tirsdag, 12 september 2017 20:36

Referat frå foredrag i Os senioruniversitet 4. september 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Ei reise under vatn langs norskekysten

Iblant skjer det at ein oppdagar kor lite ein eigentleg veit om ulike tilhøve som både er nær oss og vedkjem oss. Slik var det måndag 4.september i Os Senioruniversitet då Erling Svendsen tok oss med på ei reise under vatn langs kysten av landet vårt. Gjennom ei mengd bilete og kommentarar til desse, synte han oss litt av det store mangfaldet som finst under havflata. Svendsen er ein av dei fremste undervassfotografane våre. Han har teke over 70.000 bilete og gjennomført meir enn 4000 dykk for både å undersøka og å visa den store artsrikdomen som finst i havet langs kysten.

Han har og ein vidare bodskap; han ønskjer å synleggjera  forureininga som allereie er skjedd og åtvara politikarar og andre mot vidare øydelegging av livet i havet og i fjordane våre.

Bileta hans var flotte. Vi kunne studera på nært hald dyr som i røynda berre er nokre mm store, vi fekk nærbilete av fiskeyngel som var like ved å klekkjast, vi fekk sjå skapnader vi ikkje visste fantes, og vi fekk ei mengd inntrykk av det store fargespekteret ein kan finna under havoverflata. Vi fekk eit blikk inn i store «skogar» av tang og tare og ble oppmoda til å leita etter sniglar, fisk og krepsdyr som hadde skjult seg i bileta.

Foredragshaldaren, som driv dykking og fotografering på hobbybasis, hadde fagkunnskap som og fagspesialistar lyder til! Han viste til fleire arter, m.a. raudflekka kutling og fleire nakensniglar, som han sjølv hadde oppdaga finst i norsk farvatn og synt prov på dette til fagfolk.

Spennande var det å høyra om det mangfaldige livet som utfaldar seg i havet. Det var nok ikkje mange som visste at blekksprutar aldri vert eldre enn 3 år eller at hofiskane blant pigghå samlar seg på spesielle stader 1 -11/2 månad før dei skal yngla, og held seg samla  der til dei slepp ut ungane. Steinbiten mistar tennene sine ein gang årleg – og får så nye, noko foredragshaldaren meinte kanskje kunne vera ein føremon for menneske og? Og fleire fiskeslag har eigen personlegdom. Breiflabben t.d. vil gjerne leikast med, liker å bli klødd og kan gjerne matast. Men han sluker maten rett ned. Det er funnet heil laks på 5-6kg i magen på breiflabb!

Mange har nok lurt på dei små sirkelforma hola som me kan sjå i skalet på sniglehus og skjell som me finn i fjøra. Kvaslags hol er det? Her er det boresniglen som har vore på jakt! Han borer hol i skalet, sprøyter inn magesyre slik at dyret opnar skalet. Så kan boresniglen eta dyret og la skalet liggja att

Nokre fiskar skiftar kjønn i løpet av livet. Leppefiskane t.d. vert fødde som hofiskar og vert seinare hannar. Med reker er det motsett; dei vert fødde som hannar og vert seinare hoar – vi finn rogn i rekene vi et! Og flyndra gjennomgår og ei endring; frå klekkinga av er auga plasserte som på annan fisk, men etter kvart tek det eine auga til å vandra slik at begge kjem på ei side av fisken!

Mange fiskar er meistrar i å kamuflera seg slik at dei går i eitt med omgivnadene. Flyndrefiskar er nokre av dei. Det gjeld og blekksprutartar. Svendsen hadde opplevd arter som på sekund fullstendig skifta farge når dei flytta seg frå ein bakgrunn til ein annan.

Både i innleiinga og avslutninga av foredraget vart vi minna om det store trugsmålet vi sjølve er i høve til livet i havet. Enda om tradisjonen med å dumpa privat bos på sjøen stort sett er stoppa, står dei langt større utfordringane att. Det gjeld ikkje minst utslipp frå ulike typar av gruvedrift til fjordane våre. Og utreiingane som vert gjort for å prova at utsleppa «forsvinn» etter ei tid, held ikkje mål. Svendsen viste korleis han ved hjelp av eigne undersøkingar hadde synt at botn av Jøssingfjorden som av ekspertar var erklært «frisk» 25 år etter at gruveutslepp hadde stoppa, framleis  var støva  ned av det fine malmstøvet og var utan liv! Fjordbotn utafor smoltanlegg der pellets vert sleppte ut i sjøen, har lidd same lagnad. Han åtvara difor sterkt mot planane om å sleppa massar ut i nye fjordar i landet. 

Sjølv såg Erling Svendsen fram til snart å bli pensjonist, slik at han i enda større grad kunne via seg til oppgåva med å syna mangfaldet i havet og arbeida mot uvettig bruk av fjordane våre. Frå salen fekk han med seg tydeleg oppmoding på ferda: Flott at du vel å gjera meir!

 

Lest 15 ganger Sist redigert tirsdag, 12 september 2017 20:41
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 19th. Designet av Ornell data