søndag, 28 mai 2017 11:47

Referat frå foredrag i Os Senioruniversitet 8. mai 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Meirfiksjon – kunsten å få folk til å høyra etter.

Trass i ein strålande maidag, hadde over 200 tilhøyrarar benka seg i Oseana for å høyra Linda Eide kåsera på det siste møtet før sommaren i Os Senioruniversitet. Dei vart ikkje skuffa! Ei sprudlande Linda Eide leverte det ho sjølv kalla for eit Kåsefori – eit nyord ho sjølv hadde laga.

Heile kåseforiet vart eit prov på korleis ein formidlar får tilhøyrarane til både å lytta og danna seg eigne bilete –  etter Linda Eide si meining ein føresetnad for å hugsa det som vert sagt.

Dei fleste kjenner vossajenta Linda Eide frå TV-program som Norske attraksjonar, Smash og no i seinare tid hennar Språkshow – eit program ho lova skulle halda fram til neste vinter. Ho er utdanna journalist, har skrive lærebok om radiojournalistikk og 6 andre bøker. Boka om mora – Mottro – som bygg på samtalar med mora gjennom 10 år, er kanskje best kjent. På spørsmål om kvifor ho kalla mora for Mottro, kom det fram at dette var ei laga vossautgåve av det austlandske mutter’n!

Eit hovudpoeng i kåseforiet, var å gje eit svar på kva som skal til for å få folk til å høyra etter? Og kva skal til for å få folk til å hugsa og ta konsekvensane av det som vert formidla, munnleg eller skriftleg? Kva skal til for å vera ein god faktaformidlar? Kva skal til for å skapa det Linda Eide kalla for meirfiksjon

Ho var sjølv så absolutt eit strålande døme på kva som skulle til for å få folk til å lytta! Gjennom forteljing og biletbruk vart tilhøyrarane gjort merksame på kva forskjell det gjer om det som blir sagt eller vist kan skapa indre bilete og kjensler hos mottakaren, eller ikkje.  Det viktigaste er ikkje det som vert sagt, vart det hevda, men det som mottakaren sjølv får som indre bilete. For Eide er tilbakemeldinga om at «eg såg det levande for meg» den beste tilbakemeldinga ho kan få på eit radiokåseri!

Ved å presentera bilete åleine, lyd åleine og bilete eller ord og lyd saman , fekk tilhøyrarane prøva seg på ulike tolkingar. Den litt ubestemmelege, metalliske lyden som slutta i eit dump, skapte først tydelege bilete då setninga «Den franske revolusjon var ein blodig sak», vart lesen samstundes med lyden! Og fotoet av familien – alle med konsentrerte blikk i ei og same retning - fortalde klart om eit altoppslukande TV-program, enda om TV-en ikkje var med på biletet!

Linda Eide har engasjert seg i personar. Ho har laga sine eigne forteljingar –  fiksjonar – ut frå det som er skapt i bileta. Interessant var det å bli gjort merksame på korleis bakgrunnsdetaljar som interiør eller landskap i eit bilete, kan fortelja meir om ein person enn om det berre vert zooma inn på sjølve personen! Dess meir konkrete ting ein ser i biletet, dess meir får fantasien høve til å jobba med, vart det sagt.

På same måte som bilete og ord kan opna for å formidla bodskap, kan dei og stenga for bodskapen. Dersom det vert nytta ord som ein ikkje ser for seg, skapar det ikkje bilete. Og tilhøyrarar kan vanskeleg leva seg inn i det som ein ikkje kan sjå for seg! Dette kan og nyttast for å skjula realitetar om det i reportasje frå skyting heiter at «det vart løyst skot» - medan realiteten var at ei dame vart skoten i magen! Eller at bombing av talibanbase vert omtala som «avlevering av våpen»! Slike omskrivingar gjer at det menneskeleg forsvinn. Diverre er  formuleringar av denne arten ofte nytta av politi og politikarar.

I mange offentlege dokument, rapportar eller vedtak kan språkbruken resultera i ei slags tåkelegging av innhaldet: turnoverintensjon som eit uttrykk for ønske om å slutta i jobben, krav om høgre volum på heimebesøk i staden for ønske om meir heimebesøk!

Kåsøren peika på at om ein ønskjer endringar, er det særs viktig å nytta språk som kan kjennast att! Berre då kan det gje resultat. Ikkje mindre viktig er det at informasjonen vert knytt til kjernevediar som set kjensler i sving som til dømes verdiane fridom/tyranni, liv/død.  Mottakarane av informasjonen må kunna danna seg sine eigne bilete – fiksjonar -  knytt opp mot det som har noko å seia for dei sjølve. Målsetting med bodskap av alle slag må alltid vera at han vert oppfatta , hugsa og gjev resultat!

Linda Eide skapte gjennom kåserforiet sitt både tankar og bilete – fiksjonar - hos tilhøyrarane. Ho sto og fram som ei dame som ikkje lett let seg målbinda. Og ho opna og for spørsmål frå salen: De kan spørja om kva som helst! Men  kanskje skapte ikkje det første spørsmålet som kom tydelege fiksjonar hos henne? Kva synest du om sykkel-VM i Bergen? Ho vart taus ei god stund, men så kom det med smell: Det vert kjekt! 

Lest 74 ganger Sist redigert søndag, 28 mai 2017 11:55
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data