torsdag, 05 oktober 2017 10:50

Referat frå foredrag i Os senioruniversitet 2. oktober 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Geir Helljesen: "Mennesker jeg møtte gjennom over 40 år i NRK.

Gjennom 40 år har vi kunna sjå han på Tv-skjerma. Geir Helljesen har brakt oss nyhende frå inn –og utland på umiskjenneleg Bergensdialekt. Då han stilte opp i Os Senioruniversitet 2. oktober, la han heller ikkje skjul på at han var stolt over å ha vore sjef i Dræggens Buekorps ein periode! Men først og fremst har han vore ein av NRK sine mest profilerte reporterar. Oppgåva som reporter har brakt han i kontakt med eit vell av ulike menneske. Det var møtet med nokre av desse menneska han ga dei nesten 200 tilhøyrarane i senioruniversitetet eit lite innblikk i.

Han ønskte først å trekkja fram nokre menneske som hadde imponert med den store livskrafta dei hadde. Ein av desse var islendingen Gudlaugur som etter eit forlis utanfor Vestmannarøyar sumde 5-6 km i 4 grader kaldt sjø og med – 2,4 grader i lufta, kom seg i land og gjekk vidare utan sko på skarpe lavastein i 3 timar før han kom til folk. Helliesen hadde sjølv berre snakka med han på telefon, men var overtydd om at enda om vitskapsmenn hadde funne at Gudlaugur hadde eit ekstra lag av fett i huda, så var livskraft og livsstyrke sterkast medverkande til overlevinga.

Oscar Magnusson og Elie Wiesel var to andre som han peika på som «livskraftmenneska». Foredragshaldaren hadde sjølv vore med på møte og samtale mellom desse to som då oppdaga at dei under andre verdskrigen hadde vore i same konsentrasjonsleiren utan den gongen å kjenna kvarandre. Men begge to klara mot alle odds å overleva! Magnusson etter m.a. å ha blitt lagt 3 gongar på haugen av lik og så redda av kameratar.

To kvinner vart og presenterte, kvinner som jobba i det stille, men var store heltar. Den eine var Gunvor Wiberg, Frelsesarmésoldaten som tok seg av barn i slummen i Manila og vart «mamma» for dei. Den andre Mor Teresa, som ikkje ville ha pomp og prakt rundt utdelinga av fredsprisen i Oslo. Dei 30.000 kronene som vart sparte på enklare tilskipingar, fekk ho med seg og nytta pengane til ekstra julemiddag for 2000 fattige i Calcutta!

Geir Helljesen omtala seg sjølv som Islandsfan. Han hadde hatt gleda av å vera han som i 1980 fortalde Vigdis Finnbogadottir at ho hadde vunne valet som president. Ho var då det første fritt og demokratisk valde kvinnelege statsoverhovudet i verda og vart omtala som ei fantastisk kvinne som framleis gjer ein stor innsats. 

Dei finske presidentane hadde og foredragshaldaren vore på talefot med, mellom anna Kekkonen, president gjennom 25 år. Ein høg, flott mann som møtte gjestande statsleiarar i saunaen sin!

Kåseriet førde vidare til den intellektuelle og skarpskodde svenske statsministeren Olof Palme med sine kritiske haldningar til USA og deira krigføringar i Vietnam og til ulike danske statsleiarar, m.a. Schlüter som med ei symbolsk helsing berre let att i kontoret då han gjekk av ei speledåse som spela Internasjonalen .

Pave Johannes Paul II hadde gjort inntrykk på Helljesen, han hadde aldri elles råka på ein person med tilsvarande utstråling og karisma. Paven gjev ikkje intervju, men då han vitja Norge, fekk Helljesen forhandla seg fram til å stilla han to spørsmål. Men eit tredje spørsmål, som han og heiv seg frampå med, om når det kunne bli ein kvinneleg prest i den katolske kyrkja, blei ikkje motteke vel hos dei som var i paven sitt følgje, medan paven roa det heile ned.

Av kulturpersonlegdomar han hadde møtt, vart målarane Jacob Weidemann og Karl Eirik Harr, saman med oppdagaren Helge Ingstad trekte fram. Weidemann som måla eit tingingsbilete frå høgrepartiet til Jan P. Syse sin 60 årsdag og skreiv bakpå: Gratulerer med dagen, Jan P. Syse, mesteparten har jeg betalt selv! Ingstad som på hundreårsdagen trekte fram at den høge alderen kanskje kom av ei god blanding av Möller sin tran og skotsk whisky, og dermed fekk tilsendt frå Möller ein kartong med 12 tranflasker og 1 flaske whisky! Frå Karl Erik Harr kan ekteparet Helljesen kvar jul gleda seg over eit personleg laga hefte med tekst og illustrasjonar, sendt frå kunstnaren som han kalla ein snill, flink og hjartegod mann.

