mandag, 08 mai 2017 19:11

Os Senioruniversitet hausten 2017

Skrevet av Olav Søfteland
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Os Senioruniversitet arrangerer møte med foredrag som gir fordjuping i aktuelle, historiske og lokale emne. Det krevst ingen forkunnskapar.
Alle – unge og eldre – er velkomne!

Møta blir haldne i Oseana, Oseanasalen, 10 måndagar i året,
kl. 11.00–13.00.

Hovudmodellen er foredrag med innlagt kaffipause, og med høve til spørsmål og diskusjon etterpå.
Styremedlemmene er glade for å ta imot nye idear og forslag til program.

Semesterkort for haustsemesteret 2017 kostar 300 kroner og kan kjøpast ved inngangen til møta eller ved innbetaling til bankkonto nr. 1503 61 84970 eller Vipps 93867.  Oppgi namn! Du får kortet når du kjem på møte. 

Semesterkort kan òg kjøpast i Oseana 30. og 31. august og 1. september kl. 11–13.

Enkeltbillettar, 100 kroner, kan kjøpast ved inngangen for dei som ikkje har semesterkort.

Til julelunsjen 4. desember er det påmelding.

Senioruniversitetet får praktisk hjelp frå Os kommune.
Finansieringa baserer seg for det meste på sal av semesterkort og enkeltbillettar.
Vi samarbeider med Folkeakademiet Os og Oseana som gir økonomisk støtte. Vi får også god støtte frå sponsorar.

Vi takkar alle for støtta!

www.senioruniversitetet.no

Bankkontonr.: 1503 61 84970                Vipps: 93867 

Organisasjonsnr.: 894 856 742  

Lest 494 ganger Sist redigert mandag, 08 mai 2017 19:33
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 23rd. Designet av Ornell data