fredag, 21 april 2017 15:09

Referat frå møte i Os Senioruniversitet 3. april 2017

Skrevet av Kjell Harald Lunde
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Forleggjar og forfattar Svein Skotheim heldt foredrag om Keisar Wilhelm i Noreg. Kven var han og kvifor kom han så ofte til Noreg?


I 23 somrar vitja Keisar Wilhelm Noreg, dei fleste åra om bord i keisaryachten «Hohenzollern». Følgjet talde opp til 25 krigsskip.
Flåten var i norske farvatn ein månads tid eller vel så det. På Vangsnes står ei ruvande statue av Fridtjof den frøkne gitt av keisaren. Statuen vart høgtidleg avduka i 1913 med Keisar Wilhelm og kong Haakon til stades. Fem-ti tusen menneske hadde møtt fram for å få med seg storhendinga.

Synet på statuen har vore delt. Somme lurer på, er dette verkeleg ei helsing til Noreg, eller var det heller Wilhelm som gav seg sjølv ei gåve for å skapa myter i heimlandet. Fridtjof den frøkne minner meir om ein tysk soldat enn ein norsk viking. I ettertid har også diskusjonen gått om Fridtjof burde fjernast. Men til så lenge har Fridtjof stått støtt på sokkelen ved Sognefjorden.

Dette var noko av det som Svein Skotheim var innom då han kåserte om Keisar Wilhelm II i Os senioruniversitet sist måndag. I det to timar lange foredraget streifa han innom mange tema, gav ein del interessante svar og avliva nokre mytar om denne fargerike personen.

Svein Skotheim har skrive boka «Keiser Wilhelm i Norge» som kom ut i 2011. Det hadde aldri før vore skrive bok om norges-turane til den tyske keisaren. I to år reiste Skotheim mellom Nordkapp og Kristiansand og vitja alle stadane som Keisar Wilhelm var innom.

Gåverik

Keisar Wilhelm kom til verda i 1859. Har vart fødd med ein skade som han bar med seg resten av livet. Den venstre armen var for kort, og handa var vanskapt. Han prøvde å løyna desse skavankane som best han kunne. På nesten alle bilete held han venstre-armen diskré på ryggen. Wilhelm var eldste barnebarnet til dronning Victoria i England.

Keisar Wilhelm var ein glup mann med mange talent. Han snakka engelsk og fransk flytande, han kunne dirigera symfoniorkester lytefritt, han skreiv sjølv ein opera (rett nok eit makkverk), han var ein glitrande talar og forfatta fleire bøker. Han kunne «Fridtjofs saga» utaboks.

I 1888, berre 29 år gamal, arva han det tyske keisardømet etter faren. Han vart ingen stor regent, sa Svein Skotheim. Politikk og maktspel let han andre driva med. Han avgrensa engasjementet til å seia ja eller nei. Frå 1908 var han utan reell makt. Men keisardømet sto framleis sterkt hos folket.

Noregs-venn

Kvifor reiste Keisar Wilhelm til Norge sommar etter sommar? Berre tre somrar var han fråverande i tidsrommet frå 1889 til 1914. Han var fasinert av den storslåtte og ville norske naturen og folket som budde her i enkle kår. Nordmenn representerte den reine germanske rase. Og her kunne han spinna myter om seg sjølv. Han kunne sitja timesvis og sjå på vakker natur og tenkja. Samstundes likte han pomp og prakt og merksemd. Sommarturane til keisaren var den tids kjendisstoff som vart slått stort opp både i norsk og utanlandsk presse, jamvel i japanske aviser.

Folk langs kysten var oppglødde. Det florerer mange historier frå desse åra. Mange er gode, men ikkje alle er sanne. Han delte gjerne om seg med gåver. Det kunne vera sverd, klokker og slipsnåler som i dag er familieklenodium i mange heimar. Gudstenestene på dekk kvar sundag med skriftlesing og åndelege tonar skapte ein eigen stemning i dei norske fjordane. Dette tykte folk om.

Ålesundarane set Keisar Wilhelm spesielt høgt, fortalde Svein Skotheim. Grunnen er Ålesundsbrannen i 1904. Åtte-titusen menneske vart huslause. Berre 30 timar etter at brannen starta, kom tyske krigsskip inn på hamna lasta med medisinar, ullteppe og anna hjelp etter ordre frå keisaren.

Kong Haakon og dronning Maud hadde eit kjølig, men korrekt forhold til Keisar Wilhelm og det tyske keisardømet; det botnar i grunnhaldningar dei hadde med seg frå sine eigne heimland Danmark og England. Keisar Wilhelm og dronning Maud var syskenbarn – begge var barnebarn av dronning Victoria.

Keisarblod i årene?

Det har i alle år vore spekulert i om Keisar Wilhelm har etterkomarar her til lands. Det finst ei rekke påstandar om at det er tilfelle. Då Svein Skotheim skreiv boka, fekk han ein forskar til å gå gjennom kyrkjebøkene på alle stadane der Keisar Wilhelm gav seg landlov. Konklusjon: Det er ikkje dokumentert etterkommarar etter den tyske keisaren.

Keisar Wilhelm var i Balestrand då Austerrike-Ungarn kom med ultimatum til Serbia 23. juli 1914. Då var det klart for alle at krigen ikkje var til å unngå. To dagar seinare måtte Keisar Wilhelm avbryta norgesturen og setja kursen mot Tyskland. I november 1918 abdiserte han, fekk politisk asyl i Nederland og levde resten av livet der. Han kom aldri tilbake til Norge.

Det har vore hevda at Keisar Wilhelm var årsaka til den 1. verdskrigen. Historikarar i dag avviser dette, seier Svein Skotheim. Keisaren let seg heller ikkje bruka av nazistane då dei fekk makta i Tyskland. For Norge spelte han truleg ei politisk rolle i 1905. Kontakten med svenskekongen kan ha vore med å hindra at det vart ein væpna konflikt.

Keisar Wilhelm døydde i 1941.

Lest 266 ganger Sist redigert fredag, 21 april 2017 15:21
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 19th. Designet av Ornell data