lørdag, 12 desember 2015 22:18

Program vårsemester 2016

Skrevet av Olav Søfteland
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Måndag 11. januar kl. 11.00–13.00 i Vargasalen

Husdoktor og fjellbonde Geirr Vetti:

Om kjærleiken for gamle hus og sherpaene «hans» frå Nepal

Geirr Vetti var ein gong modellsnikkar hos Bahus Møbelfabrikk på Os. Men han er nok mest kjent som fjellbonden som kallar seg husdoktor, og som har henta sherpaer frå Nepal.

Geirr Vetti kjøpte fjellgarden Skåri i Luster for å restaurera han. Han forstod snart at han trong arbeidshjelp og fann fram til Nepal og sherpaene, som etter Vetti si meining er den sterkaste folkegruppa i verda. Sherpaene har òg vore sterkt involvert i mange andre oppdrag, bl.a. oppgradering av vegen til Preikestolen i Rogaland, utbetring av Stoltzekleiven i Bergen, betre «veg»til Romsdalseggen, til Kjerag og til Storseterfossen i Geiranger.

Geir Vetti vi fortelja om sin unike kjærleik til gamle hus og om hjelpa frå sherpaene. Han har vore med i tv-progammet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har vore gjest hos Anne Lindmo i tv-programmet hennar. Han har fått fleire prisar: Luster kommunes kulturpris, Ragnhild og Claus Helbergs minnepris og Riksantikvarens kulturminnepris.

 

Måndag 1. februar i Vargasalen

Del 1 kl. 11.00–12.00

Danse- og dramalærar Patricia Langeland:

Flyktning frå Chile – Ein tragedie og eit mirakel

Patricia Langeland som er busett i Os, er flyktning frå diktaturet som var i Chile, og har ei interessant og gripande historie å fortelja. 18 år gammal var ho aktiv i studentpolitikken i Santiago og arbeidde imot diktaturet til Augusto Pinochet. Kjærasten hennar, ein ung lege som ho venta barn saman med, vart drepen under tortur. Patricia merka at ho var halden under oppsikt, og ho var redd for å bli arrestert. Aleinemora søkte om politisk asyl i Australia og Canada, men fekk avslag. I den norske ambassaden i Santiago fekk ho hjelp. Ho fekk status som FN-flyktning og kom til Noreg. På folkehøgskulen på Brandbu møtte ho Vidar Langeland som var lærar i norsk. Dei vart kjærestar og flytta til Os. Her har kulturskulen vore heldig å få Patricia til danse- og dramalærar.

Del 2 kl. 12.20–13.00

Årsmøte i Os Senioruniversitet

 

Måndag 7. mars kl.11.00–13.00 i Oseanasalen

Professor emeritus Jan Raa:

Utvikling av høyteknologisk bioindustri: Et spill av tilfeldigheter

Jan Raa vil gi oss innsyn i korleis kunnskap i biologi og økologi kan nyttast i utforming av bioteknologiske prosessar, korleis eigne observasjonar frå kålåkeren var starten på forsking som enda med medisinske produkt, og korleis enzym frå reketarm vart ein av dei viktigaste komponentane i moderne gen-teknologiske analysar. Jan Raa vil òg  fortelja om arbeidet han no driv på eit heilt nytt felt i medisinen: Overføring av bakteriar frå frisk tarm til behandling av alvorlege tarmsjukdomar. Kunnskap frå kålåkeren viste seg å vera viktig på dette feltet òg.  

Jan Raa har vore professor  ved Universitetet i Tromsø, leiar for Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt m.m. Han har vore gründer for fleire bedrifter i inn- og utland. Han har mottatt utmerkingar og prisar for oppfinningar, nye produkt og industriell nyskaping. Han er Kommandør av St. Olavs orden. Jan Raa har vore grønsakdyrkar i Fana, og i heile studietida selde han eigenproduserte varer på torget i Bergen.

 

 

 

Måndag 4. april kl. 11.00–13.00 i Oseanasalen

Skøytetrenar Jarle Pedersen og skøyteløpar Sverre Lunde Pedersen:

Skøytesporten i går, i dag og i morgen

Noregs beste skøyteløpar som også er ein av dei fremste i verda, Sverre Lunde Pedersen, er frå Os og representerer Fana idrettslag. Far hans, Jarle Pedersen, har også vore god skøyteløpar. Han vart nr. 6 på 500 meter under OL i Lake Placid i 1980. Jarle som driv som fysioterapeut på Osøyro, har vore trenar og er no rådgjevar for skøyteløparane i Fana, og han har vore norsk landslagstrenar.

Skøytesporten har utvikla seg mykje frå den gongen dagens seniorar frå Os gjekk på skeiser på Banktjørna, Ulvenvatnet og Vindalsvatnet, til at det langt på veg er blitt ein innandørsidrett. Jarle og Sverre vil fortelja oss litt om denne utviklinga, kva som krevst for å bli ein toppidrettsutøvar i dag og om livet som skøyteløparar i verdsklasse.

 

 

Måndag 2. mai kl. 11.00–13.00 i Oseanasalen

Mari Lyssand:

Nils Tveit – Ordførar i 24 år, stortingsrepresentant, forfattar av Os-soga og Os-songen, og mykje meir

Nils Tveit (1876–1949), rosemålar og gardbrukar frå Hegglandsdalen, var ein særs aktiv mann som har betydd mykje både for Osbygda og landet elles. Han var ordførar i Os i 24 år frå 1916 til han vart avsett i 1940, og i 1945. Nils Tveit var vararepresentant til Stortinget for Venstre frå 1922 og fast representant frå 1945 til han døydde i 1949. Han hadde svært mange offentlege verv og verv i ymse organisasjonar. Nils Tveit skreiv Os-soga og Os-songen. 

Mari Lyssand er kjent som ein god formidlar, og vil fortelja om denne gåverike og arbeidsame mannen og alt han fekk gjort.

 

Måndag 6. juni

Sommartur til Salhus og Nordhordland

Omvisingi Trikotasjemuséet i Salhus og hos Statoil på Mongstad. Lunsj på Westland Hotell.

Påmelding.

 

Lest 2284 ganger Sist redigert mandag, 16 januar 2017 13:43
Mer i denne kategorien Program haustsemesteret 2016 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data