onsdag, 06 desember 2017 11:37

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 13. november 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Journalist Asbjørn Kristoffersen:

Gamlingar som vekstnæring

Det vart fleire gongar humring i salen blant dei rundt 190 frammøtte i Senioruniversitetet i Os den 13.november. Kåsøren denne dagen var Asbjørn Kristoffersen, kjend frå BT sine spaltar, no pensjonert journalist, men stadig å finna som skribent i avisa, gjerne underteikna som «Sjuande far i huset» eller «Vestlandsfanden». 

I kåseriet sitt pendla han gjentekne gongar mellom å visa til dei eldre i samfunnet som eit problem og som ein ressurs. I 2017 er det rundt 220 000 over 80 år i landet, i 2040 kan det verta 469 000 i same aldersgruppa. Det er soleis ikkje ein eldrebylgja det er snakk om – for ei bylgje stig opp og legg seg – med de er ein eldreflod som no kjem med dei som er fødde etter andre verdskrigen.

Kva vil dette få å seia? Jo, trygdeutgiftene vert mykje større, trongen for pleie og omsorg vil auka stort. Helsa er blitt mykje betre, så folk lever lenger og er vane med høg levestandard, så krava blant dei eldre vil og auka.

Samstundes så går talet på barnefødslar ned og gjev eit dobbelt problem; det vert færre arbeidsføre som skal fø på stadig fleire eldre! I 2060 kan ein tredel av innbyggjarar i landet vera pensjonistar. Spørsmålet kan lett bli: kva skal vi gjera med alle desse gamlingane? Folk flest lever utan tanke på kva det kostar samfunnet å ta vare på dei. Kanskje skal ein syta for at eldre lever eit usunt liv med røyk, storeting og forbod mot turar i skog og mark, for på den måten å kutta ned på levetida, undrast Kristoffersen. Eller senda dei eldre til Somalia eller eit anna lavkostland i byte mot ung og sterk arbeidskraft?

Samfunnet utviklar seg slik at mange arbeidsplassar forsvinn. Ikkje berre ufaglærte vert arbeidslause. Men det er m.a. store nedskjeringar på arbeidsplassar som mediebransjen og banketaten. Det vil bli fleire utan jobb, altså enda færre til å betala for dei eldre. Allereie no er det mangel på plassar for eldre som treng pleie. Men dette kan ganske fort auka enormt. Det er dystre utsikter. Kan henda vil ein i framtida oppleva ein «eldrehets» frå dei som må betala for pleia av dei?

Men på den andre sida. Dei eldre i samfunnet i dag har stor kjøpekraft – dei treng ikkje å spara! Dei er viktige for å halda hjula i samfunnet i gong med det dei brukar pengane til. Frå tidlegare er menneska denne generasjonen vane med å spara, no er dei meir opne for å bruka pengane og er på denne måten med på å syta for at yngre får intektar. Som gode forbrukarar er dei eldre nyttige for samfunnet. Men – hevda kåsøren -  det er viktig å finna det rette skjeringspunktet mellom å ha noka formue, men ikkje meir enn at ein kan ta innspurten av livsløpet på offentleg kostnad!

At dei eldre er utløysingsfaktor for ein teknisk revolusjon, er kanskje ikkje det første ein tenker på. Men især i Japan og i Silicon Valley i USA har omgrepet teknisk omsorg stor merksemd. Det er utvikla sensorar som kan overvaka eldre i heimen og m.a. sikra at dei er der dei skal vera, og det er utvikla robotar som kan gje oppleving av sosial kontakt t.d. som motspelar i sjakk.  Dei eldre er marknaden for denne utviklinga, og mykje kan sparast ved å supplera – ikkje erstatta – menneskeleg hjelp med datateknologi.

Arbeidsplassar forsvinn stadig, men auken av eldre i samfunnet, vil og krevja stor auke i tilsette for å ta vare på dei eldre. Dei eldre som gruppe, bidrar altså og til nye arbeidsplassar. Så rådet til unge som vil vera sikra ein plass i arbeidslivet, vert å utdanna seg til oppgåver knytt til eldreomsorg!

Samstundes arbeider eldre i dag både meir og lenger, og bidreg på den måten til eigen pensjon. Og dei sit inne med stor røynsle og kunnskap som samfunnet må læra seg til å sjå nytta av! Dei eldre bidreg altså både økonomisk og sosialt i samfunnet – og i lenger tid enn tidlegare. Og tanken frå bondesamfunnet – om å overlata garden i betre stand enn i generasjonen før – ligg framleis djupt forankra; mange ønskjer å bidra til at barn og barnebarn skal få med seg noko etter dei, både av erfaring og av materielle ressursar.

Eldre i dag er annleis enn besteforeldregenerasjonen var. Dei fleste har betre helse, klarar seg lenger utan hjelp – dermed er trongen for omsorg utsett og utgifter vert sparte. Mykje avheng av kor sprek ein er og kor engasjert.  Men her er tydelege klasseforskjellar dess eldre ein blir. Kristoffersen synte til at gjennomsnittleg levealder aust i Oslo var 12 år lågare enn vest i byen!

Eldregenerasjonen no  har og andre haldningar og forventningar enn tidlegare. Dei vil bidra, og dei gjer det. Gamle folk er dei som hyppigast nyttar stemmeretten. Dei kan på den måten vera ein politisk pressgruppe.

Det vert iblant hevda at eldre i dag er blitt meir storkrevjande. Men dette vart tilbakevist av leiaren i Senioruniversitetet, Olav Søfteland. De må hugsa, sa han, at i høve korleis vi hadde det i oppvekst og i yngre år, så har vi mykje å ta att!

Lest 33 ganger Sist redigert onsdag, 06 desember 2017 11:59
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data