tirsdag, 05 september 2017 12:49

Neste møte i Os Senioruniversitet måndag 2. oktober 2017 kl. 11:00 - 13:00

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Journalist Geir Helljesen:

«Mennesker jeg møtte gjennom over 40 år i NRK»

Geir Helljesen er fødd i Bergen og er cand. philol. frå Universitetet i Bergen med statsvitskap, historie og engelsk i fagkretsen. 

Geir Helljesen har vore tilsett i NRK frå 1968 til 2009. Han begynte som programsekretær i Dagsrevyen. Han utvikla seg til ein allsidig journalist og har hatt mange store intervjuoppgåver. Bl.a. har han intervjua kong Olav og pave Johannes Paul II. Han er spesialist på Nobels Fredspris. Vi kjenner også Geir Helljesen godt som leiar av NRKs valsendingar frå 1971 til 2009.

I 2005 fekk Geir Helljesen NRKs pris som «Årets journalist» og han fekk heidersprisen under Gullruten 2008 for sitt mangeårige journalistiske arbeid. I 2009 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. 

Vi kan sjå fram til eit foredrag om mange interessante personar som Geir Helljesen har møtt. 

Lest 46 ganger Sist redigert tirsdag, 05 september 2017 12:55
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 19th. Designet av Ornell data