli betre kjend med Fusa som saman med Os skal bli Bjørnafjorden kommune frå 2020. Vi får guidar med i bussane frå Venjaneset og køyrer til Holdhus kyrkje frå år 1306 der det blir omvising. På «Engevik Gaard» ved Sævareidfjorden, ein offisersgard frå først på 1700-talet får vi lunsj og eit nærbilde av embetsmannens stand og stilling i lokalsamfunnet. Heimturen går gjennom søndre del av Fusa,  over Lukksund bru og med ferje frå Våge til Halhjem.

Lest 47 ganger Sist redigert onsdag, 06 desember 2017 12:23
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data