torsdag, 19 mai 2016 20:03

Program haustsemesteret 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Måndag 5. september kl. 11.00–13.00 

Tidlegare ressursdirektør i Oljedirektoratet Farouk Al-Kasim:

Norsk olje-eventyr

Farouk Al-Kasim er fødd i 1934 i Irak og er utdanna som geolog ved London University. I London møtte han si norske kone. Dei busette seg først i Irak der Al-Kasim arbeidde som geolog,  og kom til Noreg i 1968. Al-Kasim fekk same året arbeid på det nye Oljekontoret i Industridepartementet som den tredje oljebyråkraten.  I 1969 fann Phillips Petroleum olje på Ekofisk. Farouk Al-Kasim vart ressursdirektør i Oljedirektoratet då det vart oppretta i 1972. Med si erfaring frå oljelandet Irak og internasjonal oljeverksemnd, vart han svært viktig for norske styresmakter i arbeidet med ressursforvaltninga på norsk sokkel. Ved læring av erfaringar frå etablerte oljenasjonar, var han med og skapte den norske modellen som vart særs vellukka.

Sidan 1990 har Farouk Al-Kasim arbeidd som sjølvstendig konsulent i petroleumsbransjen. Han skreiv det første utkastet til ny oljelov for Irak etter USAs invasjon i 2003. I 2012 vart Al-Kasim utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Måndag 3. oktober kl. 11.00–13.00

Forfattar og naturfotograf Jarle Helgheim:

Vandring i Nikolai Astrup sitt rike 

Jarle Helgheim frå Jølster er utdanna geofysikar ved Universitetet i Oslo, og har interesserer og er aktiv på mange andre felt. Han har vore breførar på Jostedalsbreen i ein mannsalder og er ein ivrig fjellmann og naturfotograf. I 2000 gav han ut boka Jølster. Bygda ogbreen,og i 2015 fekk han Jølster kommune sin kulturpris. Jølster var også heimkommunen til Nikolai Astrup som var ein av dei viktigaste bildekunstnarane omkring 1900. Bilda hans er særprega og har som oftast motiv frå heimbygda. Som heimehøyrande i Jølster og kulturinteressert, er Jarle Helgheim også oppteken av Nikolai Astrup og hans kunst. Jarle Helgheim vil gi oss ei innføring i Nikolai Astrup sitt liv og virke i hans heimlege rike, Jølster, slik bygdefolket opplevde han. Han vil vidare gi ein audiovisuell presentasjon av bygda og kunstnaren – ei vandring i Astrup sitt rike.

Måndag 17. oktober kl.11.00–13.00
Medieingeniør og teknologirådgivar Eirik Solheim:

Nyttige duppeditter

Eirik Solheim er utdanna medieingeniør frå Universitetet i Stavanger. Han arbeider som strategisk rådgivar, redaktør og prosjektleiar i NRK. Han er ofte brukt som teknologikommentator i radio og på TV. Han har fast teknologipost i nitimen kvar tysdag. Solheim er ein ettertrakta foredragshaldar både i inn- og utland. Han held foredrag om teknologi, sosiale medium, innovasjon, presentasjonsteknikk og framtidsanalyse.

Eirik Solheim vil hjelpa oss å forstå dei siste trendane. Kva er det nyaste nye? Kva er nyttig? Kva er fullstendig unyttig? Han vil forklara omgrep og fenomen, visa inspirerande eksempel på bruk av teknologi og forklara korleis han nådde ut til titals millionar med sine eigne videoklipp. Han vil læra oss om alt frå 3D-printing til virtuell røyndom, bruk av kamera, mobiltelefonar og elektronikk. Er vi heldige får han med seg ein liten drone gjennom sikkerheitskontrollen.

Måndag 14. november kl. 11.00–13.00 

Tidlegare direktør for Bergens Sjøfartsmuseum Atle Thowsen: 

Fra Solstrand til Soria Moria – hotellinvestoren Chr. Michelsen

Atle Thowsen er historikar og var direktør for Bergens Sjøfartsmuseum frå 1993 til 2011. Som historikar har Thowsen publisert mange bøker og artiklar. Han er i ferd med å avslutta arbeidet med ei ny bok om statsministeren og skipsreiaren Christian Michelsen som bl.a. bygde Solstrand Hotell i 1896. Atle Thowsen vil gi oss eit interessant innblikk i ein del av Os si lokalhistorie.

Måndag 5. desember kl. 11.00–13.00 

Julemøte med lunsj (påmelding)

Forfattar og filmskapar Lisbeth Dreyer:

Den usynlege fotografen – historia om fotopionérenKnud Knudsen (foredrag og film)

Dei fleste har sett bilde som er tatt av fotopionéren KnudKnudsen (1832–1915), men lite har vore kjent omfotografen sjølve. Han var den første fotografen som reiste over heile landet og tok bilde, og arkivet etter han utgjer ei av Noregs viktigaste fotosamlingar. I tillegg til reisinga veksla ham mellom å driva fotoforretning i Bergen og å vera fruktdyrkar på heimegarden Tokheim i Odda.

Forfattar Lisbeth Dreyer og filmskapar Skule Eriksen har fordjupa seg i Knudsens fotosamling og ein bunke tidlegare ukjende brev som dei fann på eit loft. Gjennom boka Knud Knudsens albumog filmen Album har dei framkalla både livet til Knud Knudsen og tida han levde i. Dei fortel om arbeidet med boka og filmen, og vi får sjå den 35 min lange dokumentarfilmen.

Skule Eriksen har arbeidd med dokumentarfilm i over 30 år og har mottatt ei rekke internasjonale prisar. Lisbeth Dreyer er opphavleg filmskapar, men har dei seinare åra konsentrert seg om å skriva bøker. Ho har gitt ut ei rekke illustrerte barnebøker og bildebaserte bøker for vaksne.

Lest 1269 ganger Sist redigert mandag, 16 januar 2017 13:45
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data