tirsdag, 05 september 2017 13:00

Referat frå sommartur til Hardanger 12. juni 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Os Senioruniversitet på ferd til Hardanger

Fruktbløminga var over, men rododendron og gyvel lyste opp i det grå veret då bussane med rundt 70 deltakarar frå Os Senioruniversitet kom til Norheimsund 12.juni. Første stopp på Sommarturen dette året var Hardanger Fartøyvernsenter.  Gruppa vart her møtt av dyktige formidlarar som viste rundt og ga ei god innføring i historia til verksemda og synte fram arbeidet som skjer der.

Senteret kan visa til ei mest eventyrleg utvikling frå starten i 1984 då hardangerjakta Mathilde trong restaurering og arbeidslaus ungdom vart hyra inn for å gjera arbeidet og fram til i dag, der senteret sysselset over 30 menneske. På området finn ein no hus med båtbyggjarverksemd, reiplaging og smie. I tillegg er det mange bryggjer der senteret sine eigne fartøy  ligg og der ein finn båtar som er komne inn for reparasjonar eller meir omfattande restaurering.

Guidane la vekt på at senteret ikkje har som føremål å stilla ut objekt, men å stilla ut kunnskap; ta vare på og syna gamalt, tradisjonelt handverk! Dette kom tydeleg fram etter kvart som gruppene vitja dei ulike avdelingane.

I småbåtavdelinga vert Strandebarmarar og Hardangerbåtar bygde. Dei siste har lange tradisjonar i hardangerbygdene, medan Strandebarmaren vart utvikla tidleg på 1900talet. Guiden som viste rundt, samanlikna båtbygging med rytme og dans, der båtbyggjaren sjølv er verktøyet! Å læra seg båtbyggjarkunsten tek tid, hevda ho, tradisjonen tidlegare var ei årelang overlevering av kunsten frå far til son. No får lærlingane ved senteret her ei opplæring gjennom 4 år.

I avdelinga for større båtar, låg skipet Fremad frå 1888. Det er under restaurering tilbake til slik det kan dokumenterast at det såg ut i 1905. Pengar frå riksantikvaren gjer at det er mogeleg å restaurera skipet som fylde heile den store Vikinghallen. (Namnet kjem av at den første båten som vart restaurert her, heitte Vikingen!)

Ei bratt trapp måtte forserast for å koma opp på loftet til den 86meter lange reiperbana, den einaste i landet som er i aktivitet. Her var det taukveilar av ulike typar og i ei utstilling låg døme på tauverk frå ulike materiale; hamp, mannilla, kokosnøtt, sisal, oksehud – ja, og frå moderne polyestertau.

Smia på staden vart ikkje vitja, men ei filmframsyning av filmen «Då sjøen var vegen» ga eit godt – og til dels minnerikt – inntrykk av utviklinga på sjøen gjennom rundt hundre år.

Det var godt med ein kaffikopp før ferda gjekk vidare langsmed fjorden til Fykse – over Fyksesundbrua som då ho vart opna i 1937 var den lengste hengebrua i Nord Europa!

Oppe i Fyksegrenda vart deltakarene leia inn i huset kalla Skykkjeskuggen der borda sto flott dekte. Eigaren, Arne Fykse, ønskte velkommen med ein slått på hardingfele. Fela har særs lokal tradisjon her i området. Han som rundt år 1700  utvikla fela og sette namnet på ho, var Isak Nilsen Skår som budde 300m oppe i fjellsida mellom Fykse og Botn. Både han og sonen Trond arbeidde som felemakarar og selde feler på marknader rundt om i landet. Trond skal ha laga 1000 feler i si tid!

Maten smakte storveges: pølse og salta lammekjøt produsert på garden, med nypoteter og kålrotstappe. Heimeprodusert var og den gode eplejusen som vart servert i rikeleg mengd. 

Etter maten var det ut på ei lita vandring nedover lia. Døse 400m sto det på eit skilt. Vegen var god å gå første biten, så var det over på ein smalare sti før ei overrasking møtte vandrarane: over steinar og blokker og litt sleip mose gjekk ferda før det opna seg ei diger hole under berget! Med plass for heile reisefølgjet! Dette var Døse – kanskje ein gamal bustad eller ein gamal kultplass? No vart det konsertsal! Hardingfela vart stemd på ny og tonane flaut gjennom mørkret i hola. Ei heilt spesiell oppleving!

Vegen gjekk tilbake til garden over den største stein –og blokkura i Hordaland! Det meste av ura er no skjult under gras og tre.

Oppe i Skykkjeskuggen venta kaffi og Hardangerkling. Lefsa smelta mest i munnen, og mange lurte på om ho vart seld på garden. Men dei fekk vita at Bondens Marknad i Bergen skal vera plassen om ein vil kjøpa av same slaget.

Det var ei vel nøgd gruppe seniorar som drog heimatt mot Os. 

Lest 39 ganger Sist redigert tirsdag, 05 september 2017 13:05
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 19th. Designet av Ornell data