onsdag, 07 desember 2016 13:17

Program vårsemester 2017

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

I vårsemesteret 2017 arrangerer Os Senioruniversitet 5 foredrag og ein tur til Hardanger i juni.

Måndag 9. januar kl. 11.00–13.00

Professor emeritus og tidlegare sekretær for Den Norske Nobelkomité Geir Lundestad:
Det historiske ved presidentvalget i USA i 2016

Geir Lundestad kjenner vi vel best som direktør for Det Norske Nobelinstitutt og sekretær for Den Norske Nobelkomité i 25 år frå 1990. Han har derfor vore ein sentral person i arbeidet med å finna fram til kandidatar for Nobels fredspris.

Geir Lundestad utdanna ved Universitetet i Oslo med historie som hovudfag. Han har doktorgrad i historie frå Universitetet i Tromsø der han har vore professor i amerikakunnskap og historie. Han har deltatt i forskningsprosjekt ved Harvard University og Woodrow Wilson Center i USA. Med amerikakunnskap som spesialområde er Geir Lundestad ein svært aktuell foredragshaldar like etter ein svært spesiell valkamp og 11 dagar før Donald Trump skal ta til med si presidentgjerning i USA.


Måndag 6. februar

Del 1 kl. 11.00–12.00

Professor emeritus Ingvard Wilhelmsen:
Sjef i eget liv. Hvordan kan vi best mulig takle all verdens press, stress og omstillinger

Endeleg kjem han – hypokonderlegen! Styret i Os Senioruniversitet arbeidde i fleire av dei første åra for å få Ingvard Wilhelmsen som foredragshaldar. Han er også foreslått som foredragshaldar av fleire av dei som går i  Senioruniversitetet.

Ingvard Wilhelmsen, spesialist i indremedisin, fordøyelsessjukdomar og psykiatri, har vore overlege ved Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus. Frå 1995 dreiv han Noregs einaste klinikk for hypokondrar ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen. Wilhelmsen er mykje brukt som foredragshaldar i faglege og andre fora. Han meiner at det meste her i livet kan vi ikkje gjera noko med. Men korleis vi forheld oss til det som skjer, bestemmer vi sjølve. Han vil derfor fokusera på folks haldningar.

Del 2 kl.12.20–13.00

Årsmøte i Os Senioruniversitet


Mån
dag 6. mars kl.11.00–13.00

Professor emeritus Yngve Kristoffersen:
En vinter i skruisen i Polhavet – vitenskap på drivisens premisser

Etter at han var blitt pensjonist og 72 år har Yngve Kristoffersen følgt opp Nansen (Fram 1893–96) og Amundsen (Maud 1918–25) sine vitskapelege forskingstokt ved å opphalda seg i Polhavet i eitt år.

Yngve Kristoffersen er utdanna ved Universitetet i Oslo og har doktorgrad frå Colombia University i New York. Han har arbeidd ved Norsk Polarinstitutt og var frå 1984 professor ved Jordskjelvstasjonen ved Universitetet i Bergen. Han har vore pionéren i norske maringeologiske undersøkingar både i Antarktis og Arktis, men det langsiktige målet å få Noreg på banen i utforskinga av Polhavet, vart ikkje nådd før han var komen tre år inn pensjonisttilveret.

Fram som Nansen brukte, var eit spesialfartøy som skulle motstå iskreftene. Framekspedisjonen 2014–2015 118 år seinare brukte eit fartøy som kunne sveva over isen. Yngve Kristoffersen vil fortelja om korleis det er å bu i drivisen i eitt år for å samla vitskaplege data frå atmosfæren, havet og havbotn.

 

Måndag 3. april kl. 11.00–13.00

Forleggjar og forfattar Svein Skotheim:
Keisar Wilhelm i Noreg. Kven var han og kvifor kom han så ofte til Noreg?

Keisar Wilhelm II av Tyskland (1859–1941) vitja Noreg til saman 22 somrar frå 1889 til 1914. Han sigla med keisaryachten «Hohenzollern», gjerne saman med ein stor flåte tyske krigsskip. Første turen vitja han Norheimsund og Hardanger. Seinare reiste han langs heile kysten – til små og store stader, fjordar og fjell like til Nordkapp.

Svein Skotheim som no bur i Os, har reist i keisaren sine fotspor og samla historier og dokumentasjon frå reisene, og han har skrive boka «Keiser Wilhelm i Norge». Han har også henta informasjon frå andre land. Skotheim vil gi oss eit illustrert foredrag som tar utgangspunkt i boka hans.

Svein Skotheim er pensjonert forleggjar og forfattar, tidlegare redaktør og utgivar av magasinet «Vi over 60» og forfattar av fleire bøker. Partisekretær i SF/SV på 1970-talet.

Måndag 8. mai kl. 11.00–13.00

Journalist og forfattar – ein faktaformidlar Linda Eide:
Meirfiksjon – eit foredrag om engasjerande formidling

Linda Eide frå Voss kjenner vi godt frå mange interessante, engasjerande og morosame tv-program. Ho er utdanna journalist og har arbeidd i NRK sidan 1990 som reporter og programleiar i radio og fjernsyn. Ho har skrive lærebok i radiojournalistikk og har gitt ut seks bøker i ulike sjangrar, bl.a. Oppdrag Mottro – jakta på gamle dagar som ho fekk Melsomprisen for. Linda Eide er ansvarleg for idé, manus og programleiing for seriane Norsk attraksjon (2007–2012) og SMÆSJ (2015), og kallar seg bl.a. faktaformidlar. Ho har vunne fleire prisar for journalistikken og forteljingane sine. Målet hennar med formidling er at bodskapen skal bli oppfatta, hugsa og gi resultat. Ho vil få publikum til å leva seg inn i det som blir formidla. Dette kallar ho meirfiksjon som ho vil utdjupa på ein illustrerande og underhaldande måte. Vi kan sjå fram til eit tankevekkande og underhaldande foredrag med lyd og bilde, opplesing og forteljing.

Måndag 12. juni

Sommartur til Hardanger.

Omvising med film på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Vi får sjå handverkarar i arbeid på Noregs einaste aktive reiparbane, i båtbyggingsvekstaden, i smia og i restaureringsarbeid.

Lunsj i Gamlastovo gardsretaurant ved Fyksesund. Gamlastovo (www.gamlastovo.no) er ein fin tømmerbygning frå 1810 som serverer heimelaga og lokal mat. Konsert med hardingfele.

 

Lest 967 ganger Sist redigert onsdag, 07 desember 2016 14:21
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 19th. Designet av Ornell data