mandag, 08 mai 2017 19:23

Program haustsemesteret 2017

Skrevet av Olav Søfteland
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Senioruniversitetet arrangerer 5 foredrag hausten 2017.
Til julelunsj i samband med møtet i desember er det påmelding.

Måndag 4. september kl. 11.00–13.00

Naturfotograf Erling Svendsen:

«Havets hemmeligheter – en undervannsreise langs Norskekysten»

Erling Svendsen er utdanna typograf. I tillegg til trykkerikunsten har han tileigna seg store kunnskapar om marinbiologi – marine arter og deira økologi. Han går sjeldan i vatnet eller sjøen med dykkarutstyret sitt utan at han har eit kamera med seg. Nordlege farvatn står på favorittlista hans for dykking.

Erling Svendsen vil visa bilde av dyr vi knapt visste eksisterte. Han vil fortelja om den siste praktboka om havets løyndomar langs Norskekysten. Han vil også fortelja om dei ulike miljøa og dyra som lever der. Tema som miljøvern og kor viktig det er å utnytta ressursane på ein god måte, får stor plass i foredraget. Han vil visa bilde om korleis det går når vi ikkje tar dei omsyn vi bør ta.

Måndag 2. oktober kl. 11.00–13.00

Journalist Geir Helljesen:

«Mennesker jeg møtte gjennom over 40 år i NRK»

Geir Helljesen er fødd i Bergen og er cand. philol. frå Universitetet i Bergen med statsvitskap, historie og engelsk i fagkretsen.

Geir Helljesen har vore tilsett i NRK frå 1968 til 2009. Han begynte som programsekretær i Dagsrevyen. Han utvikla seg til ein allsidig journalist og har hatt mange store intervjuoppgåver. Bl.a. har han intervjua kong Olav og pave Johannes Paul II. Han er spesialist på Nobels Fredspris. Vi kjenner også Geir Helljesen godt som leiar av NRKs valsendingar frå 1971 til 2009.

I 2005 fekk Geir Helljesen NRKs pris som «Årets journalist» og han fekk heidersprisen under Gullruten 2008 for sitt mangeårige journalistiske arbeid. I 2009 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Vi kan sjå fram til eit foredrag om mange interessante personar som Geir Helljesen har møtt.

Måndag 23. oktober kl. 11.00–13.00

Professor Jørn Øyrehagen Sunde:

Naboskap – dugnad og strid i tusen år

Jørn Øyrehagen Sunde frå Uskedalen er jurist og rettshistorikar. Han tok den juridiske doktorgraden i 2007 med ei avhandling om dansknorsk rett på 1700-talet, og vart professor ved Universitetet i Bergen same året, 35 år gammal.

Jørn Øyrehagen Sunde har skrive mange publikasjonar og er ein populær foredragshaldar. I 2013 fekk han Meltzerprisen for «sitt uvanlege talent og sin nesten umenneskelege kapasitet til formidling» av rettshistoria. Han har fleire år fått studentane sin pris for beste forelesar ved det juridiske fakultetet i Bergen. Blant dei mange tema han held foredrag om, vil han fortelja oss om Naboskap – dugnad og strid i tusen år. Det blir ei forteljing om våre gode og mindre gode sider – sikkert fortalt med god humor.

Måndag 13. november kl. 11.00–13.00

Journalist Asbjørn Kristoffersen:

Gamlingar som vekstnæring

Asbjørn Kristoffersen har vore journalist i Bergens Tidende i over 40 år. Sjølv om han no er pensjonist, er han framleis å finna som petitskribent i avisa, no med tittelen Sjuande far i huset.

Asbjørn Kristoffersen, også omtala som vår tids Vestlandsfanden og surmaga stril, er kjent for sine satiriske betraktningar om store og små aktuelle samfunnstema, til stor underhaldning for lesarane. I 2015 fekk han Gullparaplyens heiderspris, ein pris utdelt av Bergens journalistlag. Same året ga Kristoffersen ut boka Gamlingar løner seg ikkje, ei samling petitar som viser korleis Kristoffersen er dei eldre si stemme i samfunnet.

Måndag 4. desember kl. 11.00–13.00

Julemøte med lunsj (påmelding til lunsjen)

Kommunalsjef Aina Tjosås:

Os i 2040 med 40 000 innbyggjarar

I samfunnsplanen for Os kommune er det rekna med 40 000 innbyggjarar i 2040. Korleis vil kommunen vår då sjå ut? Aina Tjosås vil fortelja kva ho tenkjer om dette.

Aina Tjosås er kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommue. Ho har arbeidd med bustadspørsmål og samfunnsplanlegging i mange år og er særleg opptatt av korleis ein gjennom fysisk utforming og tilrettelegging kan gjera folks kvardag enklare og betre.

Aina Tjosås er utdanna som byggingeniør frå Høgskulen i Bergen og har seinare tatt master i stadutvikling ved Universitetet i Tromsø.

Lest 628 ganger Sist redigert mandag, 08 mai 2017 19:33
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 23rd. Designet av Ornell data