torsdag, 27 april 2017 12:40

Referat frå møte i Os Senioruniversitet 20. april 2017

Skrevet av Lill-Karin Wallem
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Professor emeritus og tidlegare sekretær for Den Norske Nobelkomité Geir Lundestad heldt foredrag: Presidentvalet i USA – eit historisk val.

Tilhøyrarane hadde nok alle både sett og høyrt mykje om USA sin nyaste president før Geir Lundestad sitt foredrag i Senioruniversitetet i Os 20.april. Media har hatt rekordoppslag om  han. 25.000 oppslag på kort tid. Meir enn om nokon annan. Det daglege spørsmålet for mange har vore: Kva har han sagt i dag? Donald Trump – korleis kunne det skje at han vart USA sin 45.president? Lundestad nytta orda mest ufatteleg!

Forklaringa kan ikkje vera popularitet. Endatil på valnatta trudde alle - og han sjølv – at Hillary Clinton skulle bli vinnaren, Trump var allereie begynt å snakka om valfusk!  

Han har absolutt inga politisk erfaring. Han har snust på politikken, men vingla frå parti til parti. Han starta valkampanjen med ein tabbe – ein påstand om at Obama var fødd i Kenya, noko som synte seg å vera feil. Han kom i valkampen med bombastiske utsegner om immigrantar og utsending av 11 millionar av desse – i eit land som er bygd opp på immigrasjon. Republikanarane hadde 17 presidentkandidatar. Trump skjelte dei alle ut på Twitter – hevda m.a. at dei hadde low energy -og sto til slutt åleine att som kandidat.

Det som kanskje få skjøna, var strategien hans. Lundestad viste til at i Trump si verd er det to typar menneske; vinnarar og taparar. Og taparane har han berre forakt for! Han skjøna at mange hadde mislikt at godt vaksne, kvite, velutdanna menn hadde hatt mykje makt i USA. Han skjøna og at store grupper mislikte det nye, multikulturelle USA.  Foredragshaldaren meinte at han satsa heile valkampen  på misnøgde kvite sure , gamle mannfolk, og klarte å få tilstrekkeleg av desse – oftast utan utdanning – til å stilla opp. Han fekk og kvinner i same gruppa som tilhengjarar, også dei som han hadde fornnærma og skjelt ut på alle mogelege måtar, mellom anna 29% av dei spansktalande kvinnene. Eit mysterium!


Eit anna mysterium er korleis så mange kristenkonservative har slutta opp om Trump. Lundestad si forklaring er både medvitet om skarp skilnad mellom stat og religion, og at dei på trass av at dei mislikar livsførselen hans, let seg begeistra av at han vil ha høgsterettsdomarar som er imot fri abort.

Mange har og reagert på språket hans – eit vokabular som ein 4.klassing er det blitt hevda. Er og dette ein gjennomtenkt strategi? Trump sitt svar ville nok vera: Eg vann fram – eg vann valet!

Kva har så skjedd etter valet? Meiningsmålingane er låge, presidenten skårar lågt på popularitet. Men det ser ikkje ut til å bekymra Trump. Han har vore høg etter at han sigra: Eg vart vald! Hans perspektiv er at no er det amerikanske folket kome til makta. Samstundes har han sett saman ei regjering av superrike millionærar og generalar!

Han innrømmer aldri feil – han meiner at han sjølv har rett, enda om det motsette kan visast både gjennom tal og bilete. Og han har allereie starta valkamp for presidentvalet i 2020 – med ei gruppe som syner grenselaus beundring for han. They love me! fortel han om gruppa på rundt 20 millionar som følgjer dei daglege (eller nattlege) Twittermeldingane hans. Han er overtydd om at den jamne mann stolar på han og har ein fanatisk gruppe tilhengjarar som støttar han uansett kva han seier eller gjer.. 

Han skjeller ut og vil ikkje snakka med media, bortsett frå dei som støttar han fullt ut. Den konservative TV-kanalen Fox News har Trump som drivkraft og inspirator, og 60% av Trumps veljarar trur at Obama er muslim, av di dei har høyrt den særs konservative talkshowmannen Limbaugh hevda dette på radio!

Mannen Donald Trump er ei sak. Men kva med politikken hans? Gjennom valkampen har han i det han har hevda snudd mest opp - ned på haldningane USA har hatt felles med deira allierte i Europa og andre stader i verden. For Trump er det berre  America first! Han har skjøna lite av internasjonalt samarbeid . I hans forretningssverd er det ein part som vinn og ein part som tapar i forhandlingar. Kompromiss og samarbeid synest ukjend.

Men så ser vi at han plutseleg snur om: NATO-samarbeidet som han uttrykte stor skepsis til under valkampen, har etter hans meining no med eitt endra seg, USA vil sjølvsagt vera ein del av alliansen! Kina som han omtala som valutaøydeleggjar, blir omtala i positive vendingar etter eit fantastic meeting med statsministeren der, og det er ikkje lenger snakk om å seia opp handelsavtalen med landet. Han har omtala jødar særs negativt – no er svigersonen, jøde, hans næraste medarbeidar og rådgjevar! Og stikk imot America first – haldningane, så har han no bomba både i Syria og Afghanistan! Til no har han ført ein moderat utanrikspolitikk, men i morgon kjem kanskje ei ny melding? -  sa Lundestad!

Innanriks kjem manglande politisk erfaring tydeleg fram. Lundestad meinte at det vart eit sjokk for Trump å oppdaga at presidenten ikkje kan gjera kva han vil! Det vart og eit sjokk for han at domstolane synte til at utestenging og overvaking av muslimar var grunnlovstridig. Og at vrakinga av Obama si helseform vart nedstemt, var eit enormt nederlag for han. Han ga demokratane skulda for det.

Ei særs viktig sak i tida vidare  vert den varsla skattereforma. Eit dilemma er mellom anna lovnaden om stor satsing på betring av infrastrukturen samstundes som det er lova stor skattelette. Dette kan vanskeleg gå saman. Ulike fløyer i det republikanske partiet har ulike synspunkt her, og det vert arbeidd iherdig for å halda partiet samla. Dersom Trump ikkje får til denne reforma, meinte Lundestad at han er ille ute, og at det vil få store konsekvensar i høve til Trump sitt ønskje om attval.


Både i og etter pausen var interessa stor for å få vita meir frå Lundestad. Og han ga svar både om valsystemet i USA, om ulikskapen mellom demokratar og republikanarar, om kor stor makt presidenten har til å handla på eiga hand og om den pågåande konflikten med Nord Korea. Han åtvara mot tendensen til å sjå på politikk og system i andre land i verda ut frå norske tilhøve og norsk tenking.

Spørsmålet kom sjølvsagt og om å førespegla utviklinga for Trump vidare. Vil  han kunne stå ut valperioden? Lundestad peika på to hovudproblem; det eine i høve til saka med Russland si påverking på resultatet av presidentvalet. Men det verste problemet han kunne sjå, er Trump sin manglande vilje til å skilja mellom det offentlege vervet sitt og dei private verksemdene han har, og korleis han framleis involverer seg i desse verksemdene, sjølv om sønene i namnet har overteke.

Korleis det vil gå vidare? spurde Lundestad og ga svaret sjølv: Eg er ingen profet! Men eg vil rå til: hald sikkerhetsbelta festa!

Lest 269 ganger Sist redigert torsdag, 27 april 2017 12:59
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 19th. Designet av Ornell data