torsdag, 26 oktober 2017 11:53

Referat frå foredrag i Os senioruniversitet 23. oktober 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Naboskap til glede og utfordring

Orda strøymde lett då professor Jørn Øyrehagen Sunde kåserte for dei 140 frammøtte i Os Senioruniversitet 23.oktober. Han fortalde om naboskap som arena for både støtte og strid gjennom 1000 år.

Opp gjennom tidene har vi hatt to viktige «skap» i landet; ekteskap og naboskap. Av desse har nok ekteskap hatt mest merksemd, medan og naboskap har vore fundamentalt viktig opp gjennom tidene. Når ein synte til Bibelen sine ord om å elska sin neste, så hadde neste og nabo tidlegare same tydinga. Tilhøva rundt naboskap har hatt tydelege, nedskrivne reglar heilt frå vikingtida. Vi finn dei i Eldre Gulatingslov frå 1260, nokre og frå 1024, vedtekne på Moster, då Heilag Olav  ønskte å kristna landet. Reglane legg føringar for bedarlag – den minste sosiale eininga utanom ekteskapet, som regel eigarane frå 5 garder. Dei som var innan same bedarlaget, hadde plikt til å hjelpa kvarandre på ulike område, men dei hadde og rettar i høve til kvarandre.  Foredragshaldaren trudde at bedarlaget kan henda hadde militære røter attende til å skaffa mannskap til vikingskipa. Der skulle ein flokk –  på 5 bønder –stilla ein person til leidangen. Systemet med bedarlag varte lenge, i Sunnhordland opptil 1950 åra, Stader i Trøndelag finst enda spor av ordninga når det gjeld kven som gjev gåver t.d. ved bryllaup. Og frå ein deltakar vart det opplyst at i Hylsfjorden i Rogaland gjeld framleis systemet i samband med gravferd.

Over bedarlaget sto nabolag. Gardane var ofte samla i tun der fleire eigarar delte innmark og utmark, ja gjerne og hus og stove! Det kunne jo oppstå usemje i samband med gjerder, stenging av grinder, lauving av tre, deling av den beste åkerjorda osb.  Usemje vart då teke opp på grannestemne der både menn og kvinner i nabolaget kunne møta. Grannestemna vart haldne på tunet, og våren var tradisjonelt viktigaste tidspunkt for slike møte, då denne årstida var mest utsett for kranglar. Det var ingen domar i høve til usemje som oppsto, alle fekk prata om saka – til alle var så trøytte at dei vart samde om ei løysing! For å halda greie på kva som vart avtala, vart ein av mennene oppnemnd til gardsfut eller gardskonge. Han var og ansvarleg for å kalla saman til grannestemne. Denne ordninga kan vi og finna heilt fram til 1950-åra.

Ikkje alle makta å innordna seg etter reglane, det kunne dukka opp kranglefantar som var vanskelege å vera i naboskap med. Å vera nabohæv tydde at ein var skikka til å vera nabo, at ein kunne halda seg til gjensidige reglar og pliktar. Dersom nokon oppførte seg slik at han ikkje var nabohæv, kunne dei andre krevja at vedkomande flytta! Men eit slik vedtak sat langt inne!

I byane fann ein ordningar tilsvarande nabolag i pakkhusa langs kaiane, der opptil 20 kjøpmenn med drengar, og iblant familiar, kunne halda til i same huset. Konfliktar kunne lett oppstå når ein levde så tett saman. Konfliktane vart handsama og funne løysing på gjennom møte i husting. Dette hustinget kunne og nyttast som domstol for småkriminalitet. Avgjerda som vart fastsette i hustinga, vart skrivne ned, medan reglane på landsbygda var munnlege.

Organiseringa med bedarlag, naboskap, grannestemne og husting heldt seg gjennom mange hundre år. Men etter kvart som inn -og utmarkfellesskapen forsvann, dei tekniske framstega kom og velferdsstaten tok over ansvaret på ulike område,fekk det tette nabosamhaldet mindre å seia og forsvann som eit regulert system i perioden mellom 1850 og 1950.

Foredragshaldaren peika på at nabolagsystemet nok hadde hatt påverknad på avgjerder på Eidsvoll i 1814 i høve til stemmerett. Samanlikna med andre land, fekk ein stor del av folket i landet vårt rett til å røysta ved val. Embetsmennene som møtte på Eidsvoll, visste at ikkje minst bøndene rundt i landet hadde røynsle med å drøfta saker og å ta avgjerder og var difor opne for å gje dei stemmerett.

Kvar er vi no i dag i høve til naboskap? Også i vår tid treng vi å ha eit tilhøve –  eit godt eit  -  til naboane våre. Men Sunde uttrykte ei redsle for at vi i dag ikkje godt nok meistrar kunsten til å ordleggja oss slik at det ikkje skapar konflikt! Advokatar får altfor mange saker tilsendt som naboar burde kunne ha løyst rett og slett ved å snakka saman! Så oppmodinga han ga forsamlinga var å utvikla og halda fast på den gode samtalen – også med naboane våre!

Lest 129 ganger Sist redigert torsdag, 26 oktober 2017 11:58
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data