NRK reporteren Halfdan Hegtun må og omtalast som personlegdom. I 1956 vart han send som einaste frå NRK til OL i Melbourne, og då måtte han og gjera anna reportasjearbeid samstundes med OL! Vår kåsør fekk ta med Hegtun til 50årsjubileet for Egil Danielsen sitt OL-gull - «det var som å køyra med eit levande leksikon i bilen» - og fekk opplevinga av Danielsen si glede over å møta Hegtun att!

Kongehuset har Helljesen hatt gleda av å få laga reportasjar frå. Den morosamaste utfordringa var eit program der kong Olav skulle fortelja si eiga versjon av opplevingane ved krigsutbrotet i 1940 – ei ære og ei utfordring å få ha intervjuet om dette. Og slottet gav grønt lys til å spørja om kva som helst. Eitt spørsmål vart spesielt; «De var jo og innom Sverige på vegen opp gjennom Østerdalen?» (Tilhøva til Sverige var jo då ganske ømtålig). Kongen sitt svar romma mykje: «Ja, det er rett, men ikkje lenger enn det som var naudsynt for å kunne snu bilen!»

Geir Helljesen har hatt mange reportasjar kring kommune -og stortingsval. No var han vonbroten over at siste valkampen synte at mange hadde teke til med å rakka ned på motstandarane sine. Vi har mange dyktige politikarar og i dag, hevda han, men vi treng å koma vekk frå skitkastinga!

Så følgde ein rask gjennomgang med skildring av personlegdomen til ein del markante politikarar som Helliesen hadde opplevd på nært hald. Han hadde så vidt fått med seg landsfaderen Gerhardsen som overlét makta til Per Borten etter at Lyng ikkje ønskte å overta og Røyseland ikkje vart godteken som «fin nok» av høgrefolk. Borten var lett å ha med å gjera. Han var imponert over lojaliteten i embetsverket då dei måtte skifta frå venstresida til høgresida i politikken. Då han måtte gå av, lurte folk på kvifor han drog det ut. Men han sikta seg inn på å bli hugsa som statsministeren som sat 5 år, 5 månader og 5 dagar i stillinga!

Frå Kjell Bondevik som vart «djupt såra og vonbroten» gjekk han til Trygve Bratteli som vart omtala som tagal, men fin. Han var ikkje lett å koma innpå, bortsett frå når dei var på reise og dei fekk Bratteli til å fortelja. Den første etterfølgjaren hans, Lars Korvald, treivst i rolla som statsminister, vaks på året han hadde stillinga og vann respekt. Etterfølgjaren etter andre perioden, Oddvar Nordli, syntes alltid å ha godt humør.

I 1973 fekk SV 16 skarpskodde politikarar inn på tinget, mellom dei den rappkjefta Hanna Kvanmo, Berge Furre – ein personlegdom av «heil ved», Finn Gustavsen som ikkje la noko imellom, likestellingsforkjemparen Toril Skard og Berit Aas som kanskje var den første kvinnelege partileiaren.

Gro Harlem Brundtland var statsminister i til saman rundt 10 år, sjølv om ho aldri vann eit Stortingsval. Hellesen meinte at både nasjonalt og internasjonalt har ho hatt meir å seia enn nokon annan for kvinner sine rettar. Då Gro gav seg, var Torbjørn Jagland tredje valet hennar. Han var hos frisøren da ho varsla sin avgang, og måtte hentast i full fart! Gro hadde ikkje sagt frå til han- «for då ville alle ha visst det»!

Kjell Magne Bondevik fekk skryt av dei som sat i regjeringane hans, men måtte gå av for Jens Stoltenberg i to omgangar. Frå no av vart landet på fornamn med statsministrane! Jens hadde god arv frå faren Thorvald Stoltenberg, som vart skildra som ein personlegdom med store sosiale evner. Jens vegra seg mot konfliktar, men hadde stor sjarm. Etter 22.juli sto han fram som ein meir tydeleg statsmann.

Foredraget overtydde forsamlinga om at Geir Helljesen har hatt eit spanande liv som reporter, med nære møte med mange av søylane gjennom 40 år. Olav Søfteland gav og uttrykk for dette då han takka foredragshaldaren for at han hadde gitt eit fortetta oversyn over moderne historie!

Lest 242 ganger Sist redigert torsdag, 05 oktober 2017 11:11
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data